Dette er gjengen bak «Toppturar i Sunnfjord» Del 2

Vi har stilt prosjektgruppa bak boka «Toppturar i Sunnfjord» fem spørsmål om kvifor dei søker mot dei kvite toppane.

  1. Kvifor er du del av prosjektgruppa?
  2. Kva erfaring har du med toppturar?
  3. Kva gir kvite toppar deg?
  4. Favorittopp i Sunnfjord?
  5. Kva topp drøymer du om å bestige?

Anne Cecilie Kapstad

  1. Eg er jølstring og glad i å vere på tur sommar og vinter. Kjenner difor fjella og turmogelegheitene i området ganske godt. Det eg kan om fjell, ski og Sunnfjord som turområde er stort sett sjølvlært. Eg vart difor mest med fordi eg har mykje erfaring frå organisasjonsarbeid. Eg er rett og slett skikkeleg glad i å organisere, delegere, koordinere, systematisere, bruke IKT og å skrive. I tillegg likar eg å tenke marknadsføring og å «få ut bodskapen», slik at alle i heile verda får sjå kva vi har fått til med denne boka!
  2. Eg vart dratt med på toppturar på ski i oppveksten av onkelen min og far min. Dette var lenge før toppturskia slik vi kjenner dei i dag eksisterte! Den gongen gjekk vi turar på langrennsski bak Storehesten, og til toppar og gjennom dalføre i Jølster. I oppveksten til dei to sønene mine har eg «budd» i Jølster skisenter. Det gav meg godt grunnlag for å gå toppturar når randonnee-skia kom. I starten var det å få køyre på ski i urørte sider drivkrafta for å kome seg på tur. I dag har eg blitt meir glad i oppoverbakkane, og det å nyte naturen blir stadig viktigare.
  3. Eg arbeider som rektor og må i arbeidsvekene vere mykje inne. For å ha eit klart hovud som fungerer på jobb er det heilt nødvendig for meg å bruke kroppen fysisk i fritida. Ein topptur i helga er som medisin og gir meg energi og overskot heile arbeidsveka. I tillegg gir ein topptur gode opplevingar saman med vener. Å gå på tur med andre skaper kjennskap og venskap som du ikkje får oppleve likeeins på andre arenaer.
  4. Det er så ufatteleg mykje bra å ta av! Men perfekte forhold ned mot Jostebotnen frå Hanekammen i Stardalen er kanskje det som tronar øvst. Inntil vidare!
  5. I Sunnfjord må det vere å gå nokre av turane i boka som eg sjølv ikkje har vore på, til dømes turen Bing Gryte. Elles er det ein draum å kome seg på Store Skagastølstind. Begge draumane bør realiserast ein gong!

Per Magne Bakke

  1. Eg har tatt ei treårig utdanning for å få internasjonal godkjenning som høgfjellsførar, med yrkestittelen Tindevegleiar. Som Tindevegleiar har eg gjennom firmaet Breogfjell jobba med føring og kurs både i Noreg og Alpane sidan 2007, då djup snø og god vin lokka meg til Chamonix. I 2011 flytta eg heim til Jølster og gjenoppdaga det unike med fjella i Sunnfjord. Her er det ingen skiheisar, her treng ein ikkje kjempe for førstesporet, vi har urørt natur med store kontrastar – frå fjordane til dei høgste toppane og breane. Då Leif spurte meg om eg ville vere med og skrive bok om fjella våre, var eg ikkje lenge i tenkeboksen.
  2. Eg vaks opp i Stardalen i Jølster med mykje fint skiterreng rett utanfor stovedøra. I tenåra tok far min, som òg er med i prosjektgruppa, meg med på dei første toppturane. Utstyret var enkelt, men målet var vel som i dag: Å få lagt nokre fine svingar i god snø. Seinare har eg brukt mykje tid på ski.
  3. For meg handlar toppturane kanskje mest om det sosiale, det å dele ein fin tur med gode vener. Samtidig er det kjekt å utfordre seg sjølv på fjellets mange disiplinar, anten det er å finne god og trygg snø ein dag med vanskelege forhold eller å utforske nytt terreng.
  4. Skafonnfjellet over Kjøsnesfjorden. Her er mange spennande ruter å utforske. Vi har med fleire av dei i boka, men det er fortsatt meir igjen for den eventyrlystne.
  5. Eg har aldri vore på ski på Kvamshesten, og denne står høgt på lista mi. Eg gler meg òg veldig til å gå heile Sunnfjordruta samanhengande.

Marie Havnen

  1. Eg er skrive- og fotokyndig gjennom utdanning og jobben som journalist i Firda. I tillegg er eg veldig glad i Sunnfjordnaturen, og er nyfrelst toppturentusiast. Er vel det skrivande alibiet til gruppa.
  2. Gjekk min første topptur på Nonsnipa i 2013. Då var fleire venner begynt med randonee eller å ta med brett og gå toppturar. Blei frista av gøy skikøyring og utsikten på tur. Alltid vore glad i fjellturar, så kjekt å teste vinter-Sunnfjord.  Bokprosjektet trong ein nybegynnar med på laget – ein som treng boka for å finne nye turar.
  3. Kvar topptur er ei stadfesting på at Sunnfjord er den beste plassen å bu. Ein topptur gir meg 1) finfin utsikt og gode naturopplevingar, 2) moro skikøyring og utfordring  3) den beste trimmen både på veg opp og ned. For ein livsnytar gir toppturar kvardagen eit skikkeleg løft og energi. Å ha dette rett utanfor døra er noko av det beste med Sunnfjord.
  4. Veldig glad i Steinegga som er fin skikøyrig, har perfekt slakke sider og er lett tilgjengeleg. Var på Tortnegrøegga for første gong i påska, på ein perfekt dag med strålande sol og pudder. Dit skal eg fleire gonger!
  5. Det er mange, mange av toppane i boka eg ikkje har gått som eg har lyst å gå i åra framover. Til dømes Snønipa.

Olav Sægrov

  1. Har sidan barndommen på Skei hatt stor interesse for topptur. Deler min lidenskap for topptur i Jølster med andre gjennom nettsida skifanomet.com og arrangement som filmvising, fellestur og vasshopping i Kjøsnesfjorden. Siste tre åra har eg vore lokal skiguide.
  2. Eg har stått masse på ski i barndommen. Begynte med topptur på ungdomsskulen. Det starta med at faren min tok med meg på skitur på mange av dei fine fjella i Jølster.
  3. Ein topptur gir meg masse energi og glede. Seier til folk at topptur er medisin for både kropp og sjel. Får ei unik lukkekjensle som gjer at eg aldri blir lei av å oppsøke fjella om vinteren.
  4. Tidleg på vinteren er Olahansen ein favoritt. På slutten av vinteren har Skafonnfjellet blitt ein favorittopp.
  5. Eg drøymer stort sett om å bestige mange fjell og svinge meg med nedover fjellsider dekt med store mengder pudder.

Brit Siv Fimland

  1. Fekk spørsmål om å være med fordi eg har gått mykje på tur i området. Det har vore veldig kjekt å vere med på prosjektet, og det blir spennande å sjå sluttresultatet. Eg er frå Fimland i Naustdal, og har vore aktiv på ski sidan barndommen. Har dei siste åra hatt oppdrag for NVE i vintersesongen, der eg leverer observasjonar til snøskredvarslinga Varsom.no
  2. Har gått på ski så lenge eg kan hugse. Hadde berre langrennsski i oppveksten, men dei brukte vi til alt, både i langrennsløypa, til hopping og til å gå på fjellet. Fekk mine første telemarkski i 1992, og telemarkskøyring vart den store interessa. Med interesse for både friluftsliv generelt og telemarkskøyring på ski, vart topptur ein naturleg favorittaktivitet.
  3. Ein topptur gir meg energi og gode turopplevingar, både på tur åleine og i lag med vener. Følelsen av å ha heile fjellet for seg sjølv er heilt fantastisk, så eg kosar meg både på vei oppover og ned att. Sidan eg også likar å fotografere, gir det ein ekstra dimensjon til toppturen.
  4. Vanskeleg å velje ut ein topp når vi har så mange flotte turar i området. Blægja er ei oppleving med kontrastane frå fjord til fjell, og Syskardnipa og fjellområdet på Ålhus har blitt ein favoritt. Til slutt må eg sjølvsagt ha med Sandfjellet sidan det er «heimefjellet» mitt.
  5. Har nokon ruter i boka som eg ikkje har prøvd endå. Men sjølv ein topp du har gått på 100 gonger  kan gi deg ein draumedag. Snøen og varierande vêr gir ei ny oppleving av fjellet kvar dag på tur. Så draumen er å kunne fortsette eit aktivt liv i fjellheimen.

Den 1. november er det stor boklansering i Førdehuset av «Toppturar i Sunnfjord». Her kan du lese meir om arrangementet.