Viss ein ikkje berre vil reise frå A til Å, men ønsker ein rundtur eller ein tur som ikkje går rakaste veg, er det ikkje så lett å finne ut korleis ein gjer det med offentlig transport – spesielt ikkje viss du er turist i området. Derfor utvikla Møre og Romsdal fylkeskommune i 2016 konseptet “Travel like the locals” – eller «Reis som dei lokale». Dette er “ferdigpakka” turar med offentleg transport som inneber spanande reiser til fine destinasjonar. Turane kan kjøpast på førehand på nett eller på fysiske utsalsstader.

Frå i år er tilbodet utvida til Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Nærare 50 turar fordelt på dei tre «nye» fylka er no tilgjengeleg for sal på ulike turistkontor og gjennom destinasjonsselskapa sine nettsider. Alle turar for Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er og tilgjengeleg for bestilling på den felles nettsida www.tltl.no. For Møre og Romsdal er det førebels ei eiga side, www.fram.no/travel, men også desse turane vil etter kvart bli kopla på den nye fellesportalen.

Dei første turane er allereie selt. Turistinformasjonen i Stavanger var først ute av salskontora og selde turen «Øyhopping til Lindøy og Langøy» til to britiske turistar som var svært nøgde med turen. Fleire «står på vent» og er klare til å kjøpe turar når nettsida no blir klar.

Med salsklare destinasjonsselskap og turistkontor rundt om på Vestlandet og felles nettside på plass, er vi no klare for ein spanande første sesong med Travel like the locals i alle dei fire vestlandsfylka!

 

«Travel like the locals» er eit samarbeid mellom fylkeskommunane Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, kollektivselskapa/-merkevarene FRAM, Kringom, Skyss og Kolumbus og destinasjonsselskapa i dei fire fylka.

 

For meir informasjon om prosjektet, kontakt prosjektleiar Marit Holen, e-post marit.holen@mrfylke.no. mobil 975 44 525.

KULTUR OG REISELIV
– med berekraft som mål
Torsdag 4. juli kl. 9.30 – 15.30 på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

I følgje NHO Reiseliv vil det globale reiselivet auke med 60% innan 2030. Slike framtidsutsikter betyr eit stort potensial for norsk reiseliv, men inneber også eit stort ansvar. Kulturturisme, volumturisme, sakteturisme, opplevingsturisme, grøn turisme – kva slags turisme vil vi ha? Kva rolle skal kulturlivet spele i framtidas reiseliv? Er det mogleg å omstille seg frå volumturismen vi ser i Flåm, Geiranger, Bergen og Lofoten til eit grønare reiseliv? Turistane kjem for å oppleve den reine og stille naturen vår, men den siste trenden er at turisme i stadig større grad handlar om opplevingar. Kva kan det rike kulturlivet vårt gjere for at norsk reiseliv skal få ei berekraftig framtid?
Er du oppteken av framtida for reiselivet og kva rolle kulturen kan spele, meld deg på årets Førdekonferanse på lenkja under.

Inkludert i konferansen:
Offisiell mottaking for gjester og sponsorar – torsdag 4. juli kl. 18.00, på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.
Billett til opningskonsert: Verda i Førde! Torsdag 4. juli kl. 20.00 i Idrettshallen, Førdehuset

Meld deg på/kjøp billett til konferansen

PROGRAM
09.30 Registrering og kaffi

10.00 Velkomen (ordførar Førde kommune, styreleiar Førdefestivalen)
10.15 Dramatiske vegval for norsk reiseliv anno 2019: Kva slags turisme kan vi leve av og leve med?
Arild Molstad, reiselivsekspert og skribent
10.35 Å kuratere «the fjords» – eit forskingssamarbeid mellom kunst, kultur og reiseliv langs Nordvegen.
Kirsti Mathiesen Hjemdal, Agderforsking
11.00 Vegkart for reiseliv og regjeringa sitt syn på utviklinga og framtida for næringa
Atle Hamar, statssekretær i klima- og miljødepartementet.
11.20 Oppsummering og dialog
11.30 Kaffipause
11.45 Kvifor satsar vi på reiseliv og kva kan vere effektane av ei vellukka satsing? Korleis kan kulturtilbod vere gode «produktkomponentar» i eit moderne reiselivsprodukt? Og korleis må reiselivsnæringa tilpasse seg for å bruke kultur og få fram «vestlendingen»?
Jan Heggheim, fylkesdirektør for kultur og næring i Sogn og Fjordane.
12.15 Korleis skal reiselivet på Vestlandet utvikle seg fram mot 2030?
Kristian B. Jørgensen, administrerande direktør Fjord Norge AS
12.45 Kvifor kultur er viktig for Norge som reisemål. Om bruk av kulturtilbod blant turistane som besøker oss, og korleis Norge blir oppfatta utanfrå.
Margrethe Helgebostad, ansvarleg for reiselivsanalyse i Innovasjon Norge.
13.05 Oppsummering og dialog
13.15 Lunsj
14.00 Førdefestivalen som reisemål
Per Idar Almås, direktør Førdefestivalen
14.40 I samtale med Rolf Sanne Gundersen, dagleg leiar i Sunnfjord utvikling:
– Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1 og
– Sigurd Kvikne, eigar og direktør Kviknes Hotel og dagleg leiar Balejazz
15.00 Oppsummering og dialog
15.30 Slutt

Førdekonferansen vert arrangert i samarbeid med Sparebanken Vest, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Førde kommune og Sunnfjord utvikling.