
Bli med på ein engasjerande kveld der vi set søkelys på korleis vi kan skape aktivitet, busetnad og nye moglegheiter i bygdene våre.
• Situasjonen i Sunnfjord – kvifor er det viktig å løfte fram dette no?
• Kommunen som forvaltar – korleis kan regelverket brukast for å få folk i husa?
• Kva skal til for å lukkast?
• Erfaringar frå andre stader og prosjekt
• Kven vil busette seg i distrikta – og kvifor?
• Moglege og aktuelle løysingar
Kva kan kvar enkelt av oss bidra med for å få dette til? Her blir det rom for både spørsmål, innspel og gode samtalar.


