Dette er gjengen bak «Toppturar i Sunnfjord» – Del 1

Vi har stilt prosjektgruppa bak boka «Toppturar i Sunnfjord» fem spørsmål om kvifor dei søker mot dei kvite toppane. 

  1. Kvifor er du del av prosjektgruppa?
  2. Kva erfaring har du med toppturar?
  3. Kva gir kvite toppar deg?
  4. Favorittopp i Sunnfjord?
  5. Kva topp drøymer du om å bestige?

Leif Kapstad, prosjektleiar.

  1. Eg vaks opp like under Storehesten, og her gjekk vi turar med foreldra våre og andre i bygda så ofte vi kunne. Gløden for friluftslivinteressa vart nok tent her. Fjellet baud òg på ulike utfordringar med dramatiske fjellsider og litt klatring. Utstyr hadde vi ikkje. I påska og elles om våren gjekk vi fleire turar utover fjellrekka mot Blægja, som var det store målet. Etter at vi flytta til Jølster for 40 år sidan, fekk eg eit eldorado av fjell og bre å boltre meg i. Etter kvart vart eg godkjent breførar og kunne ta med vener og andre på breturar. Eg oppdaga snart at Jølster og Sunnfjord hadde ein natur mange burde få oppleve. I fleire år har eg leika med tanken om å skrive ei bok som kunne formidle denne skatten til andre. Då  «Toppturar i Sogn» kom, tenkte eg at tida var moden. Etter kort rådføring med mi eldste dotter, Anne Cecilie, vart vi samde om å organiserer ei prosjektgruppe. Vi kontakta åtte andre fjellentusiastar med ulik bakgrunn og erfaring. Det var ikkje nei å få, og prosjektet starta opp for 2 1/2 år sidan. Alt har gått på skinner og vi har hatt «gøy» heile vegen.
  2. Allereie i oppveksten var alltid målet å nå toppane. Denne dragninga har alltid vore der. Konkurranseinstinkt? På slutten av 1990-talet møtte eg to personar med toppturski på Grovabreen. Vi lo litt av dette tunge utstyret som dei «vabba» rundt i. Men først i 2005 (då var eg 55 år) kjøpte eg mitt første telemarkutstyr, og seinare har det blitt mange ulike toppturskimodellar. Å kunne køyre stødig og sikkert ned dei bratte fjellsidene gav meg ei heilt ny oppleving.
  3. Naturopplevinga er det viktigaste, og kvar topp er eit «alter» for meg. Å sjå utover den vakre bygda vår er ei «sjelebot». Etter kvar topptur tenkjer eg at no har eg fått åndeleg føde for nokre veker framover. Den gir òg spenning og meistring. Å oppleve meistring av utfrodrande terreng og vanskelege situasjonar, gjer at du veks som menneske og gir deg eit godt fundament elles i livet.
  4. Dei gode opplevingane i min barndom gjer at fjellmassivet Storehesten og Blægja er mitt fjellområde.
  5. I Sunnfjord står Sunnfjordbjørnen høgt på lista. Då vil eg gå opp frå Gaularfjellet og køyre ned til Grøning i Haukedalen som ein del av vår nye: «Sunnfjordruta».

Eli Skrede

  1. Eg vart spurd om å vere med, og synest det var eit spennande prosjekt å få bidra på. I denne samanheng er eg ein ganske gjennomsnittleg telemarkkøyrar, med stor interesse for toppturar og den flotte naturen vi har rundt oss.
  2. Eg begynte å gå toppturar for snart 15 år sidan. Det var ein fin måte å kombinere interessa for telemarkkøyring og å komme seg ut og opp i fjella.
  3. Ein topptur gir meg gode opplevingar i naturen, og er samtidig ein fin måte å halde meg i form på. Å sitte på ein topp og sjå utover eit snødekt landskap, for så å svinge seg nedover eit passe lag med laus tørrsnø, gir meg ei godkjensle eg verkeleg unnar fleire å oppleve.
  4. Har oppdaga mange nye spennande turar under arbeidet med boka, men trur framleis ein av favorittane er Tortnegrøegga i Stardalen.
  5. Akkurat no synest eg Sunnfjordbjørnen må vere eit spennande turmål.

Torje Bjellaas

  1. Eg kom med i prosjektgruppa for å ta bilete frå lufta, og elles bidra med det eg hadde frå tidlegare turar og fotografering i Sunnfjord. Området rundt Jølster har eg brukt mykje. Eg er vossing og dermed fødd inn i den vestlandske fjellheimen – eit område av landet og verda eg har blitt meir og meir glad i med åra. Eg er fotograf, med jobb i NRK, der eg har laga mykje innhald frå fjellet. No lagar eg ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”.
  2. Eg begynte tidleg å gå på fjellet med familien og vener på Voss, og eg hugsar då Telemark-stilen kom tilbake til Norge. Dette utløyste enorme moglegheiter. Det var då vi for alvor starta med å gå til fjells for å få gode nedkøyringar og turopplevingar. I 1985 meldte eg overgang til Telemark-stilen for godt (trudde eg). I 1990 vart eg Vossameister på telemarkski. Eg vann altså VM. Det var stas.
  3. Det er store opplevingar kvar gong, og det er alltid noko nytt å oppleve sjølv om eg har gått turane før. Alle burde unne seg å ha nokre kvadratkilometer for seg sjølv innimellom.
  4. Hanekammen og Isvassnipa. To fantastiske fjell og område i Jølster.
  5. Etter kvart som eg har sett ein del fjellområde i verda, er det faktisk heim att hit draumane mine tek meg. Vi har fjellområde i nabolaget som er i ypparste verdsklasse. Eg skulle hatt meir tid til å gå lange turar, som til dømes ein runde rundt heile Jølstravatnet. Det drøymer eg om. Kanskje nokon blir med meg på turen?

Reidar Bakke

  1. Eg har gått ein del toppturar med Leif, og då han spurde meg om å bli med på dette prosjektet var det vanskeleg å seie nei.
  2. Første toppturen trur eg var på Snønipa for ca. 60 år sidan. Eigentleg har eg aldri likt å på ski, men eg likar å renne, og oppvaksen i ein utkant som Stardalen var det ikkje noko val. Skulle ein få eit renn måtte ein gå opp.
  3. Kanskje først og fremst rennet ned att, men det er ei oppleving å komme opp på ein topp og sjå utsikta. For meg som ikkje likar å trimme utan at det er moro, hjelper det nok på forma òg.
  4. Det må bli Snønipa opp frå Veiteberg. Ikkje nødvendigvis toppen, men eg synest turen opp Sollibotnen og vidare opp brefallet går gjennom eit fantastisk fint landskap og gjev eit fint renn ned. Når det gjeld rennet ned held eg ein knapp på Trollebottseggane. Eg trur eg var den første som var der på ski, lenge før det var vanleg at folk gjekk slike turar. Eg hugsar fortsatt turen ned på mine gamle Madshus fjellski med hardvedkantar og kandaharbindingar i skikkeleg fint slush-føre.
  5. Eg har vore nokre gonger på ski i området rundt Chamonix, og trur eit renn frå Mont Blanc hadde vore ei fantastisk oppleving. Etter kvart har eg byrja å forstå at eg ikkje er 20 år lenger, så det må nok bli i mitt neste liv.

Sindre Hoff

  1. Litt tilfeldig nemnde Leif at han hadde samla ei gruppe for å lage bok om toppturar i Sunnfjord. Det virka særs spennande. Mi rolle har vore feltarbeid og innsamling av data på tur i fjellet.
  2. Då eg var yngre og aktiv langrennsløpar var det fast vårtradisjon å bytte ut langrennsski og konkurransejag med telemarkski og triveleg turfølgje. For fem år sidan starta eg så smått å konkurrere med randoneeski. Det å bevege meg raskt i fjellet forelska eg meg i, og topptur har blitt ein aktivitet som varer heile vinteren.
  3. Ingenting er som å vere på fjellet gode vener når sola skin og snøforholda er gode. Men eg trivst nok aller best når eg kan bevege meg lett og ha litt høg fart. Kjensla etter å ha gått over Sunnfjordbjørnen frå Gaularfjellet til Grovabreen, bada i kveldssol, vel vitande om at du har ei fantastisk nedkøyring mot Jølstravatnet i vente, er magisk.
  4. Umogeleg spørsmål. Men Storehesten ein av dei turane eg har gått flest gonger. Den alpine egga som fører deg til toppvarden er spesiell, og kombinerer du det med havutsikt ein fin vårdag får du ei flott toppturoppleving.
  5. Eg har planar om å klatre Storhesten utan ski. Med ski på beina har eg ingen konkrete planar. Kanskje eit mål kan vere å gå alle toppane vi har i boka?

Den 1. november er det boklansering av «Toppturar i Sunnfjord» i Førdehuset. Les meir om arrangementet her.