Fredag 24. oktober besøkte Sunnfjord Utvikling Intin på Peak i Førde
Intin er ei teknologibedrift som blant anna jobbar med distribusjon, logistikk, prosjektleveransar og andre tenester innan smartteknologi. Bedrifta spesialiserer seg på smarthusteknologi og styringssystem, med mål om å gjere framtidsretta teknologi meir tilgjengelig. Bedrifta har over ti års erfaring og sju tilsette.
Under besøket møtte vi dagleg leiar Stine Bortheim, som tok over rolla i januar. Ho meiner det er kombinasjonen av lang erfaring, tillit og god service som gjer Intin unik. Intin jobbar tett med kundane sine og har ei klar rolle:
– Dei skal skinne, og så er vi motoren, seier ho med eit smil.
Og kundelista er imponerande. Intin leverer mellom anna til Forsvarsbygg, Tibber, Enivest, Elmera, Clas Ohlson og mange fleire. No går dei inn i den travlaste tida på året, med Black Week og jul rett rundt hjørnet.
Med kunstig intelligens høgt på dagsordenen er partnar- og marknadsansvarleg Bofei Li oppteken av å minne om kva som faktisk driv verksemda:
– Vi lever i ein tid prega av KI, men det er menneska som er viktigast. Vi har eit veldig godt team her, seier han.
Vi takkar Intin for eit kjekt og lærerikt besøk!
Vil du ha besøk?
Vi vil gjerne besøkje fleire bedrifter i regionen. Ingen er for små, og ingen er for store, så ta gjerne kontakt!


