Tag Archive for: Heilekonferansen

Heilekonferansen samlar næringslivet i Sogn og Fjordane til foredrag og paneldebattar med lokale, regionale og nasjonale aktørar, over to dagar, frå lunsj til lunsj. Fjorårets konferanse var fullsett, med «meteren» som rettesnor. I år har vi plass til fleire – faktisk heile regionen!

Vi legg bak oss to år prega av pandemi, og går ut av den med nye kriser, endringar og utfordringar i sikte. Korleis påverkar verda rundt oss næringslivet i regionen vår? Og kva med oss sjølv her i Sogn og Fjordane? Kva gror og veks her? Kva moglegheiter ser vi, og kva moglegheiter burde vi sett? Konferansen dukker og ned i buzz-ordet berekraft. Kva konkret kan du som bedrift gjere for å drive berekraftig, men god butikk? I år er derfor hovudtema for konferansen:

Investeringslyst og risikokapital | Visjonær og praktisk berekraft | Kulturbygging | Krise og endring

På konferansen møter du mellom anna:

Føredragshaldarar Heilekonferansen kvinner og menn i leiiande stillingar

I tillegg inviterer Heilekonferansen torsdag kveld til 4-retters bankett med skreddarsydd vinpakke, kuratert av sommelier Christer Berens. Konferansier for kvelden er komikaren Lars Berrum og det blir nydeleg musikk med artisten Ingrid Olava.

Arrangør av Heilekonferansen er FINS Aktivitet og Førde Industri- og Næringssamskipnad.

Les meir og meld deg på her: Heilekonferansen 2022

Ung mannlig komiker i blå t-skjorte

For medlemmar av nettverka Sunnfjord U40 og Sogn U40 vert det eit eige vorspiel med Lars Berrum torsdag før middag. I tillegg får medlemmar av U40 10% rabatt på heile Heilekonferansen. Med andre ord, ta med dine unge lovande å konferanse!

Er dei ikkje allereie medlem av Sunnfjord eller Sogn U40 blir dei det her: Bli medlem Sunnfjord U40 // Bli medlem av Sogn U40

Den 19. – 20. august 2021 sparka vi i gang næringslivet etter koronapandemien og via to dagar til omdømebygging, motivasjon og diskusjon om korleis Sunnfjord skal kome sigrande ut i kampen om kvalifisert arbeidskraft i åra som kjem.

Dette var den første Heilekonferansen av forhåpentligvis mange i åra som kjem, og eit strålande initiativ. Med oss frå Heilekonferansen tek vi tre viktige tankevekkarar som vart nevnt ved fleire høve på scena.

Vi må alle framsnakke regionen vår
Om vi ynskjer tilflytting er vi avhengige av at vi som bur, jobbar og trivst i Sunnfjord formidlar dette. Har du ei vennine som sit 45 minutt i bilkø i Bergen kvar ettermiddag? Fortel at du har heile ettermiddagen tilgjengeleg til det ho heller ville brukt tida si på.

Kjenner du nokon som drøymer om større bustad, men har tapt kvar einaste bodrunde i kampen om rekkehuset som ikkje er altfor langt frå Oslo sentrum? Fortel dei om nabohuset her i Sunnfjord som ligg til sals, kor alle fire veggane vil vere kun deira og dei kan male huset i kva farge som helst utan å måtte søke til sameiget.

Når vi snakkar med potensielle tilflyttarar må vi fokusere på det vi synes er det beste med å bu i Sunnfjord og ikkje halde det for oss sjølv. Kva om vi alle klarte å lokke heim ein person, eller to, eller ein heil familie?

Næringslivet i Sunnfjord blomstrar
Det er ikkje mange av regionane vi samanliknar oss med som kan vise til eit like yrande næringsliv som det vi ser i Sunnfjord. Helse Førde bygger for fleire milliardar, vi bygger ny vidaregåande skule og det skal byggast for enda fleire millarder i regionen dei neste åra.

På Peak Sunnfjord har vi eit pulserande miljø med engasjerte gründerar og selskap i vekst som har plass til enda fleire. Sunnfjord Utvikling kan bistå fleire som ynskjer å etablere seg i Sunnfjord, men no er det også enklare å flytte hit og ta med jobben i bagasjen, gjennom Remote Førde.
(OPPDATERING 20.10.2023: Ny nettside er for Remote Sunnfjord remotesunnfjord.no)

Finn du venner i Sunnfjord, blir du værande i Sunnfjord
Vekst i næringslivet har gitt oss fleire tilflyttarar den siste tida. Tibber åleine har rekruttert en håndfull tilflyttarar så langt i 2021. Dei som flyttar til Sunnfjord utan familie eller venner må få fleire arenaer til å møte andre som er i same livssituasjon som dei.

Dette vart trekt fram av Kristine Lie i PwC som sjølv har flytta frå Oslo til Førde i år. «– Dei som flyttar til Sunnfjord med barn blir tvungen til å sosialisere seg og møte nye menneske gjennom barnehage, skule og fritidsaktivitetar, men kva med oss som ikkje har barn?»

Vi brukar mykje tid og krefter på å lokke til oss dei kloke hodene, men vi må ikkje gløyme å bruke tid på dei etter at dei har skifta adresse til Sunnfjord òg.

Ta godt imot dei nytilsette og kanskje ekstra godt dei som kjem hit åleine –  og dra dei gjerne med på aktiviteter utanom jobb. Om alt går etter planen vil det vere mange av dei i åra som kjem.

Pandemien førte med seg mange utfordringar for næringslivet, men no ser vi (forhåpentlegvis) snart lyset i enden av korona-tunnelen.

For å kickstarte det lokale næringslivet etter korona, har FINS Aktivitet (eigd av Førde Industri og Næringssamskipnad) teke initiativ til ein heilt ny konferanse, Heilekonferansen. Intensjonen er at den skal bli ei årleg hending.

Motivasjon, omdømme og lokal verdiskaping
Tanken bak konferansen er dels å synleggjere den store veksten vi no ser i regionen vår, men og å inspirere og motivere til ytterlegare vekst og utvikling.

Konferansen går over to dagar, frå lunsj til lunsj, med følgjande tema:

  • Lokal verdiskaping som utgangspunkt for ekspansjon
  • Omdømme og merkevare
  • Motivasjon (og provokasjon)

Kjende namn på scena
For å gje ein liten smakebit på kven du får sjå på scena, kan vi nemne mellom anna Helseminister Bent Høie, Julie Brodtkorb, Jannicke Hilland, Tom Stiansen, Eva Weel Skram, Olaf Tufte og Florø-bandet Pegasus. I tillegg kjem den lokale kokkehelten Ole Jonny Eikefjord for å servere 4-rettars middag basert på råvarer frå regionen.

Desse bedriftene samarbeider med FINS Aktivitet om Heilekonferansen: BKK, Firda, Sparebanken Sogn og Fjordane, PwC, Hending, Berge & Co, Sunnfjord Utvikling, Sunnfjord Hotell, Scandic Sunnfjord Hotell & Spa og Rein Design.

Her kan du lese meir om programmet og melde deg på.