Denne veka markerte vi oppstarten av Fjord Impact Lab – eit nytt prosjekt som skal vere ein katalysator for grøn og berekraftig utvikling i regionen.

Prosjektet har fått tildelt 1,5 millionar kroner frå Vestland fylkeskommune, og dette gir eit viktig løft i arbeidet med å bygge opp eit sterkare innovasjonsmiljø i Sunnfjord.

Målet med Fjord Impact Lab er å samle aktørar frå næringsliv, akademia og offentleg sektor, og legge til rette for tverrfagleg samarbeid, kunnskapsdeling og utvikling av løysingar på samfunnsutfordringar – lokalt og globalt.

Oppstarten vart markert med kake i kantina på Peak Sunnfjord – ein sosial og uformell start på eit prosjekt med store ambisjonar.

Vi i Sunnfjord Utvikling ser fram til å utvikle Fjord Impact Lab saman med samarbeidspartnarar og engasjerte aktørar i og utanfor regionen.

Sunnfjord Utvikling – Drivkraft for framtida

Sunnfjord Utvikling har ei nøkkelrolle i å fremje næringsliv, innovasjon og busetjing i regionen. Selskapet fungerer som førstelinje for gründerar og nyetablerarar, og tilbyr rettleiing og støtte.

Etter kommunesamanslåinga i 2020 har folketalet auka, men utfordringar som stram økonomi, kamp om arbeidskraft og urbanisering stiller krav til strategisk innsats. Selskapet peikar på to hovuddrivarar for verdiskaping: innbyggjarane og verksemder som tilfører ressursar utanfrå.

Sunnfjord har fortrinn som naturressursar, teknologikompetanse og offentlege fagmiljø. Gjennom samarbeid som Invest in Fjordane jobbar ein for betre bruk av næringsareal og tilgang på energi. Samspel i regionen er avgjerande.

Attraktivitet og strategisk arbeid med rekruttering er sentralt i kampen om kompetanse. Sunnfjord Utvikling driv prosjekt som styrkjer tettstadene og næringslivet.

Bedrifta har høg aktivitet. I 2024 var omsetnaden 12 mill., og i 2025 har vi eit rekord stort budsjett opp mot 20 mill. Takka vere eit samarbeid mellom offentlege og private aktørar.

Sunnfjord Utvikling skal også framover vere ei drivkraft for vekst og utvikling i regionen.

 

For meir informasjon om kva vi held på med, last ned SU rapporten her

Vil du vite meir om årsregnskapet vårt, kan du laste det ned her