Regjeringa la 29. mai fram sin plan for å bidra til Norge kjem godt ut av koronakrisa. Mange av tiltaka som er lagt fram tidlegare vert vidareført, medan nokon blir endra eller fasa ut. I tillegg kjem det til nye tiltak som skal fremje aktivitet og arbeidsplassar. Under finn de informasjon om relevante endringar og nye tiltak for næringslivet.

Tiltak som blir føreslått justert

  • Gradvis nedtrapping av kompensasjonsordninga, med utfasing ved utgangen av august. Støttefaktoren blir føreslått nedjustert til 0,7 i juni og juli, og 0,5 i august. Les meir på regjeringa.no
  • For nye tilfelle av permitteringar frå 1. september 2020 foreslår regjeringa å auke tal dagar med lønsplikt for arbeidsgivarar frå to til ti dagar, og samtidig avvikle den ekstraordinære lønskompensasjonen for nye permitterte. Les meir på regjeringa.no
  • Den utvida retten til bruk av eigenmelding vert reversert frå 1. juni 2020
  • Arbeidstakar si kvote for omsorgspengar vert nullstilt frå 1. juli 2020. Det inneber at arbeidstakarar får rett på ei normal heilårskvote for siste halvår av 2020, uavhengig av om den utvida kvota er brukt opp

Nye tiltak:

  • Lønsstøtteordning – midlertidig støtteordning for bedrifter som tek permitterte tilbake i arbeid. Ordninga er tidsavgrensa og gjeld for juli og august. Les meir om ordninga på regjeringa.no
  • 250 mill. kroner til tilskotsordning under Innovasjon Norge for bedriftsutvikling i reiselivsnæringa
  • 250 mill. kroner til ny kompensasjonsordning som skal bidra til at sesongbedrifter som har opplevd stort omsetningsfall kan dekke sine utgifter til lovpålagt vedlikehald
  • 600 mill. kroner til bedriftsretta tiltak i kommunar som er særskilt hardt ramma som følgje av virusutbrotet
  • Bygg og vedlikehaldspakke på fire milliardar kroner som skal halde aktivteten oppe over heile landet. Ein stor del av desse midlane vil gå gjennom kommunane
  • Grøn omstillingspakke på til saman 3,6 mrd. kroner over tre år. Hovudsatsinga i den grøne omstillingspakka er 2 mrd. kroner i auka løyving til Enova i 2020 som skal forsterke satsinga på teknologiutvikling i industrien
  • Forsterka satsing på kunnskap og kompetanse

I tillegg løyver Vestland fylkeskommune meir til kompetanse

 

Takk til Sogn Næring for deling av tekst

Her ser du meir om tidlegare informasjon vedr relevante tiltak for næringslivet