Frå 17. til 19. september samla Innovasjonsveka Sunnfjord rundt 300 deltakarar til fire spanande arrangement. Med tema som industriinnovasjon, teknologiinnovasjon, kultur- og opplevingsinnovasjon, og helseforsking, blei det sett søkelys på korleis ulike næringar i regionen vår jobbar med innovative prosjekt og satsingar som når ut over Norge sine landegrenser.

Kunnskapsparken Vestland og Sunnfjord Utvikling, saman med bedrifter som Atea, Hellenes Yards, Norec, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet, skapte ei plattform for kunnskapsdeling og nettverksbygging. Innovasjonsveka gav deltakarane høve til å utforske nye idear, lære om nye teknologiar og knyte verdifulle kontaktar.

Årets tema, «Sunnfjord i verda», fokuserte på korleis små aktørar frå regionen kan jobbe innovativt for å nå ein internasjonal marknad. Gjennom inspirerande føredrag og diskusjonar blei det tydeleg at Sunnfjord har eit stort potensial for å markere seg globalt. Bedrifter som blant anna  Helinor, Intin, Tibber, Goodtech, Teater Vestland og Førdefestivalen viste fram korleis dei kombinerer tradisjon og innovasjon for å utvikle nye løysingar.

Vårt mål er at Innovasjonsveka Sunnfjord skal etablere seg som ein viktig møteplass for næringslivet, der idear og kreative løysingar kan møtast for å byggje framtidas næringsliv – både lokalt og internasjonalt, og ein møteplass for mannen og kvinna i gata som er nyskjerrige på dei ulike bransjane.

Sjå filmar frå dei ulike arrangementa her:

Etter mykje graving og steinlegging i lang tid er det no endeleg klart for opninga av «nye» Sentrum Sør.

Frå torsdag 19. til laurdag 21. september inviterer vi heile Førde til å delta på ein stor og inkluderande folkefest. Her blir det aktivitetar for både store og små, og vi ynskjer å samle folk frå heile for å feire opninga og vise kor fint det har blitt. Du kjem vel?

Klikk for å sjå heile programmet – her ser du kva som skjer dei ulike dagane, samt tidspunkta.

Torsdag 19. september: Offisiell opning
Festdagane startar torsdag med den offisielle opninga av E39 og torgplassane klokka 16.30, etter at området har vore under oppgradering i lengre tid. Ordførar Jenny Følling står for snorklippinga, og det lokale rockebandet DRUSAR slår an tonen med ein forrykande konsert.

Fredag 20. september: Ta middagen i Sentrum Sør
Start helga med å nyte middagen i Sentrum Sør, der spisestadene Kardemomme, Thaikroa, Pikant og Trapp Ned serverer god mat både inne og ute. Programmet starter klokka 16.15 denne dagen, og det blir alt frå klovneshow til inspirerande foredrag med psykologspesialist Solbjørg Hanitz, som snakkar om korleis ein kan takle stress i kvardagen.

For dei aktive blir det gratis spinning på Spenst, og du kan prøve ein elsykkel eller bytte klede du ikkje brukar lenger. Som ein ekstra bonus blir det også ein gratis minikonsert med Born in Sunnfjord, før kvelden rundast av med etterfest på Pikant med DJ nede og karaoke oppe.

Laurdag 21. september: Familiedag i Sentrum Sør
Laurdagen er sett av til familiedag, med eit vell av aktivitetar som vil halde både born og vaksne underhaldne. Klovnen Opsi! kjem og lagar liv i gatene, medan trial sykkelshowet MOOW viser imponerande triks.

På laurdag kan du sjå sykkelshow med trial-sykkel. På biletet: Joachim Skjævestad. Foto: Gaute Ulltang

Barna kan ta med seg eigne leiker og bytte dei med andre, eller delta i sykkelhinderløypa på brua (dei som vil prøve hinderløypa må ha med eigen sykkel og hjelm. Oppmøte ved Rådhuset, sjå program for tidspunkt.). Yoga- og crossfit-entusiastar får også høve til å prøve seg på gratis timar, medan serveringsstadene og marknadsbuene står klare til å tilby alt frå mat til pynteting og gåver.

Ta del i folkefesten!
Disse dagane kan du utforske nye Sentrum Sør, oppleve fellesskapen i byen og delta i ei feiring som sett fokus på både gode opplevingar og å nytte det fine byrommet vi har fått.

Vi vil skape liv og røre i denne delen av Førde og vise fram alle dei nye moglegheitene området har å by på. Folkefesten er open for alle, og vi ynskjer at du tek med deg familie, vener og naboar for å gjere denne opninga til ei minnerik helg for heile byen.

Velkomen til folkefest – velkomen til nye Sentrum Sør!

NB: Det er begrensa tal plassar på foredraget og aktivitetane til Spenst – hugs å melde deg på via spenstforde.no.

Hugs at brua er stengt disse dagene, og at deler eller heile parkeringsplassen utanfor Peak Sunnfjord kan bli stengt. Parker difor gjerne på Festplassen.

Klikk for å sjå heile programmet – her ser du kva som skjer dei ulike dagane, samt tidspunkta.

I samband med «Grøn region Fjordane» arbeider Sunnfjord Utvikling for å bidra til omstilling i det lokale næringslivet. Kurset “Praktisk berekraft” skal bidra til at bedrifter meir effektivt skal kome i gang og lukkast med berekraft i tråd med nye krav og forventningar. Det vil styrke selskapet si konkurransekraft.

Kurset er retta mot dagleg leiar saman med eit par av dei tilsette. Ta gjerne med styreleiar.

 

Tilbakemeldingar frå tidlegare deltakarar:

-Eg likte at det var enkelt, praktisk og effektivt. Det betyr mykje i ein hektisk kvardag!

-Vi sit att med nødvendig kunnskap som vi treng og oversikt som vi mangla.

-Kurset og workshopen motiverte oss! Vi forstår no betre kva berekraft går i.

 

Etter gode tilbakemeldingar frå deltakarane køyrer vi no ein ny runde med modul 1. Dette er gratis for alle som ynskjer å delta. Bedriftene blir invitert til dette grunnleggande kurset som steg ein. Les meir om prosjektet og meld deg på her.  

 

Foto: Sverre Hjørnevik
Foto: Sverre Hjørnevik

Sunnfjord Utvikling har i 2024 fått tilskot frå Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftinga til å jobbe med å vidareutvikle landbruksnæringa.

I dag, meir enn nokon gang, er det viktig å sette fokus på kva moglegheiter som eksisterer i næringa og synleggjere kor viktig landbruket er for regionen, og landet vårt for øvrig. Sunnfjord utvikling jobbar for at Sunnfjord kommune skal utvikle sin posisjon som største landbrukskommune i Vestland og styrke landbruksnæringa i heile Sunnfjord. Sunnfjord har eit stort potensiale innan både basisproduksjonar og tilleggsnæring, i tillegg har vi naturbrukslinja på Mo. Alt ligg til rette for at Sunnfjord kan få ein styrka basisproduksjon og eit mangfald av tilleggsnæringar. Vi er også i ein posisjon der vi kan bli leiande innan forsking og innovasjon knytt til berekraftig matproduksjon, klimaomstilling, bruk av restmassar og industrielle symbiosar,. Landbruket gjev arbeidsplassar, direkte knytt til gardsbruka og indirekte i næringsmiddelindustri og leverandørverksemder.

For å få til vekst i næringa er vi avhengig av gode lokale kompetansemiljø. I dette prosjektet skal vi leggje til rette for møteplassar, kompetanseheving, og deling av kunnskap og erfaringar. Vi skal sette i gang å kartlegge kva tilleggsnæringar vi allereie har i regionen, samt leggje til rette for at nye kan få utvikle seg. Vi skal lage mindre møteplassar ute i distrikta, og ein større møteplass i form av ein landbrukskonferanse som går over to dagar. Denne blir arrangert i løpet av April 2024.

Strategisk næringsplan Sunnfjord kommune 2024–2027 blir lagt ut på høyring med frist for innspel 17. januar 2024.

Du finn planen her

 

 

Målet med kurset er å hjelpe bedrifter til å kome i gang med berekraftsarbeid raskt og effektivt. Kurset vil bidra til bevisstgjering og konkretisering i kva berekraft betyr for di verksemd, slik at det kan vere med å styrke konkurransekrafta.

Oppstart modul 1

Første runde med modul 1 vart gjennomført 26. september. Vi planlegg oppstart av ny runde med modul 1 i desember. Påmeldingslenke kjem når dato er sett.

Tilbod kurs, workshop og rapport

Ymsir AS, ved Anne Mette Hjelle, er engasjert til å gjennomføre prosjektet. Ho vil, i lag med Aud Ingrid Espeland, stå for den praktiske gjennomføringa. Ymsir har god erfaring med eit tredelt opplegg, der ein kan velje å ta berre modul 1, eller modul 1 i kombinasjon med modul 2 og 3. Alle modulane (1, 2 og 3) vil gje eit betre og meir komplett resultat.

Modul 1: Grunnleggande kurs om praktisk berekraftsarbeid og informasjon om krav og ulike rapporteringsmåtar med konkrete døme.

Modul 2: Workshop:
• Gjennomgang av korleis bedrifta påverkar ulike berekraftsmål (positivt/negativt), inkl. interessentanalyse.
• Status/oppfølging opp mot ESG (miljø¸, sosiale forhold og selskapsstyring).

Modul 3: Enkel oppstilling av berekraftsstatus til deling på nettside eller direkte mot kundar, bank o.a. (NB. lkkje fullstendig rapport).

Pris: Bedriftene blir invitert til å delta gratis på det grunnleggande kurset (fellessamling). Dersom bedrifta vel å gå vidare med modulane 2 – 3 (individuell oppfølging), er totalprisen for bedrifta kr 21 600,-. Dette er ein rabattert pris , der 67% av kostnaden blir dekka gjennom gåvemidlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sunnfjord Utvikling.

Ressursbruk: For alle tre modulane vil det gå med inntil 2 dagar totalt på deltaking i kurs, workshop og individuell oppfølging. Kurset er retta mot dagleg leiar saman med eit par av dei tilsette. Gjerne og styreleiar.

Synes du dette høyres relevant ut for di verksemd? Eller ynskjer du meir informasjon om kurset? Då kan du ta kontakt med Bente Hauge.

Alle arbeidsgivarar er avhengige av flinke hovud og hender. Men korleis får vi tak i dei og korleis får vi dei til å bli? Vi gir deg ein heil dag med folka i fokus.
25. oktober inviterer vi deg som ønsker ny kunnskap og konkrete råd om gode rekrutteringsprosessar til konferanse på Skei.

Stad: Thon Partner Hotel Jølster
Tid: 25. oktober kl. 10.00 – 16.00
Pris: 1562,- inkl. lunsj.
Påmelding: Meld deg på her

Rekruttering handlar om mykje meir enn stillingsannonsar og jobbintervju. Det handlar om å bli lagt merke til i jobbmarknaden, gode tilsettingsprosessar og at vi har det godt på jobb. Denne dagen har vi leigd inn dei beste innan sitt felt til å gjere oss klokare på rekruttering.

PROGRAM:
Detaljert program kjem snart.

Om foredragshaldarane
Fredrik Fornes: Dette er problemet med ei typisk stillingsannonse

Fredrik har i fleire innlegg på LinkedIn harselert med det han meiner er dårlege stillingsannonsar i Norge.

400.000 visningar på innlegga hans om temaet viser at han er inne på noko. Fredrik vil utdjupe kva han meiner problemet med ei typisk stillingsannonse er, og korleis den frå eit kommunikasjonsfagleg standpunkt enkelt kan bli mykje betre. Fredrik gir konkrete tips og øvingar rundt språk, innhald og oppsett.

Vestlandsforsking: Er karrierestigen kortare i distriktet?
Det blir ofte sagt at vegen til stort ansvar og viktige oppgåver er kortare i arbeidslivet i distrikta, men stemmer dette?

Vestlandsforsking har undersøkt dette spørsmålet for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og har gjennomført ei spørjeundersøking som arbeidstakarar i gamlefylket har svart på. På konferansen presenterer dei for aller første gong resultata av undersøkinga.

Anne Sophie Gjems – FuelBox: Dei viktige relasjonane
Anne Sophie Gjems er Relasjonsarkitekt i FuelBox. Ho fortel oss korleis psykologisk tryggheit kan bli drivaren som gjer at vi presterer godt og trivast saman på jobb.

Anne Sophie er eit fyrverkeri på scena og tar deg med på ei spennande reise der vi verkeleg får kjenne på viktigheita av dei relasjonane vi omgir oss med, både på jobb og heime.

Sparebanken Sogn og Fjordane: Slik auka vi trivselen i banken
Arbeidsmiljø: Sparebanken Sogn og Fjordane ser at tiltak gjort under pandemien har gitt eit betre forhold mellom banken og dei tilsette.
HR-direktør Eirik Rostad Ness fortel kvifor trivselen og medarbeidarengasjementet er større enn nokon gang.

Finn.no & Schibsted: Knekk koden for stillingsannonsen
Korleis kan du knekke stillingsannonsen teknisk? Og korleis får du best mogleg effekt av annonsering av stillingsannonsen?
Finn og Schibsted tar turen til Skei for å gi deg sine beste tips, slik at du ikkje kastar vekk pengane dine.

Fabelaktige fire blir til éi superkraft
Kva skjer når fire lokale aktørar som jobbar med rekruttering, utvikling og næring får streng beskjed om å samarbeide tettare?
Møt dei Fabelaktige fire: Framtidsfylket, Sunnfjord Utvikling, Nordfjordakademiet og Sogn næring. Dei fortel kva nytte DU kan ha av at vi samarbeider tettare.

Takk til Sparebanken Sogn og Fjordane for viktig og nødvendig støtte til konferansen. De gjer det mogleg å gi arbeidslivet i Vestland fagleg påfyll, inspirasjon og kunnskap om eit viktig tema: rekruttering.

Ikkje meldt deg på enno? Gjer det her.

Bredda i næringslivet i Sunnfjord er unik, og no er det på tide at arbeidslivet her får sin eigen festival.
Det meiner vertfall arbeidsgruppa bak karrierefestivalen Elevate 2023.

I samarbeid med Framtidsfylket og Sunnfjord U40 står Rekrutteringsforum Sunnfjord bak ideen om å invitere til festival med arbeidslivet i Sunnfjord som tema. Festivalen har fått namnet Elevate, som tyder å heve.

Fag & fest
Men kva er eigentleg ein karrierefestival? Og kven er det for?

Festivalen er for alle, uansett om du ser etter ny jobb akkurat no eller om du berre vil bli betre kjent med det spanande næringslivet i Sunnfjord. Vi vil gje deg som er interessert i å utvikle karriera di sjansen til betre innsyn i arbeidslivet i Sunnfjord på ein morosam og uformell måte, samtidig som du hevar eigen kompetanse.

På programmet finn du både bedriftspitchar, fagleg påfyll, lynkurs og minst like viktig: mykje moro. Ideen er å kombinere det faglege med det festlege. Som for eksempel TechPub der du får korte faginnslag, god mat og kan henge i baren med mange bransjefolk eller Tapastrail med U40 der du blir kjent med fleire bedrifter, samtidig som du får servert tapas og noko godt å drikke på kvar «stasjon».

Uformelt og moro
Mange bedrifter inviterer og til uformelle og kjekke aktivitetar der ein får bli betre kjent med bedrifta: Til dømes tar PwC deg med på karriereTUR, ein enkel fjelltur der du kan prate med dei som jobbar der, Sunnfjord Miljøverk gir deg lunsjkurs med Linda Stuhaug om korleis du kan bli ein matreddar, og Lotteri- og stiftelsestilsynet avsluttar bedriftspitchekvelden på Larris og har invitert Dangfart Tønnesen til å runde av med humoristisk tombola i kjent stil.

Det skjer òg andre spennande ting i Førde denne veka. Mellom anna blir det mogelegheit for sauna og bading i sentrum, det settast opp utekino, eller du kan bli med på ein kveld med Maol & sup med Huldri i Huldri Galleri.

Skapar kjennskap til karrieremogelegheitene i Sunnfjord
Det mange som ikkje er kjent med alle karrieremogelegheitene i Sunnfjord, og karrierefestivalen skal bidra til at fleire får vite om kva som rører seg i arbeidslivet her. Sunnfjord byr på ein variert og framtidsretta arbeidsmarknad med stort rom for å utvikle seg. No blir det fullt fokus på dette i 4 dagar til endes i starten av juni.

Inviter utflytta familie eller vener på workation!
Skal du invitere nokon til Sunnfjord i nærmaste framtid, er dette veka å invitere til. Kanskje har du vener som kunne trenge ein liten workation hos deg? Dei får gratis kontorplass hos på Peak denne veka viss dei vil sitte der og jobbe på dagtid, og så kan dei vere med på moroa heile veka-

Bruk karrierefestivalen i Sunnfjord til å bli kjent med arbeidslivet, få fagleg påfyll og ha det gøy! Kanskje endar det med ny inspirasjon, kanskje til og med med ny jobb. Kven veit?

Her kan du sjå programmet for veka.

Har du spørsmål kring karrierefestivalen? Kontakt Kathe Arnesen på tlf. 98 88 36 88 eller e-post kathe.arnesen@sunnfjord.no.

Fredag 25. mars 2022 var folk, fart og framtid på agendaen då vi lanserte rapporten «Vekstregionen Sunnfjord».

Visste du at 24 milliardar kroner er estimert omfang på investeringar i Sunnfjord i perioden 2016 – 2032?  Kva er drivkreftene bak desse investeringane? Korleis kan vi rigge oss for vidare vekst framover, og kva utfordringar må vi løyse? Det var nokre av temaene som vart diskutert på lanseringa.

Resultata av nærings- og ringverknadsanalysen gjev god innsikt og set retning, og er også nyttige for alle som driv næring, bur og jobbar i Sunnfjord.

Vi oppmodar alle som ynskjer å bidra til å utvikle Sunnfjord og regionen vidare til å dykke ned i denne rapporten.

Den gjev god innsikt og peikar på nokre viktige retningar for vekst og utvikling. Alle kan bidra, og skal vi lukkast alle bidra!

Rapporten Vekstregionen Sunnfjord kan lastast ned her.

Har du innspel og tilbakemeldingar på det vidare arbeidet med å styrke buattraktivitet og næringsutvikling i Sunnfjord, så ta kontakt med Sunnfjord Utvikling ved prosjektleiar Bente Hauge på bente.hauge@sunnfjord.no eller tlf. 952 61 359.