Siste helga i november inviterer Sunnfjord Utvikling og Førde Sør AS til julemarknad utanfor rådhuset i Førde. Her blir det ei heil helg med førjulsstemning, lokal handel og aktivitetar for store og små!
Målet er å skape ein ny juletradisjon i Førde, samtidig som vi løftar fram lokale produsentar, verksemder og alt det gode Sunnfjord har å by på.
Nissebesøk og julestemning
Det blir sjølvsagt besøk av nissen, og vi jobbar med fleire kjekke innslag som skal gjere julemarknaden til ei triveleg oppleving for alle som er innom.
Vi vil skape ein levande møteplass der folk kan handle lokalt, oppleve julestemning og møtast i førjulstida.
Vil du vere utstillar?
På marknaden kan du selje eigenproduserte varer, handverk, kunst, lokalmat, bakst eller andre spennande produkt.
Privatpersonar kan melde seg som utstillar her
Bedrifter kan melde seg som utstillar her
Privatpersonar kan melde seg som utstillar her
Opningstider
• Fredag 27. november kl. 16.00–19.00
• Laurdag 28. november kl. 12.00–19.00
• Søndag 29. november kl. 12.00–16.00
Søndag kl. 16.00 inviterer Førde skulemusikkorps og Førde musikklag til julegrantenning, fakkeltog og julebasar på Viking.
Har du gode idear eller lyst til å bidra?
Ta kontakt med prosjektleiar Marie Tefre Birkeland:
• Telefon: 901 71 344
• E-post: hei@marieas.no


