Trivast du med å vere der det skjer? Har du erfaring frå forretningsutvikling og vil bidra til at fleire oppstartsbedrifter i vår region lukkast?

Då håper vi å høyre frå deg!

Som vår nye forretningsviklar/prosjektleiar vil du blant anna få jobbe med dette:
• Vere rådgjevar for etablerarar og vekstbedrifter
• Evaluere nye forretningsidear og hjelpe til med å vidareutvikle dei
• Identifisere muligheiter, starte opp og leie ulike prosjekt som bidreg til vekst i regionen
• Samarbeide med næringslivet og relevante samfunnsaktørar
• Delta i ulike prosjekt relatert til utvikling i regionen

Det viktigaste er at du verkeleg har lyst til å bidra til at næringslivet i Sunnfjord veks og utviklar seg.

Utover det tenker vi at du kanskje har utdanning innan økonomi, innovasjon, entreprenørskap, prosjektleiing eller noko tilsvarande. Har du erfaring frå bedriftsrådgjeving, forretningsutvikling eller prosjektleiing i tillegg er det strålande.

Sunnfjord Utvikling har mellom anna ansvar for førstelinjetenesta til Sunnfjord kommune. Vi skal hjelpe gründerar i etableringsfasen og legge til rette for ny aktivitet i eksisterande næringsliv, og det er der du kjem inn i bildet.

Du vil få ein variert arbeidskvardag i lag med særs engasjerte kollegaer på Peak Sunnfjord, eit innovativt klyngemiljø med rundt 30 bedrifter og til saman over 100 tilsette i sentrum sør i Førde.

Har du spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med dagleg leiar Gunhild Berge Stang på tlf. 976 53 785 eller gunhild.berge.stang@sunnfjord.no.

Interessert? Send ein kortfatta søknad og CV til kathe.arnesen@sunnfjord.no

Søknadsfrist:  utgått

Vil du bli meir kjent med oss? Følg oss gjerne på LinkedIn, Facebook og Instagram.

Sunnfjord Utvikling ønskjer å invitere bedrifter, enkeltpersonar og innbyggjarar, politikarar, organisasjonar og institusjonar til eit ope møte i Jølster, Naustdal og Gaular.

Du møter oss her:

  • Jølster – Skei Hotel, måndag 14. november kl 18.00-20.00.
  • Gaular – Gamle kommunehuset på Sande tysdag 15. november kl 19.00-21.00.
  • Naustdal – Dalen næringssenter 16. november kl 19.00-21.00.

Vi vil informere om aktivitetane i Sunnfjord Utvikling, med vekt på nokre av dei pågåande satsingane i selskapet:

Oppfølging av Nærings- og ringverknadsanalysen, «Vekstregionen Sunnfjord»

  • Profileringsprosjekt
  • Mineralinkubator
  • Sunnfjord Innovasjonsarena AS
  • Nye prosjekt for grøn omstilling
    • Moglegheitstudie for større grøne industrietableringar i Sunnfjord-regionen
    • Sirkulærprosjekt på Campus Verftet
    • Berekraftsrapportering i bedriftene – korleis kome i gang
  • Nasjonalt senter for yrkesfag
  • Tilleggsnæring landbruk
  • Remote Sunnfjord og rekruttering
  • Reiseliv og Visit Fjordkysten Sunnfjord
  • Kveldsøkonomi og Sunnfjord U40

Ny Strategisk næringsplan for Sunnfjord kommune 2023-2027
• Presentasjon av framlegg til hovudsatsingar i ny næringsplan
• Drøftingar og innspel

Vi presiserer at dette er eit ope møte, og vi er derfor takksame om de vil sende invitasjon vidare i dykkar nettverk.

Det vil bli servert kaffi med noko attåt.

Lenke til påmelding for Jølster på Skei hotel, frist 11. november: Påmelding Jølster
Lenke til påmelding for Gaular på Sande, frist 12. november: Påmelding Gaular
Lenke til påmelding for Naustdal, frist 13. november: Påmelding Naustdal

Vi håpar på godt frammøte og gode drøftingar!