, ,

Fjord Impact Lab er i gang – med støtte frå fylkeskommunen

Denne veka markerte vi oppstarten av Fjord Impact Lab – eit nytt prosjekt som skal vere ein katalysator for grøn og berekraftig utvikling i regionen.

Prosjektet har fått tildelt 1,5 millionar kroner frå Vestland fylkeskommune, og dette gir eit viktig løft i arbeidet med å bygge opp eit sterkare innovasjonsmiljø i Sunnfjord.

Målet med Fjord Impact Lab er å samle aktørar frå næringsliv, akademia og offentleg sektor, og legge til rette for tverrfagleg samarbeid, kunnskapsdeling og utvikling av løysingar på samfunnsutfordringar – lokalt og globalt.

Oppstarten vart markert med kake i kantina på Peak Sunnfjord – ein sosial og uformell start på eit prosjekt med store ambisjonar.

Vi i Sunnfjord Utvikling ser fram til å utvikle Fjord Impact Lab saman med samarbeidspartnarar og engasjerte aktørar i og utanfor regionen.