,

Gunhild Berge Stang vert ny dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling AS

– Det å kunne bidra til vekst og verdiskaping var årsaka til at eg gjekk inn i politikken, så dette er eit naturlig neste steg, seier Gunhild Berge Stang.

Berge Stang fasar ut dei fleste av dei politiske verva framover og tek over som dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling 1. oktober. Bente Hauge fortset som konstituert dagleg leiar fram til Berge Stang er på plass.

Flyttar heim
– Det har vore utruleg spennande og givande å jobbe i Oslo og i Kulturdepartementet, men med små born på heimebane har eg heile tida vore klar på ovanfor familien at det skulle være eit tidsmessig avgrensa prosjekt. Både det politiske engasjementet mitt og det at eg takka ja til denne jobben, botnar i at eg alltid har brent for å vere med på å bygge arbeidsplasser og vekst i regionen.

Gunhild Berge Stang gler seg til å ta fatt på oppgåvene i Sunnfjord Utvikling. Foto: Lindsey Bundschuh

Søker fritak frå fylkespolitikken
For å kunne jobbe effektivt med utvikling i Sunnfjord og oppnå tverrpolitisk tillit, søker Berge Stang fritak frå fylkespolitikken.

– Det kjennes ryddigare slik, eg vil at det ikkje skal vere nokon tvil om at eg jobbar for og med næringsutvikling i kommunen. Og dette er som sagt noko eg verkeleg brenn for – i dei mange rollene mine i politikken opp igjennom åra har det vore ekstra givande å kunne bidra til å skape vekst i distrikta. Mellom anna har eg jobba for utflytting av statlege arbeidsplassar til regionane, og med regionale flyplass- og vegprosjekt.

Brubyggjar mellom privat og offentleg sektor
Styreleiar John Helge Lunde er veldig glad for at Gunhild Berge Strand har takka ja til å bli dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling.

– Dette er ein svært viktig jobb som har som hovudoppgåve å bidra til god utvikling i samfunnet vårt og til godt samspel mellom privat og offentleg sektor. Dagleg leiar skal også sikre at Sunnfjord Utvikling i sitt arbeid har ein passeleg balanse mellom å arbeide med dagsaktuelle saker på den eine sida og å påverke dei langsiktige moglegheitene/truslane for

vår region på den andre sida.

Med Gunhild Berge Stang sin bakgrunn som statssekretær, tidlegare ordførar i Fjaler med eit sterkt fokus på næringsutvikling, lang erfaring frå offentleg sektor og ikkje minst hennar personlege eigenskapar, er Lunde trygg på at styret har funne den rette daglege leiaren for Sunnfjord Utvikling framover.

Gler seg til å bidra til ytterlegare vekst
Gunhild Berge Stang ser fram til å ta fatt på oppgåva.

– Sunnfjord er sterke på utvikling av arbeidsplassar, og det er mange verdiskapande initiativ i regionen. Eg gler meg verkeleg til å komme i gang og jobbe for å få til ytterlegare vekst i tida framover.