Sunnfjord Utvikling

Om oss

Sunnfjord Utvikling AS er nærings- og tiltaksapparatet til næringslivet og Sunnfjord kommune.

Føremålet vårt er enkelt sagt å bidra til utvikling i Sunnfjord. Vi skal hjelpe nye etablerarar, og vi skal leggje til rette for at eksisterande næringsliv kan utvikle seg vidare og eventuelt skape ny aktivitet. Knoppskyting er viktig, særleg i distrikta, og det skjer som regel i etablerte og kreative næringsmiljø eller selskap. Sunnfjord Utvikling har som mål å vere ein tilretteleggjar med god oversikt over kva som skjer i heile Sogn og Fjordane, på tvers av kommunegrensene. Vi har eit nettverk som næringslivet kan bruke i sitt utviklingsarbeid.

Selskapet er eigd av Sunnfjord kommune samt næringslivet i området. Styret er samansett av representantar frå kommunen, samt tre representantar frå næringslivet.

Berekraft – dette er vår ambisjon!
Det går godt i næringsliv og offentleg sektor i Sunnfjord kommune. Næringslivet har auka etterspurnad og betre resultat, samstundes som vi har fått mange nye lovande grunderverksemder. Offentleg sektor får fleire statlege arbeidsplassar og mange store offentlege investeringar er under gjennomføring eller planlegging.

Det grøne skiftet og klimaendringar skapar moglegheiter for oss gjennom ressursgrunnlaget i regionen. Samstundes vil det skape begrensningar og nye rapporteringskrav som vil føre til omstilling for både næringsliv og offentleg sektor. Demografiske endringar og urbanisering fører til utfordringar med at det vert fleire eldre i Sunnfjord og at verksemdene får rekrutteringsutfordringar. Dette vil vi vere med å løyse.

Berekraftsmåla er ikkje berre verda sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Dei er vårt kompass i vårt samfunnsoppdrag. Skal vi lukkast, krev det haldningsendringar, kunnskap og omstilling. Vi kjem til å rapportere årleg på vårt berekraftsansvar, første gong for 2022.

Smilande dagleg leiar i SUnnfjord Utvikling Gunhild Berge Stang

Liste med prioriterte berekraftsmål for Sunnfjord Utvikling

Les meir om kva Sunnfjord Utvikling meiner om berekraft

Styret

John Helge Lunde (styreleiar)
Olve Grotle (nestleiar)
Rolf Sanne-Gundersen
Jenny Følling
Atle Hamar
Helge Robert Midtbø
Jorunn Klakegg
Vara for næringslivsrepresentantane:
Jan Sunde
Vara for dei kommunale representantane, i nummerert rekkefølgje:
1. Jakob Andre Sandal
2. Steinar Kvame
3. Reidun Støfring

Abonner på nyheitsbrev

Ja takk, eg vil motta nyheitsbrev frå Sunnfjord Utvikling!