Førde, Jølster, Naustdal og Gaular

Retningslinjer for næringsfondet i Sunnfjord Kommune

Næringsfondet skal nyttast til tiltak som fremjar næringsutviklingsarbeidet i kommunen, og då i første omgang til tilrettelegging og støtte til nyetableringer og dei minste bedriftene. Det kan også nyttast til forstudie og forprosjekt, utvikling av nye forretningsområde og lokalbaserte prosjekt i større bedrifter.
Innovasjon Noreg sin informasjon om distriktsutviklingstilskot vil i hovudsak også vere gjeldande for det kommunale næringsfondet.

For spørsmål og rettleiing ta kontakt med Sigrid Eikeland

Stønadstypar

Tilskotstype

Kostnadsgrense

Maks støtte

Bedriftsutvikling

Det kan søkjast om støtte til mellom anna planlegging, produktutvikling, marknadsavklaringar, konsulenttenester og opplæring/kompetanseheving.

200.000,-Inntil 50% (100 000 kr)

Investering

Det kan søkjast om støtte til investeringar til utstyr og maskiner. Det blir ikkje gitt stønad til oppføring av bygg. Det blir ikkje gitt støtte til rehabilitering, utviding, oppussing, ombygging eller oppgradering av eksisterande bygg.

Det er ikkje sett spesielle kapitalgrenser for slike saker. Inntil 30%

Tiltaksarbeid og kunnskapsretta infrastruktur

Det kan søkjast om støtte til mellom anna regionalt samarbeid, etableraropplæring, samarbeid skule/næringsliv og lokale utgreiingar/analyser.
Bedriftsfinansieringssaker som ligg over grensene for kapitalbehov skal sendast til Innovasjon Norge (IN) dersom dei ligg innanfor IN sine prioriterte satsingsområde.
Kommunar kan ikkje nytte midlar frå næringsfondet til drifts- og forvaltningsoppgåver.

Det er ikkje sett spesielle kapitalgrenser for slike saker. Det er ikkje sett spesielle kapitalgrenser for slike saker.

Arrangement / Festivalar

Her gjeld reglane om at ein kan støtte prosjekt og tiltak som er:
– Tidsavgrensa
– Har fokus på utprøving, initiering og oppstart
– Har organisering, kostnader og finansiering direkte tilknytt prosjektet/tiltakets føremål
– Skal lede fram til eit bestemt resultat.

Stønadsvilkår og prioritering

  • Kvinner, ungdom og innvandrarar er ei prioritert målgruppe ved tildeling av midlar frå kommunale næringsfond.
  • Kunnskapsintensiv og kreativ verksemd er prioriterte satsingsområde.
  • Det er eit krav at tilskot frå næringsfondet skal ha ein utløysande effekt og at tiltaket ikkje skal vere sett i gong før søknaden er handsama. Tilskot skal bidra til at prosjekt som elles ikkje ville ha blitt gjennomført vert realisert. Det er ikkje tilstrekkeleg at tilskotet skal oppretthalde eit tilbod.
  • Prosjekt for nyetableringar der støtte er avgjerande for realisering har høg prioritet. Det same gjeld prosjekt som har klart utviklingsarta preg. Desse blir prioritert framfor prosjekt som vedlikehald og utskifting av eksisterande etableringar.
  • Prosjekt for produksjon eller som legg til rette for tenester som vi i dag må ut av Sunnfjord for å finne, har høgast prioritet i næringsplanen. Det samme har prosjekt som medfører større aktivitet av tilreisande til Sunnfjord.
  • Søkjar bør vere busett i søkjarkommune og verksemda skal vere registrert i den kommunen som ein søkjer stønad frå.
  • Det blir ikkje gitt stønad frå næringsfondet til bygg, gjeldssanering og driftstilskot til verksemder. Ein kan heller ikkje få stønad dersom dette medfører konkurransevriding mellom verksemder innan same kommune.
  • Det blir ikkje gitt stønad frå næringsfondet opp mot samfinansiering med andre offentlege instansar.
  • Stønad frå det kommunale næringsfondet blir gitt i form av tilskot og ikkje som lån.
  • Prosjekt tilknytt primærnæringane eller offentleg verksemd, investeringar i mobile driftsmidlar, grunnlagsinvesteringar, tomter, bustader, leasingfinansierte objekt, varekjøp, pallar, brakker og prosjekt som kan føre til vriding av konkurranse i høve til andre som har om lag same tilbodet, blir ikkje støtta av kommunalt næringsfond under bedriftsretta verkemidlar.

Korleis søke?

Du må søke elektronisk via nettstaden www.regionalforvaltning.no

Slik sender du inn søknad:
1. Gå inn på nettstaden www.regionalforvaltning.no
2. Trykk på «Registrering». Lag et brukernamn og et passord
3. Trykk på «Ny søknad»
4. Vel fylke «Vestland»
5. Vel støtteordning «Kommunalt næringsfond for Sunnfjord»
6. Skriv inn ein beskrivande «Søknadstittel»
7. Trykk på «Opprett ny søknad»
8. Fyll ut alle felt. Hugs å trykke på «Lagre og neste» mellom kvar gong.
9. Last opp relevante vedlegg.
10. Hugs å trykke på «Send inn søknad» når du er ferdig med søknaden.

Dersom søknadssummen er over kr. 50.000,- må saka opp i styret for næringsfondet.

Søknadsfristar 2024

Søknadsfrist

Dato for handsaming

Januar

22. januar5. februar

Mars

18. mars3. april

April

29. april13. mai