,

Driv du reiselivsverksemd utan ladestasjon for elbilar?

No kan reiselivsaktørar få 10.000 kr i støtte for kvar ladestasjon dei etablerar. Vestland fylkeskommune støttar reiselivsaktørar i fylket som vil etablere eit ladetilbud for reisande som oppheld seg over lengre tid ved ein attraksjon, eit opplevingssenter eller ein overnattingsplass. Det vert tildelt midlar løpande fram til potten er tom. Søk – få tilsegnsbrev – sett opp lader. Jo raskare du søker jo større er sjansen for støtte. Fylket har allereie mottatt ein del søknader så her må ein være om seg.

Søknadsskjema finn du inn her:  https://www.regionalforvaltning.no/Startside/Velkommen.aspx?Ordning_Id=3242&Cookie=0