Landbrukskonferansen 2026

Tekst: Per Siem

Dagen vart leia av Ole-Magnus Mo og Kamilla Eirin Hestenes Aamot, lokale bondelagsleiarar frå Gaular og Jølster. Med eigne erfaringar frå bondekvardagen i Bygstad og Stardalen som utgangspunkt, gjorde dei ein god jobb med å lose deltakarane gjennom det innhaldsrike og varierte programmet

Programleiarane for Landbrukskonferansen, Ole-Magnus Mo og Kamilla Eirin Hestenes Aamot. Foto: Amalie Solem.

Matproduksjon og beredskap i ei uroleg verd

Christian Anton Smedshaug, sjeføkonom i Landkreditt og tidlegare leiar i Agri Analyse, opna fagprogrammet med føredraget «Frå grasressurs til matberedskap».

Smedshaug sette søkjelyset på korleis Noreg kan utnytte eigne naturressursar betre, og kva rolle norsk landbruk spelar for sjølvforsyning og matberedskap. Særleg vart betydninga av gras- og utmarksressursane løfta fram. Noreg har store areal som eignar seg til grasproduksjon og beite, og vårt husdyrhald er historisk godt tilpassa for å utnytte desse ressursane til matproduksjon.

Han viste også til utviklingstrekk i norsk landbruk, mellom anna nedgangen i talet på mjølkebruk og vinterfôra sauer. Sjølv om produktiviteten har auka på fleire område, er det viktig å sikre eit aktivt landbruk og oppretthalde produksjonskapasiteten over heile landet, påpeika Smedshaug:

– Ja visst held vi  mjølkeproduksjonen oppe, men vi har nesten hundre tusen færre mjølkekyr enn i år 2000. I ei uroleg tid med usikre forsyningslinjer er det eit tankekors at fleire mordyr med litt lågare avdrått kunne klare å halde produksjonen oppe på våre eigne for-ressursar. Samstundes har vi underskot på storfekjøt, så vi treng óg fleire kalvar, forklarte Smedshaug.

Robert Mood, tidlegare generalsekretær i Raudekrossen og generalløytnant i Forsvaret, følgde opp med føredraget «Beredskap byrjar i åkeren».

Med erfaring frå både Forsvaret og humanitært arbeid sette han norsk matproduksjon inn i eit større samfunnsperspektiv. Han peika på ei verd prega av krig, konfliktar, ei komande energikrise og aukande uvisse. I ein slik situasjon kan tilgang på mat, vatn, straum og transport ikkje takast for gitt.

Bodskapen var at beredskap må byggjast lokalt, gjennom samarbeid og levande lokalsamfunn. Landbruket har ei heilt sentral rolle i dette arbeidet, fordi gardane representerer både matproduksjon, ressursar, kompetanse og lokal verdiskaping. 

– Tryggheit er kortreist, understreka Robert Mood. 

Robert Mood på scena. Foto: Amalie Solem

Unge bønder viser veg inn i næringa

Rekruttering til landbruksnæringa var eit anna sentralt tema på konferansen. Førde vidaregåande skule presenterte den nye lærlingordninga i landbruksfaget, som gir fleire moglegheiter til å ta fagbrev og få praktisk erfaring frå gardsdrift.

Dei to første lærlingane, Ann-Karin Solheim Rygg og Berthine Myklemyr Sperle, delte sine eigne erfaringar med utdanninga og fortalte kvifor dei har valt å satse på landbruket. Dei trekte fram variasjon i arbeidsdagen, interessa for faget, trivsel med dyr og draumen om å drive eigen gard. 

Gjennom lærlingordninga får dei arbeide med mellom anna gardsarbeid og fjøsarbeid, og lære gjennom praktisk erfaring.

– Vi får også vere med å rekruttere nye lærlingar til to-pluss-to løpet, og det synst vi begge to er ekstra kjekt og givande, fortalte Ann-Karin.

Innlegget gav deltakarane eit konkret innblikk i korleis ei meir praktisk utdanning kan bidra til å rekruttere nye krefter til landbruket. – Vi treng fleire øvingsgardar til lærlingane. Ta kontakt, og ver med å skape den beste landbruksutdanninga i landet, oppmoda avdelingsleiar på naturbruk, Håkon Svoen. 

Håkon Svoen, Ann-Karin Solheim Rygg og Berthine Myklemyr Sperle delte erfaringer frå to-pluss-to løpet. Foto: Amalie Solem

Rammevilkår og nye moglegheiter på garden

Konferansen tok også opp rammevilkåra for bøndene på Vestlandet. Jan Erik Fløtre, leiar i Vestland Bondelag, sette søkjelyset på jordbruksoppgjeret og kva det kan bety for framtida til vestlandsbonden. 

– Vi er på ingen måte ferdige med å løfte bonden si inntekt, understreka han.

Statsforvaltaren i Vestland presenterte ferske tal om beredskap på gardane, medan Innovasjon Norge og Norges Vel orienterte om støtteordningar og eit nytt mentorprogram for verdiskaping på garden. – Vi opplever stor pågang og stor optimisme, fortalte Jorunn Kårvatn frå Innovasjon Norge.

 – Berre no, medan eg heldt innlegget mitt, fekk eg  fire-fem anrop på telefonen frå bønder som jobbar med prosjekta sine, la ho til.

Deltakarane fekk også høyre konkrete erfaringar frå bønder som har investert og utvikla drifta si. Mellom anna vart nye fjøsprosjekt presenterte: mjølkefjøsen til Terje Hagen på Sunde, sauefjøsen til Sondre Hagen i Fjaler og geitefjøsen til Gjøri Skjerdal frå Aurland. I tillegg presenterte Ivar Børge frå Seljeset erfaringane med satsing på biogass og eige gardsmeieri. Gjennom å ta i bruk eigne råvarer og utnytte ressursane på garden på nye måtar har dei arbeidd for å skape nye inntektsmoglegheiter og større grad av sjølvstende.

– Eg kan nesten ikkje gå på butikken utan at folk stoppar meg og spør korleis det går. Mange heiar, men eg merkar og at nokre er misunnelege.

Slik misunning må vi alle ta ansvar for å slutt på, oppmoda han.

Ivar Børge Seljeset på scena. Foto: Amalie Solem

Erfaringane viste at utvikling krev både pågangsmot, kapital, kompetanse og gode samarbeidspartnarar. Samstundes er det viktig å finne løysingar som passar den enkelte garden.

Lokal matkultur og bygdekveld med kino

Dagen vart avslutta med ein sofasamtale om norsk matkultur med mellom andre Kristoffer Hovland, kjøkkensjef ved Vianvang og opphavleg frå Fjaler. Seinare på kvelden inviterte arrangørane til sidersmaking med pommelier Kristine Skarbø frå Stranda og kinoframsyning med den nye, norske storfilmen «Markens grøde» 

Frå morgon til kveld fekk deltakarane servert lokalmat frå Sunnfjord. Først på tradisjonelt vis, med natronkaker, rømmegraut og spekemat, og deretter som ei smaksreise med råvarer frå bre til fjord på nyskapande måtar. Slik løfta konferansen også fram lokale råvarer, matkultur og verdiskapinga som ligg i å foredle og bruke ressursane frå eigen region.

Gjennom dagen serverte Smakslandet Sunnfjord og Strandakokken lokalmat frå regionen. Foto: Amalie Solem.

Eit landbruk med blikk for framtida

Landbrukskonferansen 2026 viste kor tett matproduksjon, beredskap, rekruttering og lokal verdiskaping heng saman.

Skal vi sikre matproduksjon og levande bygder i framtida, er vi avhengige av bønder som får moglegheit til å satse, utvikle og investere. Det positive no er at trenden er i ferd med å snu: Dei unge generasjonane ønskjer å ta over, engasjere seg og vere med på å forme næringa vidare.

Å bruke grasressursane til matproduksjon og matberedskap, sikre satsingane på nye fjøs, vise fram garden som ein stad for gründeskap og ny næring og arbeide for eit godt og levande fellesskap i bygdene våre var viktige bodskapar frå konferansen, som synleggjorde både utfordringane og moglegheitene som ligg framfor landbruket på Vestlandet.