Saman med det lokale næringslivet ynskjer vi å finne potensialet for innovasjon og verdiskaping med eit sirkulært tankesett. 

I dette prosjektet har vi valgt å fokusere på to av dei største private næringane i Sunnfjord, varehandel og bygg & anlegg.  Prosjektet skal resultere i 3-5 innovative pilotprosjekt innan varehandel, bygg og anlegg. Målsetjinga er kunnskapsutveksling og å auke konkurransekrafta gjennom å ruste næringane for framtidige krav og forventningar. Har du lyst til å undersøke om di verksemd kan vere ein bidragsytar  i dette prosjektet?

Meld deg på frukostmøte og les meir om prosjektet Sirkulære Sunnfjord her!

Sunnfjord kommune er i tredje runde tildelt kr. 3.147.000 til kommunal kompensasjonsordning.

Hensikta er den same som med dei to førre tildelingane – tilskotet skal sette kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordninga skal og fungere som ei kommunal ventilordning, for å kompensere lokale verksemder som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Kommunane skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging.

Kommunane har eit stort handlingsrom til å tilpasse kva type verksemder dei skal støtte avhengig av den lokale situasjonen. I Sunnfjord er spesielt reiselivsnæringa og serveringsstadane hardt råka. Desse har vore prioritert i tidlegare rundar. I runde 3 vil dei som ikkje har fått tildeling i dei tidlegare rundane bli prioritert først. Alle kan søke, men av næringar er det reiseliv, arrangement og serveringsstader som framleis vil få første prioritet, deretter lokale tenesteytande næringar og handelsverksemder (ikkje daglegvarer) og andre verksemder som av ulike grunnar fell heilt eller delvis utanfor dei generelle og tidlegare kompensasjonsordningane.

Søknadsprosessen er enkel og tilskotet er i stor grad tillitsbasert.

Nærare om kriteria og prioritering for tildeling av støtte:

Sunnfjord kommune har sett følgjande kriterier for tildeling i runde 3

Mål for ordninga (lyst ut som nasjonal notifisert ordning)
Ordninga skal sikre tilgang til likviditet i verksemder og dempe dei økonomiske konsekvensane av Covid-19-pandemien, ved hjelp av direkte tilskot. Ordninga skal rettast mot lokale verksemder.

Tilskotet kan dekke
Midlane skal brukast på tiltak for lokale verksemder, etablerarar og andre næringsaktørar som:

  • har tap av omsetning/inntekt som følge av Covid-19-pandemien eller den påfølgande økonomiske nedgangen
  • har auka kostnader som følgje av tiltak for å unngå spreiing av Covid-19, og kostnader direkte knytt til Covid-19-lågkonjunktur
  • har tap av varer pga. Covid-19-pandemien

Målgruppe for den nasjonalt notifiserte ordninga
Følgjande næringar skal prioriterast i følgjande rekkefølge:

a. Reiseliv, arrangement og serveringsstader
b. Lokale tenesteytande næringar og handelsverksemder (ikkje daglegvare)
c. Andre verksemder som av ulike grunnar fell heilt eller delvis utanfor dei generelle og tidlegare kompensasjonsordningane

Ein vil tildele støtte til bedrifter etter følgjande prioritering:

  1. Bedrifter i målgruppe a), b) og c) som ikkje har fått tildelt midlar i dei 2 førre rundane, og som har blitt tildelt relativt små beløp frå den generelle statlege kompenasjonsordninga sett i forhold til kva verksemda har hatt i tap
  2. Bedrifter i målgruppe a), b) og c) med omsetning over 3,5 mill i 2019. For nystarta verksemder budsjett 2020
  3. Bedrifter i målgruppe a), b) og c) med omsetning under 3,5 mill i 2019. For nystarta verksemder budsjett 2020

Storleik på tilskotet

  • Storleiken på tilskotet vil bli forholdsmessig vekta mot storleiken på tapet, og maks 75% av kostnadene/tapet det vert søkt om kompensasjon for.
  • Det vert sett ei øvre beløpsgrense på kr 300.000 for bedrifter som ikkje tidlegare har motteke støtte frå den kommunale kompensasjonsordninga, og maks kr 200.000 for bedrifter som tidlegare har motteke støtte frå denne ordninga

Krav til søkarane

  • Verksemda må ha forretningsadresse i Sunnfjord kommune
  • Verksemd som er del av eit konsern kan søke, men kan kun motta støtte for den økonomiske aktiviteten som er lokalisert i Sunnfjord kommune
  • Verksemda må ha tilsette eller ha innleige av personell frå same konsern
  • For enkelmannsføretak må føretaket si inntekt vere minst ein av eigarane si hovudinntekt
  • Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/tvungen avvikling
  • Verksemda må ikkje ha uteståande skattar og/eller avgifter
  • Opplyse om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021, og korleis denne støtta er heimla. Konsern må oppgje støtte på konsernnivå.
  • Krav til dokumentasjon av kostnader og tap. Følgande skal leggast med som vedlegg til søknaden:
    • Ei beskriving av årsak til tapet og spesifikasjon av tapt omsetning og/eller meirkostnader som grunnlag for søknadsbeløp. Det ein har fått frå tidlegare tildelingar frå kommunale og statlege kompenasjonsordningar skal trekkast frå og gje søknadsgrunnlaget.
    • Årsrekneskapen for 2020 og siste avlagte perioderekneskap for 2021
    • Skatteattest (attest for skatt og meirverdiavgift) datert 30.08.21 eller seinare
  • Det er ikkje krav til revisorattestert dokumentasjon, men ein må vere førebudd på å levere det viss det vert etterspurt

Søknadsfrist er 30. september 2021.

Søknadsportal og forholdet til regelverket
Ein forenkla søknad skal sendast inn gjennom regionalforvaltning.no under søknadsskjema med tittel «Kommunal kompensasjonsordning runde 3, nasjonalt notifisert ordning, Sunnfjord kommune».

Tilskot til verksemder må vere i samsvar med regelverket for offentleg støtte.

For meir informasjon og spørsmål, ta kontakt med Sunnfjord Utvikling:

Sunnfjord Utvikling AS er Sunnfjord kommune si førstelinjeteneste innan næringsutvikling og er sett til å forvalte det kommunale næringsfondet og kompensasjonsmidlane på vegne av kommunen.

Skuleåret er i gang, og mange har starta på reisa mot sin første jobb. No treng fleire av dei læreplassar.

Mange søkjarar står no utan læreplass og får ikkje fullført vidaregåande opplæring, samstundes er det meldt inn stort behov for fleire fagarbeidarar framover.

Det er et behov for totalt 18 læreplassar innanfor ulike fagområder både i offentleg og privat sektor – sjå liste nedanfor.

No kan di bedrift bidra til at fleire fagarbeidarar kan fullføre utdanninga si. Dette gjer de ved å ta inn ein lærling.

Har di bedrift høve til å ta inn ein lærling eller ynskjer meir informasjon? Ta kontakt med fylkeskommunen på fagopplaring@vlfk.no

Dette er fagområdene som manglar læreplassar (antal manglande plassar i parentes):
Anleggsmaskinfører (1 læreplass)
Barne- og ungdomsarbeidar (1 læreplass)
Betongfag (1 læreplass)
Bilfag, lette kjøretøy (1 læreplass)
Elektriker (2 læreplassar)
Helsearbeidar (4 læreplassar)
Institusjonskokk (1 læreplass)
Portør (1 læreplass)
Produksjonselektrikar (1 læreplass)
Sal (1 læreplass)
Sikkerheit (1 læreplass)
Tømrar (3 læreplassar)

 

Den 26. august var mange av Førde sine studentar på plass i Idrettshallen i Førdehuset for å snuse på potensielle arbeidsgjevarar og framtidige moglegheiter.

Verksemder, helseføretak og kommunar stod på stand for å sikre seg nødvendig kompetanse og komme i kontakt med framoverlente studentar.

Over halvparten av verksemdene som deltok på Karrieredagen og søkte studentar ifrå teknologiutdanningane i Førde er også med i ordninga Studentjobb.

Dette er ein gyllen sjanse for studentane til å skaffe seg ein høgaktuell deltidsjobb ved sidan av studiet i Førde og komme i kontakt med det yrande næringslivet vi har her i Sunnfjord.

Vi har allereie på plass deltidsjobbar til over 50 % av eit ordinært førsteårs-kull, og rekrutterer nye arbeidsgjevarar fortløpande, sjølv etter studiestart.

Vår målsetting er at alle studentar i Førde som ønskjer det, skal få tilbod om Studentjobb.

Er du interessert i å komme i kontakt med studentar med nyvunnen kunnskap om automatisering og robotikk, elkraftteknikk, bygg eller informasjonsteknologi? Tilby ein studentjobb!

Ta kontakt med prosjektleiar Bente Hauge i Sunnfjord Utvikling for meir informasjon.

Les meir her: Studentpraksis.no

 

Ein del av arbeidet vi gjer i Rekrutteringsforum Sunnfjord, er å bidra til å spele medlemmane våre gode på rekruttering.

Saman med Framtidsfylket og PwC inviterast det no til kurs i rekrutteringsstrategi. På kurset vil du få konkrete råd og tips om korleis di bedrift kan gjere seg så attraktiv som mogleg på jobbmarknaden. Målet er at kandidatane skal stå i kø for å jobbe hos akkurat deg.

Det kan vere vanskeleg å vite kvar ein skal starte, og kva som er viktig for at kandidatane skal sjå på di bedrift som ein attraktiv arbeidsgjevar.

Kurset blir ein introduksjon til korleis ein kan tenke rundt ein overordna rekrutteringsstrategi, og seinare vil vi sette opp ei kursrekke der vi går litt meir i dybden på enkelttema. Meir info om det kjem seinare i haust.

Kursdato: 21. september 2021
Stad og tid: Thon Hotel Førde, kl. 10.00 – 14.00. Det blir servert enkel lunsj
Pris: 1700,- per deltakar (for medlemmar i Rekrutteringsforum Sunnfjord dekker vi 25% av kostnaden for ein deltakar per bedrift, så for dei er prisen 1275,-).

I løpet av kurset fokuserast det på bedriftene sin eigen rekrutteringsstrategi, og å finne svar på:

  • Kva kompetanse er det behov for?
  • Kva fokus bedrifta har med tanke på kort – eller langsiktig rekruttering?
  • Når og korleis skal ein annonsere?
  • Korleis ein tek imot, tek vare på, og takkar av dei tilsette?
  • Kva rekrutteringsstrategien har å seie for bedrifta sitt omdømme på arbeidsmarknaden?

Kurset vil også svare på kvifor målretta kommunikasjon mot jobbkandidatar er like viktig som kommunikasjon mot kundane.

  • Kva er rekrutteringskommunikasjon?
  • Kva mål har vi med ulike rekrutteringstiltak?
  • Kva tiltak har bedrifta i dag?
  • Kva målgrupper rettar vi oss mot?
  • I kva kanalar bør vi vere for å nå dei rette jobbkandidatane?

Gunn Merete Paulsen og Silje Guddal frå PwC leiar kursa. I lag med innspel og erfaring frå  deltakarar, næringsliv og Framtidsfylket vil kurset styrke dykkar kompetanse innan rekruttering.

Om PWC
PwC er ein av Norge sine mest attraktive arbeidsgjevarar. Selskapet leverer tenester innan eit breitt spekter og rekrutterer årleg mange nye medarbeidarar innan fagområde som jus, rekneskap, revisjon og rådgjeving. I Sogn og Fjordane er PwC lokalt forankra i heile fylket med sju ulike kontorstadar.

Gunn Merete Paulsen er advokat og partner i PwC. Ho har mange års erfaring med å jobbe med rekruttering gjennom ulike leiarroller og har eit stort engasjement for samanhengen mellom omdømme og rekruttering.

Silje Guddal er rådgjevar i PwC og jobbar strategi og utvikling av små og mellomstore bedrifter samt offentleg sektor. Silje har ansvar for markedskommunikasjonen til PwC i Nordvest og har bakgrunn som reporter og programleiar i NRK.

Spørsmål? Ta kontakt med Linda Hovland i Framtidsfylket på tlf. 99 01 78 52 eller e-post linda@framtidsfylket.no

Meld deg på her.