,

Heilekonferansen; ny konferanse for næringslivet 19. – 20. august i nye Sunnfjordsalen

Pandemien førte med seg mange utfordringar for næringslivet, men no ser vi (forhåpentlegvis) snart lyset i enden av korona-tunnelen.

For å kickstarte det lokale næringslivet etter korona, har FINS Aktivitet (eigd av Førde Industri og Næringssamskipnad) teke initiativ til ein heilt ny konferanse, Heilekonferansen. Intensjonen er at den skal bli ei årleg hending.

Motivasjon, omdømme og lokal verdiskaping
Tanken bak konferansen er dels å synleggjere den store veksten vi no ser i regionen vår, men og å inspirere og motivere til ytterlegare vekst og utvikling.

Konferansen går over to dagar, frå lunsj til lunsj, med følgjande tema:

  • Lokal verdiskaping som utgangspunkt for ekspansjon
  • Omdømme og merkevare
  • Motivasjon (og provokasjon)

Kjende namn på scena
For å gje ein liten smakebit på kven du får sjå på scena, kan vi nemne mellom anna Helseminister Bent Høie, Julie Brodtkorb, Jannicke Hilland, Tom Stiansen, Eva Weel Skram, Olaf Tufte og Florø-bandet Pegasus. I tillegg kjem den lokale kokkehelten Ole Jonny Eikefjord for å servere 4-rettars middag basert på råvarer frå regionen.

Desse bedriftene samarbeider med FINS Aktivitet om Heilekonferansen: BKK, Firda, Sparebanken Sogn og Fjordane, PwC, Hending, Berge & Co, Sunnfjord Utvikling, Sunnfjord Hotell, Scandic Sunnfjord Hotell & Spa og Rein Design.

Her kan du lese meir om programmet og melde deg på.