Sommaren for campinggjester blir ikkje som den pleier, heller ikkje i Sunnfjord. Men i tråd med smitteverntiltak og ein ny veiledar for campingnæringa, håpar vi alle at mange kjem til å besøka våre campingplassar, hyttegrender og gjestegardar i Sunnfjord.

Alle må ta hensyn til dagens situasjon, dette gjeld både vertskap og besøkande. Det betyr mellom anna at det må vera god avstand mellom oppstillingsplassar og innsjekking. Det må også vera antalsbegrensing i sanitæranlegg, kjøken og TV-stover. Sjølvsagt må det også vera hyppigare reinhald av fellesareal og leikeplassar.

Her kjem informasjon om kva nokre av campingplassane i Sunnfjord tilbyr sommaren 2020:

 

JØLSTRAHOLMEN, VASSENDEN, JØLSTER
www.jolstraholmen.no

Jølstraholmen er ein stor campingplass, med mange aktivitetar og eit av Norge sine flottaste sanitærbygg.

Vertskapet, Kristine og Tore, har i sommar 21 heilårshytter av høg standard, 120 sengeplassar, 55 vogn- og bubilplassar og 25 teltplassar. Det er butikk, bensinstasjon, kafeteria og frisør på området, og kort veg til mange attraksjonar.

Jølstraholmen har bad på alle hyttene, med unntak av ei som er under oppbygging, og dette er ei glampinghytte.

Sommaren 2020 har dei nedgang i bestillingar på 50% i mai, 75% for juni, 50 % i juli og 80 % for august.

Jølstraholmen har ope heile året, og jobbar etter veiledaren frå NHO Reiseliv for camping når det gjeld smitteverntiltak.

HØYSETH CAMPING, STARDALEN, JØLSTER
www.hoysethcamping.no

Høyseth Camping opnar 8. juni, og kan tilby 8 hytter- 32 sengeplassar. Fem hytter med plass til 4 personar, to hytter med plass til 5/6 personer og ei hytte med plass til 2 personar.

Det er ikkje innlagt vatn eller bad på hyttene. Det er eige sanitærbygg med dame- og herretoalett og dusjar, og eige rom for oppvask og hente vatn.

Høyseth Camping har på dette tidspunktet berre 35 bookingar ut september, sidan dei fleste som var innbooka var frå utlandet og difor no er kansellert.

Når det gjeld smitteverntiltak, så forheld dei seg til anbefalingar frå helsemyndigheitane og kommune-overlegen i Sunnfjord. Det er hyppig reinhald av sanitærbygg, samt avtalte ordningar med gjester vedkomande bruk av dusj og vaskerom. Det er håndsprit i alle hytter og sanitærbygg. Og plakatar om håndvask og vaner som forebygger smitte på hytter og sanitærbygg.

Sidan det er strenge krav til reinhald på grunn av COVID- 19 vil det ikkje bli eit val å vaske hyttene sjølv og det vil bli obligatorisk å betale for utvask, 150kr for dei små hyttene og 250kr for dei med plass til 5/6 personar. Campingsjef Bjørnstad vil ellers passe på at det er «gullenderent» til einkvar tid:)

JØLSTERLIA HYTTETUN, ÅRDAL, JØLSTER
www.jolsterlia.no

Jølsterlia Hyttetun ligg i rolege og barnevenlege omgjevnader midt i naturperla Jølster. Her er flott utsikt til både Jostedalsbreen og mykje av Jølster.

Jølsterlia Hyttetun har ope heile året, og har heller ikkje dette året vore stengt.

For vanleg utleige har dei denne sommaren 2 hytter med 6 sengeplasser og 1 hytte med 4 sengeplasser. Alle hyttene har eigne bad.

Situasjonen deira er at framleis er det alt for mange bestillingar frå utenlandske gjester i juli og august som ikkje er avbestilt. Dette gjer det vanskeleg å vite om dei skal ta sjansen på å booke inn norske gjester som dobbelbookingar når myndigheitene ikkje har bestemt heilt sikkert om det kan komme utenlandske gjester i sommar. Har elles hatt bra etterspørsel frå norske gjester for juli månad.

Belegget i mars og april har vore ganske normalt, medan i mai er alt pr. no avbestilt. Så der er det berre å håpe på fint vær så nordmennene får lyst på ein Jølstertur. I juni har Jølsterlia pr. i dag bookingar på ca 30% av kapasiteten frå norske gjester + nokre få utenlandske som ennå ikkje er avbestilt. I juli har dei lite ledig, men som nemnt tidlegare, så er det nokre utenlandske bestillingar som mest truleg går ut. I august har dei nesten berre utenlandske bookingar så den ser skummel ut.

Jølsterlia Hyttetun følgjer sjølvsagt til ei kvar tid gjeldande anbefalingar frå helsemyndigheitene.

STARDALEN HYTTEGREND, STARDALEN, JØLSTER
www.stardalenhyttegrend.com

Stardalen hyttegrend ligg i den vakre Stardalen i Jølster, nær opp til Jostedalsbreen nasjonalpark, midtvegs mellom Bergen og Ålesund. Hyttegrenda er omringa av vakker og vill vestlandsnatur, og ligg i rolege omgjevnader.
Dei tilbyr 10 hytter, med totalt 60 sengeplassar. Alle hyttene har eige bad, og hyttegrenda har ope heile året.
Situasjonen deira framfor sommarsesongen 2020 er at mai har innbooka ca 40 % belegg, juni ca 30 %, juli ca 70 % og august ca 40 % belegg.
Vertskapet ved Stardalen Hyttegrend, Jacob & co, opplever at bookingar frå utlandet ikkje vert avbestilt før nær opp til 21 dagars-fristen, men dei jobbar no med å sende ut skriv til franske og spanske gjester, med oppmoding om å kansellere dersom dei med sikkerheit veit at dei ikkje kan komme (gratis avbestilling). Har allereie fått 4-5 avbestillingar på bakgrunn av desse henvendelsane, som vart sendt på deira eige språk.
Stardalen hyttegrend følgjer smitteverntiltaka frå helsemyndigheitene.

JØLVASSBU CAMPING, VASSENDEN, JØLSTER
www.jolvassbu.no

Jølvassbu Camping ligg flott plassert ved elva Jølstra, i nydelege omgjevnader. Her er det gangavstand til fiske, turstiar, badestrand, butikk, restaurant, båt, kajakk, kano osv.

Jølvassbu Camping er eit ideelt utgangspunkt for fiske i eit av Europa sine beste aurevassdrag, og vertskapet ved Jølvassbu har lang erfaring med sportsfiske, og deler gjerne sin kunnskap med sine gjester.

Vertskapet ved Jølvassbu, Egil og Gunn Marte, opna campingen 30. april, og har ope kvar dag fram til hausten.

Dei tilbyr 7 hytter med 7-9 sengeplassar. I tillegg har dei fasilitetar for telt, bubilar og campingvogner. Dei har ei hytte med eige bad.

Sommaren 2020 har dei innbooka pr. i dag 108 hyttedøgn og ca 20 bubildøgn.

Smitteverntiltak blir følgt opp etter nær kontakt med kommuneoverlegen i Sunnfjord og veiledar for camping frå NHO Reiseliv. I tillegg så har Gunn Marte og Egil laga ein eigen intern plan for smittevern, som inneheld informasjon om interne tiltak til kundar ved bestilling, ved ankomst eller drop-in. Tiltaka er avstand, handhygiene, redusere antal gjester, oppslag om smitteverntiltak, desinfeksjonsveske ved alle dører i fellesbygget, familier/grupper som reiser ilag får tildelt same bad/toalettrom, der det er brukarar som ikkje reiser ilag, blir det desinfisert etter kvart bruk osv.

SKEI SERVICENTER/JØLSTER PANORAMA, SKEI, JØLSTER
www.jolsterpanorama.no

Jølster Panorama er campingglede i vasskanten, tett på Jølstravatnet. Campingplassen er perfekt for aurefiske, oppleving av flott natur og vakre fjellturar.

Jølster Panorama tilbyr overnatting for bubil, campingvogn og telt, samt eit heilt nytt og moderne sanitærbygg. I tillegg har dei 5 låg-standard- hytter, som har 2 sengeplassar i kvar hytte. Desse har ikkje eige bad. Det er plass til 40 bubil-/campingvogn og -teltplassar. 35 nye er under arbeid, men rekk dessverre ikkje sesongen 2020.

Dei har ope heile året, men fram til 22. Juni er innsjekk på Cirkle K Skei, etter dette er det innsjekk på Jølster Panorama.

Vertskapet, familien Fugle, har 4 hytter inne i sentrum ved Circle K, der 3 av hyttene har 7 sengeplassar og 1 hytte har 10 sengeplassar, alle desse er med eige bad.
Det er framleis ein god del ledig til sommaren 2020.

Jølster Panorama, Skei Servicenter og Turistinformasjonen på Skei følger NHO Reiseliv sine retningslinjer når det gjelder smitteverntiltak på campingplassar, dei følger nøye med, og rettar seg etter desse.

FLATHEIM, VIKSDALEN, GAULAR
www.gaularfjellet.no

Denne idylliske gjestegarden i Viksdalen har noko heilt spesielt over seg. Her kan ein overnatte i særprega atmosfære i hus frå 1500-talet, eller i pensjonatet frå 1949. Ein kan også overnatte i telt.
Vertskapet, Heidi og Sigurd, kjem til å opne Flatheim gradvis i tråd med smittevernråda, og mest truleg ca rundt 1. juni.
På Flatheim er det normalt ca 20 sengeplassar, fordelt på 6 einingar pr no. Dei leiger ut eit begrensa antal teltplassar på friluftsområdet sitt. Desse har ikkje tilgang til dusj/bad, men kan nytte utedo, gapahuk, grillar m.m. på området og hente vatn i elva. Bubilar eller campingvogner tek dei ikkje imot, men henviser derimot til Hov Hyttegrend, som har oppstillingsplassar for dette.
Alle einingar har eigne bad, med unntak av to doble rom som deler bad, eitt av desse blir no stengt til det er tilrådeleg å dele bad.
Når det gjeld sommaren 2020, så har Heidi og Sigurd mange bestillingar pr. no, men dei har hatt litt avbestillingar, og det ligg under fjoråret for alle månadene. Grunnen til dette er sannsynlegvis mest fordi det har vore lite bestillingar dei to siste månadene. Mange av bestillingane er utanlandske. Desse vil truleg avbestille elles, men førebels held dei på plassane, og såleis stenger dei også for norske/kortreiste turistar som elles kunne bestilt.
Smitteverntiltaka til Flatheim har vore å stenge ned heile bedrifta, fram til no. Dei opnar og justerer i tråd med tilrådingane frå myndigheitene framover. Ting er jo framleis usikkert for alle.

FØRDE GJESTEHUS OG CAMPING, FØRDE
www.fordecamping.com

Stort campinganlegg med sentral plassering midt i fylket! Kort veg til fjell, sjø, villmark og naturvakkert landskap.
Alle hytter er vinterisolerte, med godt utstyrt kjøken, TV og dusj/toalett. Nybygd gjestehus med flotte, moderne ferieleiligheiter. Nytt stort og moderne sanitæranlegg.

Overnattingskapasiteten deira er følgjande:
1 stk 8 personers-hytte
8 stk 6 personers-hytter
10 stk 4 personers-hytter
6 stk leiligheter
4 rom med kjøkken og bad
16 rom i gjestehuset

Totalt er det 166 sengeplassar. Alle deira hytter og leiligheter har eige bad, kjøkken og parkering like ved. Dei har 60 plassar til bubil-/campingvogner med straum, 26 av desse er asfaltplassar. Her er stort område til telt og camping utan straum.

Førde Gjestehus og Camping har sett i stand følgjande smitteverntiltak: antibac både i resepsjonsområdet og på sanitæranlegget, plexiglas ved resepsjonen, løysing for betaling/nøkkelhandtering utan resepsjonskontakt for dei som ønsker det (vipps, nøkkelboks osv), alle bueiningar er stengd min. 24 timar før utleige til ny gjest og dei har gode rutinar på vask av hytter, leiligheter og rom. Felleskjøkken og fellesstove på sanitæranlegget er framleis stengd inntil vidare.

Førebels er det god kapasitet i juni og august, men i delar av juli er det begynt å fyllast opp i bookinga.

LUNDE TURISTSTASJON, KJØSNESFJORDEN, JØLSTER
www.turiststasjon.no

Lunde Turiststasjon ligg mellom mektige fjell og under ein arm av Jostedalsbreen, Lundebreen. Å overnatte her er eit godt utgangspunkt for aurefiske i Jølstravatnet, turar i nærområdet og å besøke dei ulike musea og galleria i Jølster.

Dei opnar 18. mai, og har i sommar 26 sengeplassar, fordelt på 8 einingar. Desse har/disponerer eigne bad.

For sommaren 2020 har Lunde Turiststasjon bestillingar på ca. 30% av kapasiteten for juni, juli og august, MEN 65 % av desse er utanlandske som truleg vert avbestilt.

Som smitteverntiltak har vertskapet på Lunde, Linda og Atle, bestemt at dei leiger ut færre einingar slik at ingen må dele bad med andre enn eige reisefølgje. Elles følgjer dei smittevernråda dei har fått frå smittevernlegen i Sunnfjord kommune.

HOV HYTTEGREND, VIKSDALEN, GAULAR
www.hovhyttegrend.no

Hov Hyttegrend ligg midt i det vakre Fjord-Norge. Det er kort avstand til bre og fjord, og det verna Gaularvassdraget brusar tett forbi, med mektige fossar, stryk og idylliske vatn. I området er det rikeleg med fisk, skogsbær og sopp.

Hov Hyttegrend har delvis opna for sesongen, og dei har 20 hytter, av desse 9 med WC og dusj, og 3 med WC og varmt vatn. Totalt 64 senger.
Det er plass for 15 bubilar og mogeleg med tilknyting av straum.

Servicebygget med 6 toalett og 4 dusjar vert opna 1. juni.

Fram til februar såg det ut til å verte beste sesongen nokon gong.
Ottar, som også er regissøren bak flotte Fossestien, ein godt tilrettelagt vandreveg frå Gaularfjellet til Viksdalen, har framleis mykje bestillingar til sommaren av utlendingar. Dette er mange faste gjester, som er avventande og vil sjå korleis ting utviklar seg framover.
Han får dagleg avbestillingar og lite nye bestillingar.

Av smitteverntiltak vert det antibac, ekstra reinhald og avstandsregulering.

 

Dette var altså litt av dei tilboda som finst innan camping, hytter og gjestegardar i Sunnfjord. Men turistinformasjonen, som opnar 15. juni, kjem til ei kvar tid å ha oversikt på ledig kapasitet i regionen vår. Dersom ein stikk innom dei på Circle K, Skei i Jølster, møter ein smilande og hjelpsame folk, som gjev informasjon om heile Sunnfjord frå tidleg morgon til seine kvelden.

Velkomen til gode opplevingar i Sunnfjord!