Fredag 25. mars var folk, fart og framtid på agendaen då vi lanserte rapporten «Vekstregionen Sunnfjord».

Visste du at 24 milliardar kroner er estimert omfang på investeringar i Sunnfjord i perioden 2016 – 2032?  Kva er drivkreftene bak desse investeringane? Korleis kan vi rigge oss for vidare vekst framover, og kva utfordringar må vi løyse? Det var nokre av temaene som vart diskutert på lanseringa.

Resultata av nærings- og ringverknadsanalysen gjev god innsikt og set retning, og er også nyttige for alle som driv næring, bur og jobbar i Sunnfjord.

Vi oppmodar alle som ynskjer å bidra til å utvikle Sunnfjord og regionen vidare til å dykke ned i denne rapporten.

Den gjev god innsikt og peikar på nokre viktige retningar for vekst og utvikling. Alle kan bidra, og skal vi lukkast alle bidra!

Rapporten Vekstregionen Sunnfjord kan lastast ned her.

Har du innspel og tilbakemeldingar på det vidare arbeidet med å styrke buattraktivitet og næringsutvikling i Sunnfjord, så ta kontakt med Sunnfjord Utvikling ved prosjektleiar Bente Hauge på bente.hauge@sunnfjord.no eller tlf. 952 61 359.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har løyvd midlar til kommunane til økonomiske tiltak i møte med pandemien. Målet med den kommunale kompensasjonsordninga er å sette kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak, og som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Sunnfjord kommune fekk tildelt kr. 2.027.239,- i første runde, kr. 3.207.000,- i andre runde, kr. 3.147.000,- i tredje runde og kr. 1.623.000,- i sjette runde. Sunnfjord kommune mottok ikkje midlar i runde 4 og 5. Sunnfjord Utvikling har fått ansvar med å forvalte kompensasjonsmidlane på vegne av kommunen, og det er styret for det kommunale næringsfondet (styret i Sunnfjord Utvikling AS) som har gjort vedtak i sakene.

Vedlagt oversikt over verksemder som har fått tilskot i runde 1, 2, 3 og 6. Lista vil bli fortløpande oppdatert når nye rundar er ferdigbehandla.

Tildelt i runde 1:

Verksemd

Innvilga tilskot

Brunsj & Briller AS

30 058 kr

Eldalstunet Marit Eldal ENK

188 500 kr

Ferske Smakar AS

200 000 kr

Førde Hotell AS

200 000 kr

Heidi Vallestad ENK

183 000 kr

Kvernafossen Bryggeri AS

65 500 kr

Liv Unni Aardal ENK

60 000 kr

O A LUNDE AS

200 000 kr

Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

200 000 kr

Skei Hotell AS

200 000 kr

Sunnfjord Cafe og Catering AS

100 000 kr

Sunnfjord Hotell AS

200 000 kr

Sunnfjord Restaurantdrift AS

200 000 kr

Tildelt i runde 2:

Verksemd

Innvilga tilskot

Ferske Smakar AS

221 900 kr

Førde Bowlinghall AS

221 900 kr

Førde Hotell AS

221 900 kr

Hov Hyttegrend ENK

100 000 kr

Håjen AS

221 900 kr

Jølstramuseet AS

98 273 kr

Lunde Turiststasjon ENK

221 900 kr

Puls Førde AS

173 167 kr

Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

221 900 kr

Skei Hotell AS

221 900 kr

Stardalen Bygdetun AS

221 900 kr

Spenst Førde AS

193 917 kr

Sunnfjord Cafe og Catering AS

200 000 kr

Sunnfjord Hotell AS

221 900 kr

Sunnfjord Restaurantdrift AS

221 900 kr

Tildelt i runde 3:

Verksemd

Innvilga tilskot

Rutebil Kiosken AS

300 000 kr

Personbråten AS

                              300 000 kr

Jølstramuseet AS

52 836 kr

Førde spa og helse AS

  300 000 kr

Televikar AS

300 000 kr

Mediebruket AS

    300 000 kr

Ferske Smakar AS

    95 183 kr

Jølster Skisenter AS

169 192 kr

Scenisk Fiksjon AS

9 441 kr

Sunnfjord cafe og catering AS

200 000 kr

Manuellterapeut Svein Inge Sunde

24 087 kr

Villa Åmot AS

  135 587 kr

O A LUNDE AS

200 000 kr

TD Førde

 233 100 kr

Rørvikfloten AS

28 749 kr

Mitt lille kjøkken AS

 62 160 kr

Skei Hotel

200 000 kr

Harald Eriksen

149 998 kr

Sunnfjord Restaurantdrift AS

200 000 kr

Rune Geirmund Hoff

69 930  kr

Eiliv Erdal

21 756 kr

Håjen AS

 16 097 kr

Tildelt i runde 6:

Verksemd

Innvilga tilskot

Kardemomme AS

127 422 kr

Hending AS

                             22 026 kr

Jølstramuseet AS

109 349 kr

Sunnfjord Hotell AS

180 325 kr

Førde bowlinghall AS

84 088 kr

Sunnfjord cafe og catering AS

    186 543 kr

Ferske Smakar AS

   168 009 kr

Brunsj og briller AS

51 901 kr

Naustdal landhandel AS

21 620 kr

Televikar AS

11 281 kr

Rørvikfloten AS

5 596 kr

Elveleia AS

 72 349 kr

Sunnfjord Restaurantdrift AS

241 597 kr

Håjen AS

 21 714 kr

Skei Hotel AS

18 977 kr


Første utlysing finn de her
.
Andre utlysing finn de her.
Tredje utlysing finn de her.
Sjette utlysing finn de her. 

For bedrifter som igjen er hardt ramma av smitteverntiltak  – kommunal kompensasjonsordning runde 6 er lyst ut med søknadsfrist 1. februar 2022

Sunnfjord kommune er i sjette runde tildelt kr. 1.623.000 til kommunal kompensasjonsordning. Hensikta er å avhjelpe situasjonen i kommunar med næringsliv som igjen vert ramma av nye smittevernstiltak, og lokale verksemder vert med dette invitert til å søkje på midlane. Dette er DEL 6 av same kompensasjonsordning der Sunnfjord kommune tidlegare i 2021 er tildelt midlar i DEL 1, 2 og 3 (Kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter).

Målet med ordninga er å sette kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder for å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i bedrifter. Midlane skal hjelpe lokalt næringsliv gjennom ein ny periode med inngripande koronatiltak. Ordninga skal og fungere som ei kommunal ventilordning, for å kompensere lokale verksemder som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane eller lønnsstøtteordninga.

Søknadsprosessen er enkel og tilskotet er i stor grad tillitsbasert. Nærare om kriteria og prioritering for tildeling av støtte:

Sunnfjord kommune har sett følgjande kriterier for tildeling i runde 6

Mål for ordninga (lyst ut som nasjonal notifisert ordning)

Ordninga skal sikre tilgang til likviditet i verksemder og dempe dei økonomiske konsekvensane av Covid-19-pandemien, ved hjelp av direkte tilskot. Ordninga skal rettast mot lokale verksemder.

Tilskotet kan dekke

Midlane skal brukast på tiltak for lokale verksemder, etablerarar og andre næringsaktørar som:

  • har tap av omsetning/inntekt som følge av Covid-19-pandemien eller den påfølgande økonomiske nedgangen
  • har auka kostnader som følgje av tiltak for å unngå spreiing av Covid-19, og kostnader direkte knytt til Covid-19-lågkonjunktur
  • har tap av varer pga. Covid-19-pandemien

Målgruppe for den 6. runden – kven kan søke

Prioriterte i denne tildelinga er (i følgjande rekkefølge):

  1. Bedrifter i bransjar med næringskode 55,56 og 79, som kan dokumentere at dei har lidd eit økonomisk tap som følgje av nasjonale smittevernstiltak og skjenkestopp i desember 2021. Desse bransjane vil bli prioritert:
  • Overnattingsverksemder, herunder hotell (næringskode 55)
  • Serveringsverksemder, herunder restaurantar og barar (næringskode 56)
  • Reisebyrå- og reisearrangørverksemder (næringskode 79)
  1. Andre verksemder som av ulike grunnar har falle utanfor eller ikkje fått støtte i dei tidlegare tildelingsrundane av den kommunale kompensasjonsordninga

Viss det er verksemder som openbart driv innanfor desse næringskodane, men som av ulike årsaker er registert med ein anna næringskode i Brønnøysundregisteret, vil dette bli teke omsyn til i saksbehandlinga.

Storleik på tilskotet

  • Storleiken på tilskotet vil bli forholdsmessig vekta mot storleiken på tapet
  • Det vert sett ei øvre beløpsgrense på kr 300.000 per bedrift
  • Prosentvis tildeling vil bli vurdert i forhold til tal søknader

Krav til søkarane

  • Verksemda må ha forretningsadresse i Sunnfjord kommune
  • Verksemd som er del av eit konsern kan søke, men kan kun motta støtte for den økonomiske aktiviteten som er lokalisert i Sunnfjord kommune
  • Verksemda må ha tilsette eller ha innleige av personell frå same konsern
  • For enkelmannsføretak må føretaket si inntekt vere minst ein av eigarane si hovudinntekt
  • Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/tvungen avvikling
  • Verksemda må ikkje ha uteståande skattar og/eller avgifter
  • Opplyse om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021, og korleis denne støtta er heimla. Konsern må oppgje støtte på konsernnivå.
  • Verksemda kan ikkje bli kompensert via andre ordningar for det tapet det vert søkt om støtte til gjennom denne ordninga. For eksempel kan ikkje verksemda motta støtte frå denne ordninga og andre covid-19 ordningar (som lønnsstøtte og den generelle komp.ordninga) som direkte eller indirekte dekkar dei same kostnadene for den same perioden. Verksemder som mottar lønnsstøtte kan framleis søke om å få dekka tap i omsetnad og øvrige ekstra kostnader som følgje av nedstenginga, men ikkje kostnader til lønn.

Krav til dokumentasjon

For å kvalifisere til støtte må følgande dokumentasjon leggast med som vedlegg til søknaden:

For verksemder i prioriteringsgruppe 1:

  • Dokumentasjon av tap/kostnader i desember 2021 attestert av rekneskapsførar, i form av
    • Faktisk omsetningstap i desember 2021. Omsetningstapet utgjer differansen mellom omsetning i tilskotsperioden (desember 2021) samanlikna med omsetning i desember 2019. For nystarta verksemder er samanlikningstala omsetning for november 2021 eller budsjett for desember 2021.
    • Spesifikasjon av kostnader som er ein direkte konsekvens av smitteverntiltak og nedstenging i desember 2021.

For verksemder i prioriteringsgruppe 2:
Andre verksemder som av ulike grunnar har falle utanfor eller ikkje fått i tidlegare rundar, må dokumentere tapet samt forklare årsaken til tapet og kvifor verksemda har falle utanfor dei tidlegare tildelingsrundane

Samtlege søkarar må også legge ved:

  • Årsrekneskapen for 2020 og siste avlagte perioderekneskap for 2021.
  • Skatteattest RF 1316 (attest for skatt og meirverdiavgift) datert 31.12.21 eller seinare. Viser denne restansar må ein dokumentere utsettingsavtalar med Skatteetaten.
  • Det er ikkje krav til revisorattestert dokumentasjon, men ein må vere førebudd på å levere det viss det vert etterspurt

Søknadsfrist 1. februar 2022

  • Regelverk for offentleg støtte gjeld, og midlane blir tildelt under den nasjonalt notifiserte ordninga.
  • Ein forenkla søknad skal sendast inn gjennom regionalforvaltning.no under søknadsskjema med tittel «Kommunal kompensasjonsordning runde 6, nasjonalt notifisert ordning, Sunnfjord kommune». Der skal og eigenerklæring om offentleg støtte og eigenerklæring om verksemda er i økonomiske vanskar fyllast ut.

For meir informasjon og spørsmål, ta kontakt med Sunnfjord Utvikling:

Sunnfjord Utvikling AS er Sunnfjord kommune si førstelinjeteneste innan næringsutvikling og er sett til å forvalte det kommunale næringsfondet og kompensasjonsmidlane på vegne av kommunen.

No kan reiselivsaktørar få 10.000 kr i støtte for kvar ladestasjon dei etablerar. Vestland fylkeskommune støttar reiselivsaktørar i fylket som vil etablere eit ladetilbud for reisande som oppheld seg over lengre tid ved ein attraksjon, eit opplevingssenter eller ein overnattingsplass. Det vert tildelt midlar løpande fram til potten er tom. Søk – få tilsegnsbrev – sett opp lader. Jo raskare du søker jo større er sjansen for støtte. Fylket har allereie mottatt ein del søknader så her må ein være om seg.

Søknadsskjema finn du inn her:  https://www.regionalforvaltning.no/Startside/Velkommen.aspx?Ordning_Id=3242&Cookie=0

 

Har du planar om å utvikle eit nytt eller forbetra produkt, teneste eller produksjonsprosess?

Manglar du kunnskap eller treng å utvikle kunnskap for å kunne gå vidare med ditt prosjekt? Her vil det vera mogleg å hente både rådgjeving, kompetanse og informasjon om finansieringsmoglegheiter hjå verkemiddelapparatet:

• 1:1 rådgjeving med kompetansemeklar, Forskningsrådet eller EU-rådgjevar
• Informasjon om aktuelle utlysingar, regionale, nasjonale og internasjonale
• Nettverk

Allereie i første møte vil ein sørgje for å kople dykkar prosjekt på rett ordning/kunnskapsmiljø. Delta for å høyre om ulike moglegheiter, få tips til korleis kome i gong og ikkje minst høyr frå andre verksemder i regionen som har lukkast med bruk av FoU i utviklinga av deira verksemd.

Meld deg på her

Verkemiddeldagen vert arrangert i samarbeid med:
• Vekst i Lag v. Sognefjorden Næringshage, Kunnskapsparken Vestland, Inviro og Stryn Næringshage
• Sunnfjord Utvikling
• Innovasjon Norge
• Norges Forskningsråd

Gjennom dei siste månadane har PwC, på bestilling frå Sunnfjord Utvikling, arbeida med ein omfattande nærings- og ringverknadsanalyse for Sunnfjord. Målet er å synleggjere styrkane våre og peike ut nokre retningar for kommunikasjon og marknadsføring av regionen vår, for å tiltrekke oss folk og at dei som bur her ynskjer å bli buande.

Nærings- og ringverknadsanalysen, som er steg ein i eit større omdømme-/attraktivitetsprosjekt, skal gje oss innsikt i kvifor Sunnfjord opplever god vekst og kva for ringverknader denne veksten kan skape. Det skal også synleggjerast korleis vi sikrar framtidige investeringar og vekst i Sunnfjord.

På nyåret vil vi ha klart ein fullverdig analyse, men allereie no vil vi dele resultatet frå kartleggingsfasen og foreløpige funn. Dette kan reknast som ei løypemelding og den endelege rapporten kan difor avvike frå denne førebelse presentasjonen.

Målet med den endelege analysen er at den skal ha stor bruksverdi. I den vidare kommunikasjonen vil det bli produsert bilete og korte videoar som kan nyttast av næringslivet og offentlege aktørar i marknadsføring og kommunikasjon.

Løypemeldinga vart presentert for formannskapet i Sunnfjord kommune 5. november. Endeleg rapport vil bli tilgjengeleggjort og presentert for næringsliv og offenteleg aktørar på nyåret.

Stor takk til alle som har bidrege inn i dette arbeidet sålangt!

Presentasjon av førebelse funn i kartleggingsfasen

 

Ein ny serie med kurs for reiselivsbransjen, hos Fagskolen i Viken, er no opna for søknader. Alle kursa er gratis, undervisast av erfarne bransjefolk og kan kombinerast med jobb.

I år tilbyr Fagskulen i viken òg kurs på engelsk i digital markedsføring og bærekraftig reiseliv.

Les meir om dei forskjellege kursa og søknadsprosessen på fagskulen sine sider her.

 

Kva skal vi gjere i 2022 for å restarte reiselivet i regionen?

Korleis kan vi skape eit attraktivt og berekraftig reiseliv på Vestlandet? Korleis skal vi få våre målgrupper til å velja oss – heile året? Og korleis skal vi påverke dei til å bli her lenger og oppleve meir? Korleis jobbar vi med besøksforvaltning og korleis kan du jobbe endå meir med berekraft i di eiga verksemd?

Saman med Vestland fylkeskommune, Visit Fjordkysten, Visit Nordfjord, Visit Sunnfjord og Visit Sognefjord inviterer Fjord Norge til kick off for 2022.

Bli med på ein tettpakka dag med inspirasjon, innsikt og dialog – og masse gjensynsglede! Så hald av dagen!

 

Stad: Thon Hotel Jølster

Dato: 09. november kl. 10-17

Pris: 565,-  inkl. Lunsj

Meld deg på her

 

PROGRAM

10.00   Velkommen ved  Vestland fylkeskommune

10.05   Slik bidreg vi til at reiselivet lukkast. Ved Endre Høgalmen, seksjonssjef, Vestland fylkeskommune

10.20   Attraktivt og berekraftig – vår veg som framtidsnæring for Vestlandet.  Ved Stein Ove Rolland administrerande direktør i Fjord Norge

10.35   Samspel for vekst, utvikling og forvaltning. Korleis jobbar vi for ein vekst som er handterbar og ønskjeleg – og korleis legg vi til rette for godt vertskap for besøkande som kjem hit? Ved Reiselivssjefane Ståle Brandshaug, Marita Lindvik, Marita Solheim og Vidar Slettehaug

10.55   Slik omstilte vi oss – og lukkast. Case Knutholmen

11.10   Vekst og handteringsevne. Kvifor er besøksforvaltning så viktig? Marta Rongved, seniorrådgivar reiseliv, Vestland fylkeskommune

11.20   Slik omstilte vi oss – og lukkast. Case Jølstraholmen Camping

11.30-11.45  Kaffipause

11.45   Slik omstilte vi oss – og lukkast. Case Nes Gard

11.55   Slik omstilte vi oss – og lukkast. Case frå Fjordkysten ved Comfort Hotel Victoria Florø

12.15   Restart – slik skal Vestlandet lukkast i 2022.  Ved Britt Dalland, marknadsdirektør i Fjord Norge

12.40 -14.00 Lunsj og mingletid

Her er nokon av tema vi vil ha under parallelle sesjonar.

  • Ny nettside og reiseplanlegger: Kva betyr dette for gjesten, for Vestlandet og for aktørane?
  • Slik skriv du gode produkttekstar
  • Dette etterspør turoperatørane
  • Trender, mulegheiter og målgrupper
  • Innovasjon Norge – støtteordningar
  • «Alle korta på bordet!» Berekraft i praksis
  • Derfor jobbar vi med merking av vår destinasjon som berekraftig reisemål og sånn er det implementert i Masterplan for Sogn som reisemål

15.50-16.00 kaffi/frukt

16.00   «Sofaprat» med næringsaktørar, destinasjonar, Fjord Norge og fylkeskommunen

16.35   Kva handlar det eigentleg om? Avslutning Fjord Norge ved Stein Ove Rolland, administrerande direktør i Fjord Norge

Vi tek atterhald om endringar i programmet.

Saman med det lokale næringslivet ynskjer vi å finne potensialet for innovasjon og verdiskaping med eit sirkulært tankesett. 

I dette prosjektet har vi valgt å fokusere på to av dei største private næringane i Sunnfjord, varehandel og bygg & anlegg.  Prosjektet skal resultere i 3-5 innovative pilotprosjekt innan varehandel, bygg og anlegg. Målsetjinga er kunnskapsutveksling og å auke konkurransekrafta gjennom å ruste næringane for framtidige krav og forventningar. Har du lyst til å undersøke om di verksemd kan vere ein bidragsytar  i dette prosjektet?

Meld deg på frukostmøte og les meir om prosjektet Sirkulære Sunnfjord her!