Nytt utviklingsprosjekt for landbruksnæringa i Sunnfjord
Foto: Sverre Hjørnevik
Sunnfjord Utvikling har i 2024 fått tilskot frå Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftinga til å jobbe med å vidareutvikle landbruksnæringa.
I dag, meir enn nokon gang, er det viktig å sette fokus på kva moglegheiter som eksisterer i næringa og synleggjere kor viktig landbruket er for regionen, og landet vårt for øvrig. Sunnfjord utvikling jobbar for at Sunnfjord kommune skal utvikle sin posisjon som største landbrukskommune i Vestland og styrke landbruksnæringa i heile Sunnfjord. Sunnfjord har eit stort potensiale innan både basisproduksjonar og tilleggsnæring, i tillegg har vi naturbrukslinja på Mo. Alt ligg til rette for at Sunnfjord kan få ein styrka basisproduksjon og eit mangfald av tilleggsnæringar. Vi er også i ein posisjon der vi kan bli leiande innan forsking og innovasjon knytt til berekraftig matproduksjon, klimaomstilling, bruk av restmassar og industrielle symbiosar,. Landbruket gjev arbeidsplassar, direkte knytt til gardsbruka og indirekte i næringsmiddelindustri og leverandørverksemder.
For å få til vekst i næringa er vi avhengig av gode lokale kompetansemiljø. I dette prosjektet skal vi leggje til rette for møteplassar, kompetanseheving, og deling av kunnskap og erfaringar. Vi skal sette i gang å kartlegge kva tilleggsnæringar vi allereie har i regionen, samt leggje til rette for at nye kan få utvikle seg. Vi skal lage mindre møteplassar ute i distrikta, og ein større møteplass i form av ein landbrukskonferanse som går over to dagar. Denne blir arrangert i løpet av April 2024.