Smakslandet Sunnfjord

Den treårige satsinga på lokalmat, landbruk og reiseliv er i gang.

3. september 2026 møttest vi for å feire oppstarten av den treårige satsinga Smakslandet Sunnfjord. Rundt bordet i det tradisjonsrike Fjordamattunet i Jølster sat bønder og bakarar, kokkar og andre med interesse og engasjement for lokal mat. Kveldens meny var sett saman av råvarer frå lokale produsentar.

Om satsinga

Det er nettopp desse råvarene som er kjernen i satsinga. Smakslandet Sunnfjord tek utgangspunkt i regionen sine rike naturgjevne føresetnader, levande landbruk og sterke mattradisjonar. Målet er å utvikle Sunnfjord til ein tydeleg og attraktiv matregion og styrkje samspelet mellom landbruk, mat, reiseliv og vertskap.

Ein del av tilbodet Smakslandet Sunnfjord ønskjer å tilby dei lokale aktørane er fire ulike arbeidspakkar:

  1. Gründerprogram og mentorordning
  2. Smaksstovene i Sunnfjord
  3. Smaksgardane i Sunnfjord
  4. Merkevarestrategi

Pakkane skal bidra til å styrkje kompetanse, utvikle nye produkt og samarbeid, og gjere det enklare for produsentane å nå ut til marknaden.

Eigarskap og finansiering

Sunnfjord Utvikling og Nytta AS er prosjekteigarar av satsinga, med Aksello som sentral samarbeidspartnar. Satsinga har fått fullfinansiering, i tillegg til støtte frå Sparebanken Norge, Agenda Vestland, fylkeskommunen og Sparebankstiftinga Fjaler.

Søknadsgrunnlaget er utarbeidd av ei breitt samansett arbeidsgruppe med representantar frå landbruket, reiselivet, kulturnæringa og handels- og serveringsbransjen. Denne breie involveringa er sjølve grunnlaget for prosjektet, og vil vise seg tydeleg i arbeidet framover.

Ørjan Stubhaug og Astrid Marie Vie frå Sunnfjord Utvikling og Andreas Fonn Macsik frå Nytta på lanseringa 3. september. Bilete: Erik Hovland.

Verdien av samarbeid

Ringverknadsanalysen frå 2026 peikar på moglegheitene regionen Sogn og Fjordane har til å foredle meir av det landbruket produserer og knyte dette tettare til reiselivet. Samarbeid mellom kommunar og bransjar blir trekt fram som ein viktig del av løysinga.

Astrid Marie Vie frå Sunnfjord Utvikling og Andreas Fonn Macsik frå Nytta AS peikar på at det er nettopp dette som er sjølve kjernen i satsinga:

«Dette er ikkje vår satsing. Det er vår felles satsing. Uansett kva du driv med, har du noko å hente – og noko å gje».

Éin bonde kan ikkje byggje ei merkevare åleine. Éin restaurant kan ikkje byggje eit nettverk åleine. Smakslandet Sunnfjord skal vere ein arena der vi lærer av kvarandre, deler kompetanse og utviklar både ei felles merkevare og nye salskanalar i lag.

Målet er at fleire skal kunne dra nytte av det som allereie finst i regionen vår, og at ingen skal trenge å byggje alt frå botnen av.

Bilete: Amalie Solem

Kven er dette for?

Den primære målgruppa for satsinga er bønder og lokale matprodusentar i heile Sunnfjord. Både etablerte og nye aktørar kan dra nytte av nettverket. Nedanfor finst ei oversikt over kva dei ulike partane kan få ut av prosjektet:

Driv du med produksjon, servering, har noko anna å bidra med i prosjektet eller berre har ei interesse for lokalmat og vil vite meir om satsinga? Vi vil gjerne høyre frå deg.

Ta kontakt med Astrid Marie Vie ved å trykkje på knappen nedanfor.