Lastar Hendingar

« All Events

Det vesle dyret som byggjer landet.

3. oktober @ 12:00 - 16:30

12:00–16:30 – Inspirasjonsseminar
Kor viktig er eigentleg sauen for norsk natur, klima og verdiskaping?
Gjennom inspirasjonsseminaret møter du forskarar, bønder, industri og gründerar som deler erfaringar og visjonar om ei næring som skaper arbeidsplassar, ringverknader og stoltheit.
Registreringa startar 12.00 med smørbrød med fenalår og lokal eplemost til lunsj. Sjølve foredraget startar 13.00. 
👉 Programleiar: Gunnhild Berge Stang, sauebonde og leiar i Sunnfjord utvikling
Innleiarar:
– Lise Grøva (Nibio): Amazing grazing – beitedyra sin plass i naturen og klimaomstillinga
– Jakob Andre Sandal (sauebonde, Stardalen): Mitt liv som sauebonde
– Eivind Fonn (Nortura): Sauen som verdiskapar
– Erlend Brede Fossen (sauebonde, Viksdalen): Mitt liv som heiltidsbonde
– Ingvild Espelien (Selbu Spinneri): Ei heilnorsk verdikjede for ull
20:00 – Med bonden til bords 🥂🍴
Etter inspirasjon kjem smaken!
Med årets lam og sau på menyen inviterer kokk og restaurantsjef Ole Jonny Eikefjord til festmiddag med fire rettar i Røyst mat og vinhus. På menyen står også Jølstraaure og ein god vinpakke. Vi kan også friste med alkoholfrie alternativ for dei som ynskjer det.
Kjøkemeister for kvelden er tillitsvald i Nortura, Anders
Felde. Lokale sauebønder diskar opp med soger om sauene sine, kanskje nokre skrøner og heilt sikkert litt velfortent skryt.
Påmelding: https://event.checkin.no/173464/det-vesle-dyret-som-byggjer-landet

Detaljar

Dato
3. oktober
Tid:
12:00 - 16:30

Detaljar

Dato
3. oktober
Tid:
12:00 - 16:30