Jølster og Gaular

Retningslinjer for kraftfonda i Jølster og Gaular

Sunnfjord Utvikling administrerer to aktive næringsfond i Sunnfjord kommune. Dette er Gaularfondet og fond for Jølstra kraftverk. Begge fonda har næringsretta føremål, men noko ulike retningslinjer. Begge fonda har opp til ei utlysning årleg.

For spørsmål og rettleiing ta kontakt med Sigrid Eikeland

Stønadsvilkår for Jølster kraftverk-fondet

Kraftfondet skal nyttast til næringsretta tiltak eller aktivitet knytt til reiseliv, friluftsliv og sport innanfor kommunegrensa til tidlegare Jølster. Målet med Jølstra kraft-fondet er å sikre lokalsamfunnet ein del av verdiskapinga frå utbygging i eit langsiktig perspektiv.

  • Samla finansiering frå fondet til private næringstiltak skal som hovudregel ikkje være meir enn 50 % av samla kapitalbehov for eit prosjekt.
  • Bedrifter som har motteke støtte frå fondet pliktar å gje opplysningar om dette dersom dei søkjer om meir støtte med offentlege midlar innan utgangen av 3-år perioden.
  • Støtte til bedrifter i kommunen skal vere innafor grensene som gjeld i forskriftene om støtte frå Statens nærings –og distriktsutbyggingsfond (SND).

Midlar vil bli gjeve i form av tilskot. Det vert ikkje gjeve støtte til:

  • sanering av gjeld eller til drift av bedrifter og kommune.
  • verksemd som får større overføringar over statsbudsjettet.

Stønadsvilkår for Gaularfondet

  • Fondet skal først og fremst nyttast til næringsføremål. Fondet kan også nyttast til kommunale tiltak.
  • Prosjekt som er med på å betre sysselsetjing for kvinner og ungdom vert høgt prioriterte.
  • Innafor villkåra som gjeld for bruken, skal fondet nyttast aktivt for å nå måla i ulike strategiske planar for Gaular.
  • Det bør heller ikkje gjevast støtte til verksemd som får større overføringar over statsbudsjettet.
  • Samla finansiering frå fondet til private næringstiltak skal som hovudregel ikkje være meir enn 50 % av samla kapitalbehov for eit prosjekt.
  • For prosjekt som er særs viktige for kvinner og ungdom, og ved nyetablering kan det gjevast opptil 75 % finansiering.
  • Bedrifter som har motteke støtte frå fondet pliktar å gje opplysningar om dette dersom dei søkjer om meir støtte med offentlege midlar innan utgangen av 3-år perioden.
  • Støtte til bedrifter i kommunen skal vere innafor grensene som gjeld i forskriftene om støtte frå Statens nærings –og distriktsutbyggingsfond (SND).

Midlar vil bli gjeve i form av tilskot. Det vert ikkje gjeve støtte til:

  • sanering av gjeld eller til drift av bedrifter og kommune.
  • verksemd som får større overføringar over statsbudsjettet.

Søknadsfristar 2024

Søknadsfrist

Dato for handsaming

Mars

17. mars3. april

Korleis søke?

Du må søke elektronisk via nettstaden www.regionalforvaltning.no

Slik sender du inn søknad:
1. Gå inn på nettstaden www.regionalforvaltning.no
2. Trykk på «Registrering». Lag et brukernamn og et passord
3. Trykk på «Ny søknad»
4. Vel fylke «Vestland»
5. Finn riktig utlysning, Jølster eller Gaular
6. Skriv inn ein beskrivande «Søknadstittel»
7. Trykk på «Opprett ny søknad»
8. Fyll ut alle felt. Hugs å trykke på «Lagre og neste» mellom kvar gong.
9. Last opp relevante vedlegg.
10. Hugs å trykke på «Send inn søknad» når du er ferdig med søknaden.