Sunnfjord O40

Gode nettverk og sosiale møteplassar er viktig, uansett kor i landet du bur. Som eit ledd i arbeidet med å gjere Sunnfjord til ein enno betre plass å bu og leve, jobbar Rekrutteringforum Sunnfjord og Sunnfjord Utvikling med å etablere ulike nettverk i regionen.

I juni 2023 vart Sunnfjord O40 starta, eit «søsternettverk» til Sunnfjord U40.

Sunnfjord O40 skal gjere Sunnfjord til ein kjekkare plass å bu for alle, både lokale og tilflyttarar. I tillegg håpar vi å bidra til at fleire flyttar hit til Sunnfjord og at dei blir kjent med oss og blir verande. Dette satsar vi på å oppnå gjennom både faglege og sosiale arrangement (og aller helst ein god kombinasjon av sosialt og fagleg innhald). Arrangementa skal ha låg terskel for deltaking, og det skal være like kjekt og triveleg å komme aleine som å kome saman med nokon du kjenner frå før.

Har du spørsmål til dette prosjektet? Ta kontakt med vår prosjektleiar Kathe Arnesen.