Har selskapet ditt ynskje om å omstille seg eller har det nye ambisjonar? Bli med på Vekstprogram i Sunnfjord!

Gjennom 2 heildagsmodular og 1:1 oppfølging får bedrifta hjelp til å avklare grunnlag for korleis omstilling og vekst kan skje i di bedrift. Vi ser på korleis ein kan gjere endringar og handtere urolege tider, og vi hjelper deg med å sjå mogelegheiter og tenke framtid.

Som deltakar vil du få kunnskap om dei nyaste metodane og tilgang til enkle verktøy som du kan nytte i eiga verksemd. Du får oppfølging og rådgjeving, og kan diskutere dine moglegheiter og utfordringar med dei andre deltakarane.

Vekstprogrammet vert arrangert av Kunnskapsparken Vestland i samarbeid med Vekstlandet. Sunnfjord Utvikling ynskjer å tilby programmet til bedrifter i Sunnfjord kommune til kr 3.500 (opphaveleg pris kr 7.000 per selskap). Merk påmelding med Sunnfjord Utvikling for å få redusert pris. Avgrensa tal plassar.

Meir informasjon om Vekstprogrammet og påmelding finn du her.

Kven vil overleve, kven vil aldri bli det samme og kven vil vere sterkare enn nokon sinne?

Vestland er til no det einaste fylket i Noreg som presenterer ein rapport som ser på moglegheiter og utfordringar for heile næringslivet knytt til koronakrisa og globale megatrendar som det grøne skiftet.

Rapporten er resultat av ei samla bestilling frå eit partnarskap samansett av Vestland fylkeskommune, NHO, LO, KS, NAV, Bergen Næringsråd, Næringsalliansen i Hordaland, Sogn og Fjordane Næringsråd og Bergen kommune. Analysen er gjort av Ernst & Young i tett samarbeid med partane.

Lenke til samandrag av rapporten

Fullstendig rapport kan du lese her

Meir informasjon om arbeidet kan du lese her