,

Landbrukskonferansen vart ein suksess!

Gjennom Landbrukskonferansen ønskja Sunnfjord kommune, Sunnfjord utvikling og Førde vidaregåande skule å legge til rette for vekst og utvikling i landbruket og tilleggsnæringane. Konferansen samla 108 deltakarar som fekk ein tettpakka dag med inspirasjon og kunnskap.

Konferansen viser at det er eit bredt spekter av moglegheiter innan tradisjonelt landbruk og tilleggsnæringar. Ved å jobbe tverrfagleg og samarbeide på tvers av bransjar kan ein skape gode løysingar som både ivaretek miljøet og gjev økonomisk bærekraft.  Deltakarane fekk sjå korleis produksjon av lokalmat og turisme kan bidra til å skape arbeidsplassar og auka verdiskaping i regionen, samtidig som det kan vere ein måte å formidle historie og verdiar om lokalt landbruk til besøkande.

 

Det er tydleg at det er eit stort engasjement for landbruket i regionen. Det er viktig å fortsette å jobbe for å styrke og utvikle bransjen slik at den kan vere ein berekraftig og attraktiv næring også i framtida.

Konferansen var ein viktig del av kommunen sitt arbeid med ny plan for landbruk og Sunnfjord utvikling sitt arbeid med ny strategisk næringsplan.