Nordic Mining, Cemonite, Førde Sementvare og Hub for Minerals har inngått eit samarbeid for å utforske kommersielle moglegheiter ved bruk av restmasser frå mineralutvinning i betongproduksjon. Dette initiativet har som mål å redusere CO2-utslepp og fremje ei meir berekraftig verdikjede for betongproduksjon, samtidig som ein reduserer behovet for deponi.

Prosjektet vil utnytte restmasser gjennom industriell symbiose. Restmasse frå oppredningsanlegget på Engebø inngår som råvare som med ny teknologi kan brukast for å utvikle ein ny type betong med vesentleg lågare miljøavtrykk.

Frå venste: Kristian Mannebrekke (Førde Sementvare), Tor Martin Misund (Grøn region Vestland), Kenneth Angedal (Nordic Mining), Gunhild Berge Stang (Hub for Minerals)

 

  • Prosjektet treff kjernen av det vi ønskjer å oppnå med Hub for Minerals, seier prosjektleiar Gunhild Berge Stang og Heidi Gaustad frå Grønn Region Vestland. Dette vil bidra til at vi byggjer ny kunnskap knytt til restmineral, først lokalt på Engebø, men også for ny framtidig mineralverksemd. Det støtter målet vårt om at mineralnæringa skal bidra til lokal og regional verdiskaping, og skape nasjonale ringverknader.

 

  • Dette prosjektet er viktig for oss, seier Kenneth Nakken Angedal, dagleg leiar i Engebø Rutile and Garnet (Nordic Mining). Det gir oss moglegheit til å utnytte restmasser på ein innovativ måte og samtidig redusere miljøavtrykket vårt. Ved å samarbeide med leiande aktørar innan betongproduksjon, kan vi bidra til å utvikle berekraftige løysingar.

 

  • Vi har alltid som mål å produsere betongelement på ein smartare og meir miljøvennleg måte, seier dagleg leiar Kristian Mannebrekke i Førde Sementvare. Dette samarbeidet er heilt i tråd med visjonen vår, og det er viktig for oss å vere med på eit slikt prosjekt.

 

  • Dette samarbeidet er eit stort steg mot ei grønare framtid for betongproduksjon i Norge, seier Espen Lea, dagleg leiar i Cemonite. Ved å bruke restmasser som ein ressurs, kan vi redusere karbonutsleppa og skape ei ny, grønare verdikjede.

Frå venste: Kjetil Myrland (PwC), Kristian Mannebrekke (Førde Sementvare), Ørjan Stubhaug (Invest in Fjordane), Tor Martin Misund (Grøn region Vestland), Heidi Synnøve Gaustad (Grøn region Vestland), Kenneth Angedal (Nordic Mining), Tiril Amalie Johansen (Vestland Fylkeskommune), Gunhild Berge Stang (Hub for Minerals)

Bakgrunnsinformasjon

For kommentarar eller ytterlegare informasjon, kontakt:

Gunhild Berge Stang, Hub for Minerals

Tlf: 976 53 785

E-post: gunhild.berge.stang@sunnfjord.no

Sunnfjordregionen er i vekst og vi treng fleire medarbeidarar som kan bidra i spennande utviklingsprosjekt som har stor betydning for næringslivet og regionen som heilskap. Sunnfjord Utvikling søkjer prosjektleiar til å utvikle prosjekt og satsingar knytt til regionen sine moglegheiter innan grøn omstilling, industri, sirkulærøkonomi og mineral. Prosjektleiar vil også  ha ansvar for å assistere dagleg leiar i driftsoppgåver.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Legge til rette for utvikling av nytt og eksisterande næringsliv
  • Bidra til å identifisere strategiske satsingar for næringsutvikling i regionen vår
  • Starte opp og leie ulike prosjekt som bidreg til vekst i regionen
  • Samarbeide med næringslivet og relevante samfunnsaktørar om utviklingsprosjekt
  • Ha oversikt over verkemiddelapparatet og finansieringskjelder for utviklingsprosjekt
  • Ha ei rådgjevande rolle i ulike prosjekt og mot enkelt bedrifter
  • Assistere dagleg leiar med leiaroppgåver ved behov

Dette søker vi etter:

  • Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå, til dømes økonomi, samfunnsvitskap, innovasjon/entreprenørskap
  • Relevant arbeidserfaring, helst innan tilrettelegging for industri og grøne satsingar
  • Leiarefaring tel positivt
  • Erfaring med prosjektleiing/prosjektarbeid
  • Utadvendt og med gode samarbeidsevner
  • Engasjert og med ønskje om å bidra til vekst i regionen
  • Gjerne erfaring frå bedriftsrådgjeving og sakshandsaming
  • Strukturert og sjølvgåande

 

Arbeidsstad Peak Sunnfjord.

Har du spørsmål om stillinga ta kontakt med dagleg leiar Gunhild Berge Stang på mobil 97653785.

 Interessert? Send ein kortfatta søknad og CV til  dagleg leiar Gunhild Berge Stang: Gunhild.Berge.Stang@Sunnfjord.no

 

Søknadsfrist:  28. november 2024.

 

Om Sunnfjord Utvikling AS

Sunnfjord Utvikling er nærings- og tiltaksapparatet til Sunnfjord kommune og næringslivet. Føremålet vårt er å bidra til ei positiv utvikling i Sunnfjordegionen gjennom å satse på regionen sine fortrinn og moglegheiter. Dette gjere vi gjennom strategiske satsingar for å styrke regionen sin attraktivitet, bidra i arbeidet med å trekke til oss næringsliv og industri, og stimulere til grunderskap.