Verda har på mange måter stoppa opp på grunn av eit virus. Liv og helse er det viktigaste og derfor har styresmaktene sentralt og lokalt no sett i verk strenge tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset. Dette er heilt nødvendig og bra.

Men det har fått og vil få store konsekvensar for næringslivet. Allereie før helga vart dei første permitteringsvarsla sendt ut, og allereie no er det klart at reiselivsbransjen, handelsnæringa, serveringsbedrifter, oppstartsselskap og andre næringar vil få alvorlege utfordringar i tida framover.

Før helga helga kom Regjeringa med første del av «redningspakken». Verdas rikaste land har økonomiske musklar til å bidra i ei vanskeleg tid. No blir det jobba på spreng med å sjå på andre tiltak som kan berge utsette næringar.
Sjølvsagt vil permitteringsvarsel til 10.000 tilsette i SAS, krisa i Norwegian og den alvorlege situasjonen i andre profilerte og store selskap prege nyheitsbildet. Men også selskap lokalt treng hjelp. Små og mellomstore selskap som er livsviktige for distrikta. Viktige arbeidsplassar. Derfor er det viktig at vi også kjem med innspel til løysingar.
Allereie i helga har eg vore i kontakt med selskap som har peikt på kva vi treng her ute for å kome over kneika. Kva slags konkrete tiltak som er viktige. Dette blir spelt vidare til dei rette personane i politikken og i embetsverket.

Ta kontakt med oss dersom du har innspel, treng hjelp eller berre vil prate i ein vanskeleg situasjon.

Helsing Rolf Sanne-Gundersen, dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling. Tlf 97055208 eller rolf@sunnfjord.no

Saman med Fjordkysten og Måløy Vekst arrangerer Sunnfjord Utvikling Vertskapskurs for reiselivs- og handelsnæringa.

Stad:      Thon Hotel Førde

Dato:     15. April. Dag 2 (Dato vert fastsett seinare)

Pris:       1500,- Inkluderar kursavgift og måltid.

Eit godt vertskap er avgjerande for kor vellykka ei oppleving blir. Dette kurset gjer deg i stand til å ta betre vare på dei som vitjar deg. Nøgde kundar fortel vener og kjende om sine gode opplevingar hjå deg. Det betyr høgare avkastning, gjenkjøp og gratis reklame. Kursholder er Märit Torkelson, som tek deltakarane med på ei reise som handler om menneskelige relasjoner og vertskap.

Påmelding til: post@sunnfjord.no

Meir informasjon om kurset:  https://www.innovasjonnorge.no/no/tjenester/reiseliv/kurs-for-reiselivsnaringen/godt-vertskap/

Foto: Førdefestivalen, Heidi Hattestein

Arrangementet er avlyst, vi kjem tilbake med ny dato.

Visit Sunnfjord har gleda av å invitere reiselivsnæringa i Sunnfjord til studietur onsdag 25 til torsdag 26. mars. Turen går til Nordfjord.
Formålet med turen er å lære litt om vellukka arrangement og å bygge nettverk internt i næringa i Sunnfjord.

Onsdag 25. Mars
09.00 – Avreise Førde
10.00 – Avreise Skei
11.00 – Ankomst Gloppen
Lunsj Gloppen Hotell
Norsk Countrytreff Breim – Nils R. Sandal
Nordfjord Active – Vidar Nyhammer
14.30 – Avreise Gloppen
15.30 – Ankomst Nordfjordeid – Innsjekk Hotell
17.00 – Arbeidsøkt/Fagleg Opplegg
19.00 – Middag

Torsdag 26. Mars
09.00 – Arbeidsøkt /Fagleg Opplegg
11.00 – Omvisning Sagastad
12.00 – Lunsj
13.00 – Avreise
15.00 – Ankomst Førde

Felles transport blir organisert t/r Førde.
Pris – 900 kr per person
Påmelding innan 2. mars til solbjorg.groneng@sunnfjord.no

Strategien skal gi retning for arbeidet Sunnfjord Utvikling gjer på reiselivsområdet dei neste 3 åra. Strategidokumentet blir fulgt opp av ei tiltaksliste som gir oversikt over det operative arbeidet. Tiltakslista vil bli revidert og oppdatert undervegs i strategiperioden.

Vi skal vise fram kvalitetane som fins i Sunnfjord og ta ein posisjon i marknaden som destinasjonen der du får dei gode opplevingane. I dette ligg det også at vi skal strekke oss etter eit litt meir betalingsvillig publikum, både i den nasjonale marknaden men også internasjonalt.

Det er Sunnfjord Utvikling AS som er eigar av strategien og den er vedteken av styret i selskapet. Reiselivsnæringa i Sunnfjord har vore involvert i arbeidet og har komme med sine innspel. Strategien er også forankra hos administrasjonen i Sunnfjord Kommune. I September 2019 blei strategien lagt fram og presentert for fellesnemda i nye Sunnfjord Kommune.

Lenke til strategien: Reiselivsstrategi Sunnfjord 2020-2022

I dag vart det kjent kva slags bedrifter som får til saman 1,25 milliardar kroner frå Forskningsrådet. Totalt kom det inn 352 søknader frå selskap i alle fylke.
Sunnfjord Utvikling AS er mellom dei selskapa som får 2,5 millionar kroner til eit prosjekt som har namnet Verdiskapande kundeopplevingar i kulturdestinasjonen Sunnfjord.

Kulturturisme er ein internasjonal trend i sterk vekst, og Norge skal bli ein kulturdestinasjon innan 2030. Sunnfjord har potensiale for å utvikle seg som kulturdestinasjon. Her finst kulturopplevingar av høg kvalitet i form av kunst, musikk, teater og kulturarv. Likevel er det behov for at dei om lag 200 000 turistane som overnattar i Førde blir lenger, opplever meir og kjem på besøk heile året. Musea mottek høg statleg stønad per gjest, men har likevel for få besøkande. Overrislingseffektane av kulturarrangement på reiseliv og handelsnæring er låg. Handelsnæringa i Førde står sterkt, men omsetninga ligg likevel under snittet for landet. Eit velutvikla kulturtilbod er ein nøkkel til handelsvekst. Både innan kultur, reiseliv og handel i Sunnfjord ligg det altså eit uforløyst potensial for auka verdiskaping. Målet til prosjektet er å designe heilskaplege kundeopplevingar som bidreg til berekraftig verdiskaping på tvers av tre sektorar.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking og Sunnfjord Utvikling AS. I tillegg har vi henta inn desse aktørane;
Elvetorget, Musea i Sogn og Fjordane, Førdefestivalen, Førde Gjestehus og Camping, Jølstraholmen, Jølstramuseet, Scandic Sunnfjord Hotel, Sogn og Fjordane Teater, HVL, Thon Hotel Førde og Thon Hotel Jølster.

Rolf og gjengen hans i Sunnfjord Utvikling er gledeleg overraska over at vi kom gjennom nålauget til Forskningsrådet. Kompetansen og kunnskapen til Vestlandsforsking i å søkje og byggje eit prosjekt har vore avgjerande. I tillegg var det veldig kjekt og avgjerande at bedriftene vil vere med i det vi ser på som ei storsating på kultur og reiseliv i Sunnfjord. Vi har mange kvalitetar i Sunnfjord, men vi har også eit stort potensiale for fleire turistar og betre utnytting av den infrastrukturen vi har i form av kultur, musea, handel, overnattingsbedrifter med meir.

 

Vi er ein av fleire aktørar som siste tida har jobbe med dette spenstige prosjektet, som har vist seg i si flotte prakt i mørketida. Det gler oss å sjå det positive engasjementet og den gode omtalen dette samarbeidsprosjektet har fått. Vi anbefalar alle ein spasertur i julebyen og ynskjer alle ei fin førjulstid! Sjå meir om julebyen her

Viss ein ikkje berre vil reise frå A til Å, men ønsker ein rundtur eller ein tur som ikkje går rakaste veg, er det ikkje så lett å finne ut korleis ein gjer det med offentlig transport – spesielt ikkje viss du er turist i området. Derfor utvikla Møre og Romsdal fylkeskommune i 2016 konseptet “Travel like the locals” – eller «Reis som dei lokale». Dette er “ferdigpakka” turar med offentleg transport som inneber spanande reiser til fine destinasjonar. Turane kan kjøpast på førehand på nett eller på fysiske utsalsstader.

Frå i år er tilbodet utvida til Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Nærare 50 turar fordelt på dei tre «nye» fylka er no tilgjengeleg for sal på ulike turistkontor og gjennom destinasjonsselskapa sine nettsider. Alle turar for Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er og tilgjengeleg for bestilling på den felles nettsida www.tltl.no. For Møre og Romsdal er det førebels ei eiga side, www.fram.no/travel, men også desse turane vil etter kvart bli kopla på den nye fellesportalen.

Dei første turane er allereie selt. Turistinformasjonen i Stavanger var først ute av salskontora og selde turen «Øyhopping til Lindøy og Langøy» til to britiske turistar som var svært nøgde med turen. Fleire «står på vent» og er klare til å kjøpe turar når nettsida no blir klar.

Med salsklare destinasjonsselskap og turistkontor rundt om på Vestlandet og felles nettside på plass, er vi no klare for ein spanande første sesong med Travel like the locals i alle dei fire vestlandsfylka!

 

«Travel like the locals» er eit samarbeid mellom fylkeskommunane Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, kollektivselskapa/-merkevarene FRAM, Kringom, Skyss og Kolumbus og destinasjonsselskapa i dei fire fylka.

 

For meir informasjon om prosjektet, kontakt prosjektleiar Marit Holen, e-post marit.holen@mrfylke.no. mobil 975 44 525.

Strategisk næringsplan for Sunnfjord kommune 2019-2022 er no lagt ut på høyring. Frist for innspel er 1. april 2019. Deretter skal planen behandlast i fire kommunestyrer. Trykk på følgande lenker for å komme til planen:

Strategisk Næringsplan

Handlingsplan

Vedlagt lenker til kommunane sine nettsider, om du ønskjer lese meir om behandlinga i forbindelse med utlegging :

Jølster

Gaular

Førde

Naustdal

 

Innspela skal sendast til kommunane, men er det spørsmål eller kommentarar kan de ta kontakt med Bente Hauge eller Rolf Sanne-Gundersen i Sunnfjord Utvikling.

Sunnfjord Utvikling AS skal utarbeide ny reiselivsstrategi for Sunnfjord. I arbeidet med den nye strategien ønskjer vi innspel frå reiselivsnæringa i Sunnfjord. Vi inviterer derfor til ope møte på Thon Hotel Førde den 1. april.

Program:
1. Innleiing – Prosess og eigarskap til Strategien
2. Presentasjon av hovudpunkt i reiselivsstrategi for Sunnfjord
3. Diskusjon, innspel og kommentarar

Påmelding til post@sunnfjord.no innan 28. mars.

Olahansfjellet, Foto Olav Sægrov

Olahansfjellet, Foto Olav Sægrov

Jølster kommune har i samarbeid med SNU og bondelagsorganisajonar, Sunnfjord turlag, toppturboka i Sunnfjord, m.fl. starta opp eitt prosjekt for å få opparbeida parkeringsplassar og dagleg brøyting for ni startplassar ved populære toppturmål.

Jølster kommune har i samarbeid med SU og bondelagsorganisajonar, Sunnfjord turlag, toppturboka i Sunnfjord, m.fl. starta opp eitt prosjekt for å få opparbeida parkeringsplassar og dagleg brøyting for ni startplassar ved populære toppturmål. Naustdal Gjengedal vernområdestyre har gjort vedtak om å støtte prosjektet med 150.000 kroner. Dette gjer at Jølster kommune kan starte opp allereie i år, så fort avtalar med grunneigarar er på plass.
Vi har også søkt om midlar frå Fylkeskommunen (infrastrukturmidlar), Sparebankstiftinga og Jostedalsbreen nasjonalpark. Svar frå dei to første er venta innan utgangen av oktober.

kart_over_p-plassane

Dei ni startplassane ligg spreidd i heile Jølster.

Dei ni startplassane ligg spreidd i heile Jølster og er valt ut i samråd med referansegruppa.
Dei fleste er avhengige av å bruke privat bil for å komme seg på topptur/ski vinterstid, og vil helst parkere i nærleik av der turen startar. Dagens parkeringssituasjon ved populære toppturfjell er allereie utfordrande, og for friluftslivet og grunneigarar er det viktig å få etablert gode parkeringsplassar med informasjon og føreseieleg brøyting.

Du kan også lese om saka hos Firda

Foto: Olav Sægrov