Rekrutteringsforum Sunnfjord er klar til lansering i haust. Vi i Sunnfjord skal i fellesskap bli best på kanskje vår viktigaste arbeidsoppgåve framover, rekruttering av arbeidskraft. Det første vi no skal gjere er å tilsette ein rekrutterer i 100 prosent stilling. Stillinga vil bli lyst ut rett etter sommaren. Vedkommande vil bli tilsett i ein 3-årig prosjektstilling i Sunnfjord Utvikling med arbeidsstad Peak Sunnfjord i Førde.

Prosjektet har vi jobba lenge med og 20 ulike selskap har no sagt at dei vil vere med (sjå prosjektplan i lenke under). Veldig kjekt at Amedia/Firda også har sagt at dei blir med på satsinga. Dersom andre selskap har lyst til å bli ein del av Rekrutteringsforum Sunnfjord er det berre å ta kontakt med prosjektleiar Bente Hauge på epost bente.hauge@sunnfjord.no eller på tlf 952 61 359. Vi har fått spørsmål frå selskap i nabokommunane om det er mogeleg å vere med og svaret er ja.

Kvifor denne satsinga?, får vi ofte spørsmål om. Fordi fleire ulike selskap i ulike bransjar har ei stor felles utfordring i å rekruttere nye medarbeidarar til ledige stillingar. Vi er ikkje unike på dette området. Rekruttering av nye tilsette er ei utfordring i dei fleste kommunar og regionar i distrikta. Mykje har vore forsøkt for å lukkast med rekruttering og ein del tiltak har virka, andre har ikkje fungert. Vi trur ein rekrutterer på fulltid kan bidra til å løfte fokuset på rekruttering i Sunnfjord, samordne og koordinere kreftene i dei ulike selskapa, profesjonalisere oss på rekruttering og ikkje minst ha tett kontakt med andre som jobbar med same utfordringa, særleg Framtidsfylket. Den som blir tilsett må ha stor arbeidskapasitet, evne til å samarbeide, kunne skape entusiasme og jobbe systematisk. Vedkommande vil ikkje bli åleine. Vi i Sunnfjord Utvikling vil vere eit støtteapparat, og i tillegg har fleire av selskapa som er med i prosjektet profesjonelle HR-tilsette som vil utgjere eit arbeidsutval.

Vi er veldig glade for at vi har fått på plass den grunnfinansieringa som må til for å kunne tilsetje ein person i tre år. Stor takk til Vestland fylke for sitt bidrag, og ein særleg takk til Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane /stiftinga som kvart år sett av midlar til viktige samfunnsprosjekt. Utan desse gåvemidlane hadde det vore vanskeleg å drive samfunnsutvikling i ein kommune som vår. Det er ikkje berre private selskap som treng finansiering, det treng også selskap som Sunnfjord Utvikling. Vår jobb er å finansiere opp prosjekt som kan løyse dei utfordringane vi har i kvardagen i lag med private aktørar, og rekruttering er som sagt kanskje vår største utfordring. Berre sidan 2016 har vi som selskap henta over 17 mill kroner frå næringsliv, bankar og i offentlege midlar til ulike prosjekt i vår kommune.

Heilt til slutt må vi nemne at vi ikkje har landa eit namn på prosjektet som fram til no heiter Rekrutteringsforum Sunnfjord. Rekrutteringsforum er ikkje det beste namnet fordi dette slett ikkje berre skal vere eit forum for utveksling av erfaringar og kunnskap. Vi har som klar målsetjing å hjelpe selskap med å finne dei rette folka uansett kvar dei bur i dag. Det krev konkret handling, og det krev langsiktig, systematisk og meir heilheitleg arbeid. Allereie no har vi fått konkrete innspel på kva vi bør gjere og korleis. Vi har til og med fått beskjed om kven vi skal få tak i kvar. Vi treng fleire innspel, og til vår glede er det allereie etablert eit HR-nettverk i Sunnfjord i kjølvatnet av prosjektet. Eit nettverk av tilsette som har HR som sitt arbeid i sine selskap.

Treng du meir informasjon om prosjektet er det berre å ta kontakt med oss i Sunnfjord Utvikling

 

Prosjektplan

Sjå artikkel i Firda om saka