Viss ein ikkje berre vil reise frå A til Å, men ønsker ein rundtur eller ein tur som ikkje går rakaste veg, er det ikkje så lett å finne ut korleis ein gjer det med offentlig transport – spesielt ikkje viss du er turist i området. Derfor utvikla Møre og Romsdal fylkeskommune i 2016 konseptet “Travel like the locals” – eller «Reis som dei lokale». Dette er “ferdigpakka” turar med offentleg transport som inneber spanande reiser til fine destinasjonar. Turane kan kjøpast på førehand på nett eller på fysiske utsalsstader.

Frå i år er tilbodet utvida til Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Nærare 50 turar fordelt på dei tre «nye» fylka er no tilgjengeleg for sal på ulike turistkontor og gjennom destinasjonsselskapa sine nettsider. Alle turar for Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er og tilgjengeleg for bestilling på den felles nettsida www.tltl.no. For Møre og Romsdal er det førebels ei eiga side, www.fram.no/travel, men også desse turane vil etter kvart bli kopla på den nye fellesportalen.

Dei første turane er allereie selt. Turistinformasjonen i Stavanger var først ute av salskontora og selde turen «Øyhopping til Lindøy og Langøy» til to britiske turistar som var svært nøgde med turen. Fleire «står på vent» og er klare til å kjøpe turar når nettsida no blir klar.

Med salsklare destinasjonsselskap og turistkontor rundt om på Vestlandet og felles nettside på plass, er vi no klare for ein spanande første sesong med Travel like the locals i alle dei fire vestlandsfylka!

 

«Travel like the locals» er eit samarbeid mellom fylkeskommunane Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, kollektivselskapa/-merkevarene FRAM, Kringom, Skyss og Kolumbus og destinasjonsselskapa i dei fire fylka.

 

For meir informasjon om prosjektet, kontakt prosjektleiar Marit Holen, e-post marit.holen@mrfylke.no. mobil 975 44 525.

Strategisk næringsplan for Sunnfjord kommune 2019-2022 er no lagt ut på høyring. Frist for innspel er 1. april 2019. Deretter skal planen behandlast i fire kommunestyrer. Trykk på følgande lenker for å komme til planen:

Strategisk Næringsplan

Handlingsplan

Vedlagt lenker til kommunane sine nettsider, om du ønskjer lese meir om behandlinga i forbindelse med utlegging :

Jølster

Gaular

Førde

Naustdal

 

Innspela skal sendast til kommunane, men er det spørsmål eller kommentarar kan de ta kontakt med Bente Hauge eller Rolf Sanne-Gundersen i Sunnfjord Utvikling.

Sunnfjord Utvikling AS skal utarbeide ny reiselivsstrategi for Sunnfjord. I arbeidet med den nye strategien ønskjer vi innspel frå reiselivsnæringa i Sunnfjord. Vi inviterer derfor til ope møte på Thon Hotel Førde den 1. april.

Program:
1. Innleiing – Prosess og eigarskap til Strategien
2. Presentasjon av hovudpunkt i reiselivsstrategi for Sunnfjord
3. Diskusjon, innspel og kommentarar

Påmelding til post@sunnfjord.no innan 28. mars.

Olahansfjellet, Foto Olav Sægrov

Olahansfjellet, Foto Olav Sægrov

Jølster kommune har i samarbeid med SNU og bondelagsorganisajonar, Sunnfjord turlag, toppturboka i Sunnfjord, m.fl. starta opp eitt prosjekt for å få opparbeida parkeringsplassar og dagleg brøyting for ni startplassar ved populære toppturmål.

Jølster kommune har i samarbeid med SU og bondelagsorganisajonar, Sunnfjord turlag, toppturboka i Sunnfjord, m.fl. starta opp eitt prosjekt for å få opparbeida parkeringsplassar og dagleg brøyting for ni startplassar ved populære toppturmål. Naustdal Gjengedal vernområdestyre har gjort vedtak om å støtte prosjektet med 150.000 kroner. Dette gjer at Jølster kommune kan starte opp allereie i år, så fort avtalar med grunneigarar er på plass.
Vi har også søkt om midlar frå Fylkeskommunen (infrastrukturmidlar), Sparebankstiftinga og Jostedalsbreen nasjonalpark. Svar frå dei to første er venta innan utgangen av oktober.

kart_over_p-plassane

Dei ni startplassane ligg spreidd i heile Jølster.

Dei ni startplassane ligg spreidd i heile Jølster og er valt ut i samråd med referansegruppa.
Dei fleste er avhengige av å bruke privat bil for å komme seg på topptur/ski vinterstid, og vil helst parkere i nærleik av der turen startar. Dagens parkeringssituasjon ved populære toppturfjell er allereie utfordrande, og for friluftslivet og grunneigarar er det viktig å få etablert gode parkeringsplassar med informasjon og føreseieleg brøyting.

Du kan også lese om saka hos Firda

Foto: Olav Sægrov