
Korleis byggjer vi ein arbeidsplass der alle vil vere, og bli verande?
Aldri før har arbeidslivet romma eit så stort spenn av erfaring, forventningar og motivasjon som det gjer i dag. Fire generasjonar i arbeidslivet – frå dei erfarne babyboomerane til generasjon Z med blikket retta framover – utfordrar oss på leiarstil, kultur, kommunikasjon og teknologi. Korleis rekrutterer, engasjerer og held vi på dei rette folka, når behova og forventningane er ulike?
21.- 22. oktober inviterer vi deg som ønsker ny kunnskap om rekruttering til konferanse på Skei. Her får du konkrete tips og nye perspektiv på tvers av generasjonar – og kanskje eit lite skråblikk på din eigen leiarstil?
Stad: Grand Hotel Skei
Tid: 21. oktober kl. 11.30-16.00 og 22. oktober kl. 09.30-14.30.
Prisar for medlem/ikkje medlem:
Workshop med FAVNA: 2900/3900 inkl. lunsj, eks mva
Workshop med Nav: 1000/2000 inkl. lunsj, eks mva
Konferanse: 1900/2900 inkl. lunsj, eks mva
Dag 1: Workshop
På dag éin tilbyr vi to ulike workshoppar som du kan velje mellom:
Workshop 1: Korleis fremje ein god organisasjonskultur?
FAVNA Sogn
Ein god organisasjonskultur byggjer tillit, meistring og samspel og legg grunnlaget for både trivsel og resultat. Men kva kjenneteikner eigentleg ein god kultur på arbeidsplassen? Og korleis kan du som leiar eller tilsett bidra til å utvikle den? I denne workshoppen skal du få betre innsikt i kva som er drivarane for ein god organisasjonskultur, og konkrete verktøy du kan ta med deg i utviklinga av eigen arbeidsplass.
Workshop 2: Arbeid og psykisk helse
Nav Arbeidslivssenter Vestland
Psykiske plagar er vanleg i befolkninga, og særleg utbredt blant unge vaksne. Dei fleste er likevel i jobb. Kva kan fremje god psykisk helse i arbeid? Og kva er dei gode grepa for at tilsette skal kunne stå i arbeid trass helseplager? I denne workshopen får du ein smakebit frå kurspakka Sees i morgon, som er eit tilbod frå NAV Arbeidslivssenter.
Dag 2: Konferanse
Dag to er konferansedagen med leiande foredragshaldarar innan tre hovudtema: generasjonsleiing, psykologisk tryggleik og digital arbeidsplass. Lokale bedrifter og aktørar fortel korleis dei jobbar med desse tema.