– Det å kunne bidra til vekst og verdiskaping var årsaka til at eg gjekk inn i politikken, så dette er eit naturlig neste steg, seier Gunhild Berge Stang.

Berge Stang fasar ut dei fleste av dei politiske verva framover og tek over som dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling 1. oktober. Bente Hauge fortset som konstituert dagleg leiar fram til Berge Stang er på plass.

Flyttar heim
– Det har vore utruleg spennande og givande å jobbe i Oslo og i Kulturdepartementet, men med små born på heimebane har eg heile tida vore klar på ovanfor familien at det skulle være eit tidsmessig avgrensa prosjekt. Både det politiske engasjementet mitt og det at eg takka ja til denne jobben, botnar i at eg alltid har brent for å vere med på å bygge arbeidsplasser og vekst i regionen.

Gunhild Berge Stang gler seg til å ta fatt på oppgåvene i Sunnfjord Utvikling. Foto: Lindsey Bundschuh

Søker fritak frå fylkespolitikken
For å kunne jobbe effektivt med utvikling i Sunnfjord og oppnå tverrpolitisk tillit, søker Berge Stang fritak frå fylkespolitikken.

– Det kjennes ryddigare slik, eg vil at det ikkje skal vere nokon tvil om at eg jobbar for og med næringsutvikling i kommunen. Og dette er som sagt noko eg verkeleg brenn for – i dei mange rollene mine i politikken opp igjennom åra har det vore ekstra givande å kunne bidra til å skape vekst i distrikta. Mellom anna har eg jobba for utflytting av statlege arbeidsplassar til regionane, og med regionale flyplass- og vegprosjekt.

Brubyggjar mellom privat og offentleg sektor
Styreleiar John Helge Lunde er veldig glad for at Gunhild Berge Strand har takka ja til å bli dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling.

– Dette er ein svært viktig jobb som har som hovudoppgåve å bidra til god utvikling i samfunnet vårt og til godt samspel mellom privat og offentleg sektor. Dagleg leiar skal også sikre at Sunnfjord Utvikling i sitt arbeid har ein passeleg balanse mellom å arbeide med dagsaktuelle saker på den eine sida og å påverke dei langsiktige moglegheitene/truslane for

vår region på den andre sida.

Med Gunhild Berge Stang sin bakgrunn som statssekretær, tidlegare ordførar i Fjaler med eit sterkt fokus på næringsutvikling, lang erfaring frå offentleg sektor og ikkje minst hennar personlege eigenskapar, er Lunde trygg på at styret har funne den rette daglege leiaren for Sunnfjord Utvikling framover.

Gler seg til å bidra til ytterlegare vekst
Gunhild Berge Stang ser fram til å ta fatt på oppgåva.

– Sunnfjord er sterke på utvikling av arbeidsplassar, og det er mange verdiskapande initiativ i regionen. Eg gler meg verkeleg til å komme i gang og jobbe for å få til ytterlegare vekst i tida framover.

Sunnfjord kommune er tildelt 2.027.239 kroner til kommunal kompensasjonsordning, bevilga av Stortinget. Målet med ordninga er å hjelpe lokalt næringsliv som er særleg hardt ramma av smitteverntiltak, og som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Sunnfjord kommune har delegert til Sunnfjord Utvikling å forvalte tilskotet. Fordeling og framdrift er basert på mål og føringar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Med atterhald om godkjenning i Sunnfjord kommunestyre 25. mars 2021 vert fordelinga slik:

Kven og kva kan det gjevast tilskot til:
Midlane skal brukast på tiltak for lokale verksemder, etablerarar og andre næringsaktørar som:

  • heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane
  • har kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging

Ordninga skal ikkje avgrensast til å gjelde spesielle bedrifter eller bransjar, men følgjande verksemder skal særleg prioriterast:

  • Reiseliv, arrangement og serveringsstader. Ref innspel frå NHO Reiseliv om å særleg prioritere reiselivsbedrifter som av ulike grunnar ikkje kan vise til ein reell omsetningssvikt. Samt til serveringsstader som vart ramma av skjenkestopp.
  • Destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet. Ref innspel frå NHO Reiseliv om å kompensere for medlemskontingent på 2019-nivå
  • Tilskot til autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

Storleik på tilskotet:
Tilskotet skal ikkje overstige 75% av kostnadene/tapet det vert søkt om kompensasjon for. Det vert sett ei øvre beløpsgrense på kr 200.000 per bedrift. Det vert lagt til grunn at tilskotet kan gjevast i tråd med regelverket for offentleg støtte.

Krav til søkarane:

  • Verksemda må ha forretningsadresse i Sunnfjord kommune
  • Verksemda må ha tilsette eller ha innleige av personell frå same konsern
  • Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/tvungen avvikling
  • Opplyse om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021
  • Grunngje årsaka til at verksemda har falle heilt eller delvis utanfor den generelle kompensasjonsordninga

Søknadsfrist:
Det vert sett frist til 1. mai 2021.
Dersom det er midlar att etter denne runden vil det bli lyst ut ei ny runde med søknadsfrist 1. juni 2021.

Søknadsportal og forholdet til regelverket:
Søknad om tilskot skal registrerast i søknadsskjema på regionalforvaltning.no. Ordninga er lyst ut som eit eige kommunalt næringsfond med tittel «Kommunal kompensasjonsordning Sunnfjord kommune».

Tilskot til verksemder må vere i samsvar med regelverket for offentleg støtte.

For meir informasjon kontakt:
Rådgjevar Tuva Eide                                  tuva.eide@sunnfjord.no            90 27 58 69
Konst. dagleg leiar Bente Hauge         bente.hauge@sunnfjord.no     95 26 13 59

Den regionale planen Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling er ute på høyring med frist 26. mars 2021.

I samarbeid med Vestland fylkeskommune inviterer Campus Verftet til digitalt høyringsmøte for Regional plan for innovasjon og næringsutvikling den 15. mars kl.10.00-14.00.

Den regionale planen skal sette retning for arbeidet med innovasjon og næringsutvikling i Vestland.

På grunn av koronasituasjonen vert møtet gjennomført digitalt og lenke vert sendt ut til påmeldte. Innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar, tilsette i kommunar, politikarar og næringslivet er velkomne til deltaking.

På møtet kjem de til å få ein presentasjon av planen, moglegheit til å kome med munnlege innspel og stille spørsmål.

Her kan du finne meir informasjon om høyringa, og her finn du påmeldingsskjema.