,

Åshild har vorte pensjonist

Åshild Kjelstad Seljesæter har hatt sin siste arbeidsdag i Sunnfjord Utvikling AS. Frå 1. august 2018 er Åshild pensjonist. Men det betyr ikkje at ho har tenkt å kvile. Åshild har hatt og har eit stort engasjement for Sunnfjord, særleg Gaular. Derfor vil ho framleis ha ei rolle i bedriftsnettverket Gaularfjellet og andre saker ho er særleg oppteken av.

Åshild har jobba i Sunnfjord Utvikling frå selskapet vart skipa og heilt fram til i dag. Dei siste åra har arbeidsoppgåvene vore knytt til bedriftsutvikling, førstelinjeteneste for nyetablerarar og enkelte reiselivsprosjekt. Åshild legg ikkje skjul på at ho er gaularværing og er veldig oppteken av at kommunen skal utvikle seg vidare, skape nye arbeidsplassar og vere ein attraktiv kommune. Ho har eit brennande engasjement for Hestad kapell, Gaularfjellet og samarbeid mellom ulike bedrifter i same bransje.

-For oss er det eit tomrom at Åshild har slutta. Ho er den som har hatt historikken med seg og vore kontinuiteten i selskapet, seier dagleg leiar Rolf Sanne-Gundersen. Han legg til at Åshild har lagt ned ein stor arbeidsinnsats i selskapet i mange år.

Sunnfjord Utvikling AS har etter at Åshild vart pensjonist fire tilsette. Bente Hauge, Vidar Slettehaug, Bjørg Kjos-Wenjum og Rolf Sanne-Gundersen. Frå slutten av oktober er Julie Sotnakk Aaland tilbake frå permisjon.