,

Oppstart av kurset «Praktisk berekraft for små bedrifter»

Målet med kurset er å hjelpe bedrifter til å kome i gang med berekraftsarbeid raskt og effektivt. Kurset vil bidra til bevisstgjering og konkretisering i kva berekraft betyr for di verksemd, slik at det kan vere med å styrke konkurransekrafta.

Oppstart modul 1

Første runde med modul 1 vart gjennomført 26. september. Vi planlegg oppstart av ny runde med modul 1 i desember. Påmeldingslenke kjem når dato er sett.

Tilbod kurs, workshop og rapport

Ymsir AS, ved Anne Mette Hjelle, er engasjert til å gjennomføre prosjektet. Ho vil, i lag med Aud Ingrid Espeland, stå for den praktiske gjennomføringa. Ymsir har god erfaring med eit tredelt opplegg, der ein kan velje å ta berre modul 1, eller modul 1 i kombinasjon med modul 2 og 3. Alle modulane (1, 2 og 3) vil gje eit betre og meir komplett resultat.

Modul 1: Grunnleggande kurs om praktisk berekraftsarbeid og informasjon om krav og ulike rapporteringsmåtar med konkrete døme.

Modul 2: Workshop:
• Gjennomgang av korleis bedrifta påverkar ulike berekraftsmål (positivt/negativt), inkl. interessentanalyse.
• Status/oppfølging opp mot ESG (miljø¸, sosiale forhold og selskapsstyring).

Modul 3: Enkel oppstilling av berekraftsstatus til deling på nettside eller direkte mot kundar, bank o.a. (NB. lkkje fullstendig rapport).

Pris: Bedriftene blir invitert til å delta gratis på det grunnleggande kurset (fellessamling). Dersom bedrifta vel å gå vidare med modulane 2 – 3 (individuell oppfølging), er totalprisen for bedrifta kr 21 600,-. Dette er ein rabattert pris , der 67% av kostnaden blir dekka gjennom gåvemidlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sunnfjord Utvikling.

Ressursbruk: For alle tre modulane vil det gå med inntil 2 dagar totalt på deltaking i kurs, workshop og individuell oppfølging. Kurset er retta mot dagleg leiar saman med eit par av dei tilsette. Gjerne og styreleiar.

Synes du dette høyres relevant ut for di verksemd? Eller ynskjer du meir informasjon om kurset? Då kan du ta kontakt med Bente Hauge.