Hoksrud fekk prøve seg bak lastebilrattet

Bård Hoksrud fekk ikkje berre høyre om utfordringane på E39 då han besøkte Førde førre torsdag. Han fekk også kjenne dei på kroppen.

Då Hoksrud landa på Bringeland, vart han møtt av Ørjan Stubhaug frå Sunnfjord Utvikling og Trond Nistad frå Nistad Transport. Nistad hadde ein litt annan plan enn å berre køyrestortingspolitikaren til Førde. Han utfordra nemleg Hoksrud til å setje seg bak rattet og køyrelastebilen sjølv.

Den utfordringa tok Hoksrud på strak arm.

Turen frå Bringeland til Førde sentrum gav stortingspolitikaren eit førstehandsinntrykk av vegstandarden mellom flyplassen og byen.

– Det er ikkje tvil om at vegen er dårleg, var konklusjonen.

Sunnfjord Utvikling stod bak planlegginga og gjennomføringa av besøket, der målet var å gi Hoksrud innblikk i viktige saker for kommunen og næringslivet i regionen.

Hoksrud, som leier transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, besøkte Sunnfjord torsdag 5. november. På agendaen stod særleg Hafstadfjelltunnelen og moglegheitene for datasenter på Moskog.

Stortingspolitikar Bård Hoksrud bak rattet, med Trond Nistad frå Nistad Transport som passasjer. Video: Ørjan Stubhaug.

Brei semje om Hafstadfjelltunnelen

Behovet for å få realisert Hafstadfjelltunnelen var eit sentralt tema under besøket. Sunnfjord kommune, Firda Billag og FINS presenterte kva prosjektet kan bety for regionen. Det er brei politisk semje om at tunnelen må byggjast så fort som råd.

Jenny Følling orienterte om planane for E39 Storehaugen–Førde og status i prosjektet. Ho understreka behovet for å få arbeidet vidare.

– Statens vegvesen må få ei konkret bestilling om å ta prosjektet vidare. Kostnadane aukardess lengre tid det går, understreka Følling.

For Firda Billag handlar tunnelen også om framtidig utvikling. Nils Huus presenterte plananefor ein ny bussterminal og ønsket om å flytte aktiviteten frå sentrum til Bruland. Her ser selskapet føre seg å nytte tunnelmassar til utbygginga.

– Våre planar for framtida er avhengige av om det blir tunnel eller ikkje. Vi kjem ikkje lenger før dette er avgjort, forklarte Huus.

Også FINS, ved Sindre Saue Årdal, peika på betydninga av betre infrastruktur for næringslivet. Han meiner tunnelen kan gi nye utviklingsmoglegheiter og gjere Førde til einmeir attraktiv stad å besøke og drive næring i.

– Det er mange som seier at Førde er ein by folk berre køyrer gjennom. Førde skal vere ein by folk køyrer til, sa han.

Ser store moglegheiter for datasenter

Datasenter på Moskog var det andre hovudtemaet under besøket. Sunnfjord kommune, Sunnfjord Næringspark, Sunnfjord Utvikling og Vestland fylkeskommune presenterte moglegheitene og utfordringane knytte til slike etableringar.

Jenny Følling understreka kor viktig det er med føreseielege rammevilkår dersom Sunnfjord skal kunne tiltrekkje seg nye etableringar.

– Vi ber om at de ikkje må gjere «panikkhandlingar» som får konsekvensar for gyteklare prosjekt, sa ho.

Ole John Østenstad frå Sunnfjord Næringspark orienterte om utviklingsplanane for området. Ørjan Stubhaug frå Sunnfjord Utvikling presenterte straumsituasjonen og kva som gjerregionen aktuell for datasenter.

– Næringslivet må få førsteretten til nettkapasitet der det er kraftoverskot. I tillegg kan vi lokke med ein «gullbillett for krafttilgang» til område som vil ha ny fornybar kraft, sa Stubhaug.

Oddmund Klakegg frå Vestland fylkeskommune løfta fram utfordringane med kraft og infrastruktur. Han peika mellom anna på manglande nettinvesteringar og at kraftoverskotikkje alltid kjem til nytte fordi kapasiteten i nettet er for låg.

Ørjan Stubhaug frå Sunnfjord Utvikling meiner regionen kan lokke med ein «gullbillett for krafttilgang». Foto: Marie Tefre Birkeland.

Tok med seg inntrykk tilbake til hovudstaden

Etter ein innhaldsrik ettermiddag var det Ørjan Stubhaug frå Sunnfjord Utvikling som køyrde Hoksrud tilbake til Bringeland. Denne gongen i ein heilt vanleg personbil.

På turen tilbake takka Hoksrud for ein svært god gjennomgang. Han gav tydeleg uttrykk for at han var nøgd med besøket, og tok med seg verdifull innsikt om både utfordringane og moglegheitene i Sunnfjord tilbake til hovudstaden.