Det blir meir enn julehandel på Sørsida 27. – 29. november. Vi fyller området med aktivitetar, gode smakar, musikk, hestar og nisse. Her er nokre av høgdepunkta du må få med deg!
1. Gå på skøyter!
Ja, du las riktig! I samarbeid med EF Maskin, Sunnfjord kommune og brannvesenet får vi på plass vår eiga skøytebane på Sørsida. Finn fram skøytene og ta deg ein runde eller femti på isen! Dette er ein perfekt aktivitet for store og små! Hugs hjelm!
2. Møt nissen!
Ingen julemarknad utan nissen! Han tek turen innom julemarknaden fleire gonger i løpet av helga, og vil meir enn gjerne helse på store og små. Kanskje han har noko godt i sekken? Hergjeld det å vere på utkikk!
3. Skriv brev til nissen!
Har du noko du ønsker deg til jul? Eller kanskje du har noko du vil fortelje nissen? På julemarknaden kan du skrive ditt eige brev og poste det i nissen sin eigen postkasse. Vi lovarå sende det heilt til Nordpolen!
4. Nisseverkstad hos Peak Sunnfjord
På nisseverkstaden kan små og store sleppe kreativiteten laus. Her kan du mellom anna måle på lys, perle julefigurar, male julekuler og lage julekort. Perfekt for deg som vil lage heimelaga julegåver.
5. Ta årets julefoto hos Vedvik Studio
Drøymer du om eit skikkeleg fint julebilete? Vedvik Studio inviterer til juleopplegg i eitnydeleg pynta studio. Her blir det julefoto, gløgg, saft og pepperkaker, og sjølvsagt moglegheit til å kjøpe bilete på print.
6. Få julestemning av fin musikk
Vi skal sjølvsagt synge jula inn! Førde Internasjonale Kor, Førde barnekor og Ragnhild Felde sørger for vakre tonar og ekte julestemning. Dette blir magisk!
7. Kos deg rundt bålpanna
Vi set ut fleire bålpanner rundt på marknadsområdet, slik at du kan finne varmen og nyte den gode julestemninga. Kjøp med deg noko godt å ete og drikke frå ein av matbodene, slå deg ned og berre kos deg.
8. Bli med på nissejakt
Vi har gøymt nissar i vindauga til butikkane langs Sørsida. Klarar du å finne alle? Tel nissane, lever svaret ditt og bli med i trekninga av fine premiar. Ein perfekt aktivitet for små, nysgjerrige julegranskarar!
9. Høyr på juleeventyr med biblioteket!
Bli med på ei koseleg eventyrstund! Biblioteket inviterer til høgtlesing rundt bålpanna. Her kan store og små lytte til ei fin historie rundt bålpanna mellom juletrea.
10. Finn roen med nisseyoga på Spenst!
Ta turen innom Spenst og bli med på gratis nisseyoga! Dette er ein perfekt aktivitet for både voksne og barn. Vi kan nesten garantere at spenningane slepp taket og julefreden senkar seg. I alle fall i dei 45 minutta yin-økta varer.
11. Grill marshmallows med speidarane
Speidarane fyrer opp bålpanna og inviterer til grilling av marshmallows. Her kan du lære deg ein knute eller to, mens du kosar deg rundt varmen. Speidarane deler meir enn gjerne av kunnskapen sin!
12. Ta ein ridetur!
Ingen julemarknad utan hest! Ein kjekk aktivitet for ungar som vil prøve seg på ein ridetur. Hestane er i skikkeleg julestemning og har pynta seg for julemarknad.
13. Opplev hest og kjerre!
Det blir også moglegheit til å oppleve hest og kjerre. Her får du kjenne på den gode, gammaldagse julestemninga. Kanskje årets kjekkaste julemarknadsminne for dei minste?
14. Besøk matbodene!
Ta turen innom matbodene og kjøp med deg nydeleg mat, ferske bollar med julevri, kaffi, kakao og mykje anna digg. Du vil garantert finne noko som freistar, uansett om du vil ha eingod lunsj, noko søtt eller noko varmt i koppen.
15. Besøk salsbodene
Julemarknaden er den perfekte staden å kome i gang med julehandelen. I salsbodene finn du lokalmat, tradisjonelt handverk, heimestrikk, brende mandlar, fotballkort og mykje anna spennande. Tenk å bli ferdig med julegåvene før desember. Her er det gode moglegheiter for det!


