Tidlegare Jølster kommune
Retningslinjer for kraftfond for Jølstra kraftverk
Kraftfondet skal nyttast til næringsretta tiltak eller aktivitet knytt til reiseliv, friluftsliv og sport innanfor kommunegrensa til tidlegare Jølster. Målet med Jølstra kraft-fondet er å sikre lokalsamfunnet ein del av verdiskapinga frå utbygging i eit langsiktig perspektiv.
Fondet vil opne for ei utlysning årleg, vanlegvis med søknadsfrist 1. mai.
For spørsmål og rettleiing ta kontakt med Sigrid Eikeland
Stønadstypar
Tilskotstype |
Kostnadsgrense |
Maks støtte |
---|---|---|
Næringsretta tiltak eller aktivitet knytt til reiseliv, friluftsliv og sport innafor kommunegrensa til tidlegare Jølster kommune | Det er ikkje sett spesielle kapitalgrenser for slike saker. | Inntil 50% av samla kapitalbehov |
Stønadsvilkår og prioritering
- Målet er å sikre lokalsamfunnet ein del av verdiskapinga frå utbygging i eit langsiktig perspektiv.
- Fondet skal først og fremst nyttast til næringsretta tiltak eller aktivitet knytt til reiseliv, friluftsliv og sport innanfor den kommunegrensa til tidlegare Jølster.
- Det kan ikkje gjevast støtte til sanering av gjeld eller til drift av bedrifter og kommune.
- Det bør heller ikkje gjevast støtte til verksemd som får større overføringar over statsbudsjettet.
- Samla finansiering frå fondet til private næringstiltak skal som hovudregel ikkje være meir enn 50 % av samla kapitalbehov for eit prosjekt.
- Bedrifter som har motteke støtte frå fondet pliktar å gje opplysningar om dette dersom dei søkjer om meir støtte med offentlege midlar innan utgangen av 3-år perioden.
- Støtte til bedrifter i kommunen skal vere innafor grensene som gjeld i forskriftene om støtte frå Statens nærings –og distriktsutbyggingsfond (SND).
Korleis søke?
Du må søke elektronisk via nettstaden www.regionalforvaltning.no
Slik sender du inn søknad:
1. Gå inn på nettstaden www.regionalforvaltning.no
2. Trykk på «Opprett ny søknad på denne støtteorninga»
3. Vel støtteordning «Jølstra Kraftverk-fondet 2022»
4. Logg inn eller registrer ny brukar.
5. Fyll ut alle relevante felt. Hugs å trykke på «Lagre og neste» mellom kvar gong.
6. Last opp relevante vedlegg.
7. Hugs å trykke på «Send inn søknad» når du er ferdig med søknaden.
Søknadsfrist 2022: 1. mai
Søknadane vil bli handsama i første styremøte i Sunnfjord Utvikling etter søknadsfristen.