Ein svensk rapport viser at dei distriktskommunane som lukkast best med tilflytting og rekruttering, er dei som har ein levande og velfungerande kveldsøkonomi.

Her i Sunnfjord jobbar vi kontinuerleg med rekruttering og tilflytting, og meiner difor at det er viktig å vidareutvikle og synliggjere det tilbodet vi allereie har – og til det vil vi gjerne ha dykkar innspel.

Det finst fleire eksempel på at tilflyttarar har flytta vekk igjen fordi dei ikkje fann eit sosialt nettverk dei kjende seg heime i, eller fordi dei ikkje fann fritidsaktivitetar eller gode møteplassar her (til dømes Solveig)– og det må vi gjerne noko med!

Bli med på workshop 17. november kl. 13.30-15.30 på Peak Sunnfjord
Vi har eit godt grunnlag å byggje vidare på her i Førde, men det er framleis mykje å jobbe med for at det skal bli optimalt – og vi startar med ein workshop for å finne ut kva vi må fokusere på for å få til ein skikkelig bra kveldsøkonomi.

Jobbar du i ei bedrift som er ein del av kveldsøkonomien, eller brenn du for temaet og ynskjer å bidra? Da håper vi at du vil vere med og bidra med di erfaring og dine synspunkt på denne workshopen.

Meld deg på her.

Kva er kveldsøkonomi?
Kveldsøkonomi er eit omgrep for alt av aktivitetar og tilbod innanfor eit avgrensa geografisk område i/rundt sentrum etter klokka 17 og i helgane, og som ikkje er knytta til kjøpesenter, kiosk eller bensinstasjon.

Det første ein tenker er kanskje at det dreier seg om uteliv og serveringsbransjen, men det handlar om mykje meir enn det – vi snakkar kultur, uformelle møteplassar som til dømes quiz eller ein skatepark, idrettstilbod, reiseliv, frivillegheita, parkar, elvesti og mykje meir.

Kva skal til for å få til ein god kveldsøkonomi?
For å skape ein kveldsøkonomi som bidreg positivt til både bulyst og blilyst, er det 4 element som må vere tilstades:

  • Eit variert og tilstrekkeleg stort tilbod av aktivitetar og møteplassar som ligg nært kvarandre – og et tilbod som er tilpassa det folk vil ha
  • Kontinuitet & forutsigbarheit – at det er gjentakande, faste aktivitetar, slik at ein rekk å bygge opp ei fast gruppe brukarar
  • At det er lett for både tilflyttarar og lokale å finne informasjon om kva som skjer
  • At dei som bur i området nyttar seg av tilbodet

I tillegg må det finnast eit transporttilbod som gjer det mogeleg å nytte fritidstilbodet utan å måtte vere avhengig av bil, og der siste bussen heim ikkje går allereie klokka 21.30 ein fredagskveld.

Har du spørsmål om workshopen, ta kontakt med Kathe Arnesen på tlf. 98 88 36 88 eller kathe.arnesen@sunnfjord.no.

Å rekruttere tilflyttarar til Sunnfjord er ei vikteg oppgåve, men å halde på dei er ei vel så vikteg oppgåve. Som eit tiltak i dette arbeidet sette Sunnfjord Utvikling våren 2022 i gang arbeidet med eit nettverk for unge og engasjerte i Sunnfjord kommune.

Nettverket har i per oktober 2022 over 300 medlemmar. Formålet er å gjere Sunnfjord til ein kjekkare plass å bu for unge arbeidstakarar. Nettverket skal óg bidra til at fleire ambisiøse unge flyttar til Sunnfjord og blir verande. Dette skal vi oppnå gjennom sosiale og faglege lågterskel-arrangement.

Har du spørsmål til dette prosjektet? Ta kontakt med vår prosjektleiar Sigrid Eikeland.

Sunnfjord Utvikling ønskjer å invitere bedrifter, enkeltpersonar og innbyggjarar, politikarar, organisasjonar og institusjonar til eit ope møte på Sunnfjord Hotel, tysdag 25. oktober kl 18.00-20.30.

Vi vil informere om aktivitetane i Sunnfjord Utvikling, med vekt på nokre av dei pågåande satsingane i selskapet:

Oppfølging av Nærings- og ringverknadsanalysen, «Vekstregionen Sunnfjord»
• Profileringsprosjekt
• Sunnfjord Innovasjonsarena AS
• Mineralinkubator
• Nye prosjekt for grøn omstilling
– Moglegheitstudie for større grøne industrietableringar i Sunnfjord-regionen
– Sirkulærprosjekt på Campus Verftet
– Berekraftsrapportering i bedriftene – korleis kome i gang
• Kveldsøkonomi og Sunnfjord U40
• Nasjonalt senter for yrkesfag

Ny Strategisk næringsplan for Sunnfjord kommune 2023-2027
• Presentasjon av framlegg til hovudsatsingar i ny næringsplan
• Drøftingar og innspel

Vi presiserer at dette er eit ope møte, og vi er derfor takksame om de vil sende invitasjon vidare i dykkar nettverk.

Det vil bli servert kaffi med noko attåt.

Lenke til påmelding, frist 21. oktober: https://no.surveymonkey.com/r/OpeInformasjonsmote

Vi håpar på godt frammøte og gode drøftingar!

Jobbar du med rekruttering i di bedrift? Då har vi ei gladmelding til deg: No kan du få med deg to kurs som kan hjelpe deg i rekruttingsarbeidet, og det på ein og same dag!

I samarbeid med Framtidsfylket og med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har vi sett opp ei kursrekke som skal bidra til at du som rekrutterer har den kunnskapen du treng for å få tak i dei folka du treng.

No står to nye kurs for tur: Employer branding og LinkedIn som rekrutteringsverktøy.

Sett av ein dag til kompetanseheving og få nyttig kunnskap og praktiske tips og triks som kan vere til nytte for deg i arbeidskvardagen.

Kursa vert arrangert 4 stader i Vestland denne hausten:

  • Førde: 1. november, Thon Hotel Førde
  • Odda: 2. november, Smelteverket 57, Odda
  • Sogndal: 24. november, info om kurssted kjem seinare
  • Nordfjordeid: 25. november, info om kurssted kjem seinare

Du kan melde deg på eitt av kursa, eller begge – vi anbefaler sjølvsagt at du får med deg begge!

Begge kursa er gratis for medlemmar i Rekutteringsforum Sunnfjord (max 2 deltakarar pr. medlemsbedrift). Det vert servert varm lunsj til dei som deltek på begge kursa.

Kurs i employer branding (09.00 – 12.00)
Alle arbeidsgjevarar har eit employer brand, eller ei merkevare for korleis det er å jobbe i akkurat di bedrift.

Spørsmålet er på kva måte ein brukar det til sin fordel og korleis employer branding kan styrke din rekrutteringsstrategi. Kva er det og korleis påverkar selskapet sitt omdøme rekruttering av nye tilsette?

Kurset vil gje deg innsikt i:

  • Korleis du kan bli «den arbeidsgjevaren alle vil arbeide for»?
  • På kva måte EP kan bidra til å redusere kostnaden for tilsettingar?
  • Korleis tiltrekke seg dei største talenta?
  • På kva måte ein kan få tilsette til å bli verande i bedrifta ved å fokusere på merkevara?

Kurshaldar er Hans Petter Stub, Head of employer branding i Whyidentify.

Meld deg på kurs i employer branding: Førde 1. november, Odda 2. november, Sogndal 24. november eller Nordfjordeid 25. november.

Hans Petter er ein av Norges mest erfarne konsulentar innan employer branding og ofte brukt som foredragshaldar. Han har undervist i employer branding på Universitetet i Sør Øst-Norge, Handelshøyskolen BI og Campus Kristiania. Han held kurs i regi av HR Norge og blei i år den første vinnaren av æresprisen i Magnet Awards – NM i employer branding.

 

Meld deg på kurs i employer branding i Førde 1. november, Odda 2. november, Sogndal 24. november eller i Nordfjordeid 25. november.

Kurs: LinkedIn som rekrutteringsverktøy (13.00 – 15.30)
Visste du at det er ca. 88 000 personar i Vestland fylke som er på LinkedIn?

Det er ein stor kandidatbase å søke i! For ikkje å snakke om at det er ein god kanal for employer branding og stillingsannonsar.

På dette kurset lærer du mellom anna:

  • Korleis du kan bruke LinkedIn når du skal rekruttere
  • Korleis du kan søke etter relevante kandidatar
  • Ulike typar stillingsannonsar ein kan bruke på LinkedIn
  • På kva måte du sjølv og dine kollegaer kan bli gode ambassadørar for bedrifta på LinkedIn
  • Smarte tips & triks

Kurshaldar er Kathe Arnesen, prosjektleiar i Rekrutteringsforum Sunnfjord.

Kathe har meir enn 10 års erfaring frå media, marknadsføring og strategisk kommunikasjon. Ho har ei glødande interesse for digitalisering og har leia fleire prosjekt innan digitalisering og innovasjon. Ho er ein erfaren kurs- og foredragshaldar innan tema som framtidas arbeidsliv, rekruttering, LinkedIn, sosiale medium og innhaldsmarknadsføring.

Meld deg på kurs i LinkedIn som rekrutteringsverktøy i Førde 1. november, Odda 2. november, Sogndal 24. november eller Nordfjordeid 25. november.

Kursprisar:
Employer branding: Gratis for medlemmar i Rekrutteringsforum Sunnfjord. For medlemmar i Framtidsfylket: 1750,- og for ikkje-medlemmar 2 250,-

LinkedIn som rekrutteringsverktøy: Gratis for medlemmar i Rekrutteringsforum Sunnfjord. For medlemmar i Framtidsfylket: 1250,- og for ikkje-medlemmar 1750,-

Pakkepris for begge kursa: Gratis for medlemmar i Rekrutteringsforum Sunnfjord. For medlemmar i Framtidsfylket: 2500,- inkl. lunsj, for ikkje-medlemmar 3500,- inkl. lunsj.

Har du spørsmål om kursa, kontakt Kathe Arnesen i Rekrutteringsforum Sunnfjord på tlf. 98 88 36 88.

Vel møtt!