,

Workshop om kveldsøkonomien i Førde 17. november

Ein svensk rapport viser at dei distriktskommunane som lukkast best med tilflytting og rekruttering, er dei som har ein levande og velfungerande kveldsøkonomi.

Her i Sunnfjord jobbar vi kontinuerleg med rekruttering og tilflytting, og meiner difor at det er viktig å vidareutvikle og synliggjere det tilbodet vi allereie har – og til det vil vi gjerne ha dykkar innspel.

Det finst fleire eksempel på at tilflyttarar har flytta vekk igjen fordi dei ikkje fann eit sosialt nettverk dei kjende seg heime i, eller fordi dei ikkje fann fritidsaktivitetar eller gode møteplassar her (til dømes Solveig)– og det må vi gjerne noko med!

Bli med på workshop 17. november kl. 13.30-15.30 på Peak Sunnfjord
Vi har eit godt grunnlag å byggje vidare på her i Førde, men det er framleis mykje å jobbe med for at det skal bli optimalt – og vi startar med ein workshop for å finne ut kva vi må fokusere på for å få til ein skikkelig bra kveldsøkonomi.

Jobbar du i ei bedrift som er ein del av kveldsøkonomien, eller brenn du for temaet og ynskjer å bidra? Da håper vi at du vil vere med og bidra med di erfaring og dine synspunkt på denne workshopen.

Meld deg på her.

Kva er kveldsøkonomi?
Kveldsøkonomi er eit omgrep for alt av aktivitetar og tilbod innanfor eit avgrensa geografisk område i/rundt sentrum etter klokka 17 og i helgane, og som ikkje er knytta til kjøpesenter, kiosk eller bensinstasjon.

Det første ein tenker er kanskje at det dreier seg om uteliv og serveringsbransjen, men det handlar om mykje meir enn det – vi snakkar kultur, uformelle møteplassar som til dømes quiz eller ein skatepark, idrettstilbod, reiseliv, frivillegheita, parkar, elvesti og mykje meir.

Kva skal til for å få til ein god kveldsøkonomi?
For å skape ein kveldsøkonomi som bidreg positivt til både bulyst og blilyst, er det 4 element som må vere tilstades:

  • Eit variert og tilstrekkeleg stort tilbod av aktivitetar og møteplassar som ligg nært kvarandre – og et tilbod som er tilpassa det folk vil ha
  • Kontinuitet & forutsigbarheit – at det er gjentakande, faste aktivitetar, slik at ein rekk å bygge opp ei fast gruppe brukarar
  • At det er lett for både tilflyttarar og lokale å finne informasjon om kva som skjer
  • At dei som bur i området nyttar seg av tilbodet

I tillegg må det finnast eit transporttilbod som gjer det mogeleg å nytte fritidstilbodet utan å måtte vere avhengig av bil, og der siste bussen heim ikkje går allereie klokka 21.30 ein fredagskveld.

Har du spørsmål om workshopen, ta kontakt med Kathe Arnesen på tlf. 98 88 36 88 eller kathe.arnesen@sunnfjord.no.