Gjennom dei siste månadane har PwC, på bestilling frå Sunnfjord Utvikling, arbeida med ein omfattande nærings- og ringverknadsanalyse for Sunnfjord. Målet er å synleggjere styrkane våre og peike ut nokre retningar for kommunikasjon og marknadsføring av regionen vår, for å tiltrekke oss folk og at dei som bur her ynskjer å bli buande.

Nærings- og ringverknadsanalysen, som er steg ein i eit større omdømme-/attraktivitetsprosjekt, skal gje oss innsikt i kvifor Sunnfjord opplever god vekst og kva for ringverknader denne veksten kan skape. Det skal også synleggjerast korleis vi sikrar framtidige investeringar og vekst i Sunnfjord.

På nyåret vil vi ha klart ein fullverdig analyse, men allereie no vil vi dele resultatet frå kartleggingsfasen og foreløpige funn. Dette kan reknast som ei løypemelding og den endelege rapporten kan difor avvike frå denne førebelse presentasjonen.

Målet med den endelege analysen er at den skal ha stor bruksverdi. I den vidare kommunikasjonen vil det bli produsert bilete og korte videoar som kan nyttast av næringslivet og offentlege aktørar i marknadsføring og kommunikasjon.

Løypemeldinga vart presentert for formannskapet i Sunnfjord kommune 5. november. Endeleg rapport vil bli tilgjengeleggjort og presentert for næringsliv og offenteleg aktørar på nyåret.

Stor takk til alle som har bidrege inn i dette arbeidet sålangt!

Presentasjon av førebelse funn i kartleggingsfasen

 

Ein ny serie med kurs for reiselivsbransjen, hos Fagskolen i Viken, er no opna for søknader. Alle kursa er gratis, undervisast av erfarne bransjefolk og kan kombinerast med jobb.

I år tilbyr Fagskulen i viken òg kurs på engelsk i digital markedsføring og bærekraftig reiseliv.

Les meir om dei forskjellege kursa og søknadsprosessen på fagskulen sine sider her.