Bredda i næringslivet i Sunnfjord er unik, og no er det på tide at arbeidslivet her får sin eigen festival.
Det meiner vertfall arbeidsgruppa bak karrierefestivalen Elevate 2023.

I samarbeid med Framtidsfylket og Sunnfjord U40 står Rekrutteringsforum Sunnfjord bak ideen om å invitere til festival med arbeidslivet i Sunnfjord som tema. Festivalen har fått namnet Elevate, som tyder å heve.

Fag & fest
Men kva er eigentleg ein karrierefestival? Og kven er det for?

Festivalen er for alle, uansett om du ser etter ny jobb akkurat no eller om du berre vil bli betre kjent med det spanande næringslivet i Sunnfjord. Vi vil gje deg som er interessert i å utvikle karriera di sjansen til betre innsyn i arbeidslivet i Sunnfjord på ein morosam og uformell måte, samtidig som du hevar eigen kompetanse.

På programmet finn du både bedriftspitchar, fagleg påfyll, lynkurs og minst like viktig: mykje moro. Ideen er å kombinere det faglege med det festlege. Som for eksempel TechPub der du får korte faginnslag, god mat og kan henge i baren med mange bransjefolk eller Tapastrail med U40 der du blir kjent med fleire bedrifter, samtidig som du får servert tapas og noko godt å drikke på kvar «stasjon».

Uformelt og moro
Mange bedrifter inviterer og til uformelle og kjekke aktivitetar der ein får bli betre kjent med bedrifta: Til dømes tar PwC deg med på karriereTUR, ein enkel fjelltur der du kan prate med dei som jobbar der, Sunnfjord Miljøverk gir deg lunsjkurs med Linda Stuhaug om korleis du kan bli ein matreddar, og Lotteri- og stiftelsestilsynet avsluttar bedriftspitchekvelden på Larris og har invitert Dangfart Tønnesen til å runde av med humoristisk tombola i kjent stil.

Det skjer òg andre spennande ting i Førde denne veka. Mellom anna blir det mogelegheit for sauna og bading i sentrum, det settast opp utekino, eller du kan bli med på ein kveld med Maol & sup med Huldri i Huldri Galleri.

Skapar kjennskap til karrieremogelegheitene i Sunnfjord
Det mange som ikkje er kjent med alle karrieremogelegheitene i Sunnfjord, og karrierefestivalen skal bidra til at fleire får vite om kva som rører seg i arbeidslivet her. Sunnfjord byr på ein variert og framtidsretta arbeidsmarknad med stort rom for å utvikle seg. No blir det fullt fokus på dette i 4 dagar til endes i starten av juni.

Inviter utflytta familie eller vener på workation!
Skal du invitere nokon til Sunnfjord i nærmaste framtid, er dette veka å invitere til. Kanskje har du vener som kunne trenge ein liten workation hos deg? Dei får gratis kontorplass hos på Peak denne veka viss dei vil sitte der og jobbe på dagtid, og så kan dei vere med på moroa heile veka-

Bruk karrierefestivalen i Sunnfjord til å bli kjent med arbeidslivet, få fagleg påfyll og ha det gøy! Kanskje endar det med ny inspirasjon, kanskje til og med med ny jobb. Kven veit?

Her kan du sjå programmet for veka.

Har du spørsmål kring karrierefestivalen? Kontakt Kathe Arnesen på tlf. 98 88 36 88 eller e-post kathe.arnesen@sunnfjord.no.