Eg har ein idé

Går du med planar om å etablere eige bedrift eller ønskjer du å vidareutvikle verksemda di? Sunnfjord Næringsutvikling arbeider for vekst og næringsutvikling i kommunane, Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Målsetjinga er å hjelpe nyetablerarar og eksisterande næringsverksemder i regionen, samt trekke til seg nye bedrifter.

Vi kan mellom anna tilby hjelp i form av:

  • Gratis rådgjeving og hjelp til utvikling av verksemd/forretningsidé
  • Avklare formaliteter som skiping av verksemda, driftsform og registrering
  • Finansiell stønad (kommunalt næringsfond)
  • Eventuell vidareformidling til andre finansieringskjelder
  • Etablerarkurs
  • Gratis kontor i 3 månader