Sunnfjord Utvikling AS skal utarbeide ny reiselivsstrategi for Sunnfjord. I arbeidet med den nye strategien ønskjer vi innspel frå reiselivsnæringa i Sunnfjord. Vi inviterer derfor til ope møte på Thon Hotel Førde den 1. april.

Program:
1. Innleiing – Prosess og eigarskap til Strategien
2. Presentasjon av hovudpunkt i reiselivsstrategi for Sunnfjord
3. Diskusjon, innspel og kommentarar

Påmelding til post@sunnfjord.no innan 28. mars.

Eit generasjonsskifte fortener planlegging! Det er mange vanskelege val å ta. Det beste for bedrifta er kanskje ikkje det beste for familien – og omvendt. Seminaret gir deg innsikt i korleis du kan sikre vidare drift og kva som er dei familiemessige og økonomiske konsekvensane av overføringa.

«Er arvingane klare til å ta over? Kva er verdien på bedrifta?»

Agenda:

Kvifor det er lurt å starte tidleg nok – Adv. Gunnar Bøyum, PwC. Gunnar tek oss gjennom dei første, viktige spørsmåla i eit generasjonsskifte.

Ny generasjon – nye vegar å gå – Trine Lerum Hjellhaug, Adm. dir. i Lerum. Trine delar sine erfaringar om korleis ho og familien brukte 2 år på generasjonsskiftet i Lerum AS.

Korleis sikre at eigarskiftet skjer i dei beste former, for alle – Adv. Hanne Mundal, PwC. Hanne fortel korleis vi oppnår optimal strukturering av bedrifta før overføring til neste generasjon.

Dato: fredag 22. mars 2019
Tid: kl.8:30 – 10:00
Stad: PwC Førde, Naustdalsvegen 1B, 4. etasje
Servering: lett servering frå kl.08.00
Pris: gratis