Jølster, Naustdal og Gaular! Velkomen til ope informasjonsmøte i Sunnfjord Utvikling!
Sunnfjord Utvikling ønskjer å invitere bedrifter, enkeltpersonar og innbyggjarar, politikarar, organisasjonar og institusjonar til eit ope møte i Jølster, Naustdal og Gaular.
Du møter oss her:
- Jølster – Skei Hotel, måndag 14. november kl 18.00-20.00.
 - Gaular – Gamle kommunehuset på Sande tysdag 15. november kl 19.00-21.00.
 - Naustdal – Dalen næringssenter 16. november kl 19.00-21.00.
 
Vi vil informere om aktivitetane i Sunnfjord Utvikling, med vekt på nokre av dei pågåande satsingane i selskapet:
Oppfølging av Nærings- og ringverknadsanalysen, «Vekstregionen Sunnfjord»
- Profileringsprosjekt
 - Mineralinkubator
 - Sunnfjord Innovasjonsarena AS
 - Nye prosjekt for grøn omstilling
- Moglegheitstudie for større grøne industrietableringar i Sunnfjord-regionen
 - Sirkulærprosjekt på Campus Verftet
 - Berekraftsrapportering i bedriftene – korleis kome i gang
 
 - Nasjonalt senter for yrkesfag
 - Tilleggsnæring landbruk
 - Remote Sunnfjord og rekruttering
 - Reiseliv og Visit Fjordkysten Sunnfjord
 - Kveldsøkonomi og Sunnfjord U40
 
Ny Strategisk næringsplan for Sunnfjord kommune 2023-2027
• Presentasjon av framlegg til hovudsatsingar i ny næringsplan
• Drøftingar og innspel
Vi presiserer at dette er eit ope møte, og vi er derfor takksame om de vil sende invitasjon vidare i dykkar nettverk.
Det vil bli servert kaffi med noko attåt.
Lenke til påmelding for Jølster på Skei hotel, frist 11. november: Påmelding Jølster
Lenke til påmelding for Gaular på Sande, frist 12. november: Påmelding Gaular
Lenke til påmelding for Naustdal, frist 13. november: Påmelding Naustdal
Vi håpar på godt frammøte og gode drøftingar!










