Den 19. – 20. august 2021 sparka vi i gang næringslivet etter koronapandemien og via to dagar til omdømebygging, motivasjon og diskusjon om korleis Sunnfjord skal kome sigrande ut i kampen om kvalifisert arbeidskraft i åra som kjem.

Dette var den første Heilekonferansen av forhåpentligvis mange i åra som kjem, og eit strålande initiativ. Med oss frå Heilekonferansen tek vi tre viktige tankevekkarar som vart nevnt ved fleire høve på scena.

Vi må alle framsnakke regionen vår
Om vi ynskjer tilflytting er vi avhengige av at vi som bur, jobbar og trivst i Sunnfjord formidlar dette. Har du ei vennine som sit 45 minutt i bilkø i Bergen kvar ettermiddag? Fortel at du har heile ettermiddagen tilgjengeleg til det ho heller ville brukt tida si på.

Kjenner du nokon som drøymer om større bustad, men har tapt kvar einaste bodrunde i kampen om rekkehuset som ikkje er altfor langt frå Oslo sentrum? Fortel dei om nabohuset her i Sunnfjord som ligg til sals, kor alle fire veggane vil vere kun deira og dei kan male huset i kva farge som helst utan å måtte søke til sameiget.

Når vi snakkar med potensielle tilflyttarar må vi fokusere på det vi synes er det beste med å bu i Sunnfjord og ikkje halde det for oss sjølv. Kva om vi alle klarte å lokke heim ein person, eller to, eller ein heil familie?

Næringslivet i Sunnfjord blomstrar
Det er ikkje mange av regionane vi samanliknar oss med som kan vise til eit like yrande næringsliv som det vi ser i Sunnfjord. Helse Førde bygger for fleire milliardar, vi bygger ny vidaregåande skule og det skal byggast for enda fleire millarder i regionen dei neste åra.

På Peak Sunnfjord har vi eit pulserande miljø med engasjerte gründerar og selskap i vekst som har plass til enda fleire. Sunnfjord Utvikling kan bistå fleire som ynskjer å etablere seg i Sunnfjord, men no er det også enklare å flytte hit og ta med jobben i bagasjen, gjennom Remote Førde.
(OPPDATERING 20.10.2023: Ny nettside er for Remote Sunnfjord remotesunnfjord.no)

Finn du venner i Sunnfjord, blir du værande i Sunnfjord
Vekst i næringslivet har gitt oss fleire tilflyttarar den siste tida. Tibber åleine har rekruttert en håndfull tilflyttarar så langt i 2021. Dei som flyttar til Sunnfjord utan familie eller venner må få fleire arenaer til å møte andre som er i same livssituasjon som dei.

Dette vart trekt fram av Kristine Lie i PwC som sjølv har flytta frå Oslo til Førde i år. «– Dei som flyttar til Sunnfjord med barn blir tvungen til å sosialisere seg og møte nye menneske gjennom barnehage, skule og fritidsaktivitetar, men kva med oss som ikkje har barn?»

Vi brukar mykje tid og krefter på å lokke til oss dei kloke hodene, men vi må ikkje gløyme å bruke tid på dei etter at dei har skifta adresse til Sunnfjord òg.

Ta godt imot dei nytilsette og kanskje ekstra godt dei som kjem hit åleine –  og dra dei gjerne med på aktiviteter utanom jobb. Om alt går etter planen vil det vere mange av dei i åra som kjem.