Slik gjer du det i praksis
Merkevare Sunnfjord er utvikla for å styrke identiteten til regionen gjennom samarbeid og tydeleg kommunikasjon. Målet er å tiltrekke oss nye innbyggjarar, besøkande og bedrifter, og bygge lokal stoltheit.
På hovudsida har du strategien, manualen og filene. Men i tillegg har vi samla ein gjeng lokale folk som jobbar med kommunikasjon som fag til workshop for å utforske og diskutere meir korleis merkevaren kan brukast i praksis. Stillingsannonser. Sosiale medium. Nettsider. Arrangement.
På dei neste sidene kan du lese meir om det dei tilrår.
NB! Dette var ein workshop der vi drodla og leika oss med korte tidsrammer, men du får nokre gode perspektiv og idear. Dette vil vi gjere innimellom, både for å minne oss sjølve på merkevarekonseptet, men også for å modne og utvikle profilen og bruken av den.
Praktisk bruk av merkevaren Sunnfjord av Anne Mette Hjelle