Tettstadutviklingsprosjektet – Rapportane er klare

Sunnfjord Utvikling  har saman med PwC kartlagt og analysert fem av tettstadane i nye Sunnfjord kommune; Skei, Vassenden, Sande, Bygstad og Naustdal. Rapportane frå prosjektet er no publisert.

Målet med prosjektet har vore å utforme tiltak for kvar av tettstadane slik at tettstadane bidreg til at regionen blir ein meir attraktiv bu- og arbeidsregion. Utviklinga i samfunnet og ny kommunestruktur medfører at Sunnfjord er i endring og dei gamle kommunesentra og tettstadane vil få nye roller og funksjonar.

Rapportane finn du her. Dersom du er interessert i å sjå kva tiltak som er foreslått for vidare utvikling, finn du dette i kvar enkelt tettstadrapport. Forslag til vegen vidare kjem fram frå side 100 i samla rapport. Politikarane har fått presentert forslaga, og skal ta prosjektet vidare. Dette gjeld organisering av arbeidet, og finansiering av tiltaka.

Samla rapport

Naustdal

Skei

Vassenden

Sande

Bygstad

I prosjektet har det vore viktig å involvere innbyggjarane i tettstadane for å få eit best mogleg bilete av no- situasjonen, trendar og framtidsplanar. Det er gjort intervju med ei gruppe på fem personar frå kvar av tettstadane, samt gjennomført folkemøter på kvar tettstad.

Analysearbeidet og samtalane med representantar frå kvar tettstad er utført hausten 2017, folkemøta er gjennomført i januar/februar 2018.  I rapportane er det konkrete forslag til utviklingsprosjekt for kvar tettstad. Samt til organisering og finansiering av vidare utviklingsarbeid.

Tettstadutviklingsprosjektet inngår i arbeidet med å etablere ein ny kommune i Sunnfjord, og arbeidet er utført i tett dialog med den politiske prosjektgruppa for framtidas lokaldemokrati og er forankra i Fellesnemnda.

Oppslag i Firda 20. mars 2018:

https://www.firda.no/nyheiter/sunnfjord/kommunereform/vil-ha-fem-nye-stillingar-for-engasjerte-folk-som-kjenner-tettstadane-godt/s/5-15-555612