Elevate 2026
På Elevate treff du næringslivet i Sunnfjord på ein uformell og gøyal måte. Les om dei spennande kursa, inspirerande foredraga og moroa du kan få med deg på årets festival.
På Elevate treff du næringslivet i Sunnfjord på ein uformell og gøyal måte. Les om dei spennande kursa, inspirerande foredraga og moroa du kan få med deg på årets festival.
Velkomen til frukost og foredrag på Elvesus! ☕🥐 Vi startar morgonen med frukost og kaffi før vi får eit aktuelt og spennande foredrag om «Exit-strategi og skytjenester i Europa». Det blir snakka stadig meir om behovet for ein exit-strategi frå dei store internasjonale skyleverandørane. Men kva alternativ finst eigentleg? Og kva bør vi gjere NO? […]
Korleis kan du ta i bruk KI på ein konkret og effektiv måte i arbeidskvardagen? På Elvesus 4. juni held Anders Solstad ein praktisk workshop der du lærer å bygge din eigen KI-assistent – tilpassa dine behov og oppgåver. Du får innsikt, verktøy og erfaring som gjer deg betre rusta til å jobbe smartare og […]
Når teknologien går raskare enn organisasjonen, aukar risikoen. Etter workshopen med Anders Solstad tek Lars Ivar Kittelsaa deg vidare inn i den andre sida av KI – der sikkerheit, beredskap og ansvar står i sentrum. Med eit strategisk blikk får du konkrete perspektiv på kva som må vere på plass for å ta i bruk […]
Dette arrangementet er ein uformell møteplass for deg som ønskjer å lære meir om styrearbeid –og for verksemder som er på jakt etter aktuell styrekompetanse. Gjennom fagleg innhald og eit erfarent panel får du innsikt i kva styrearbeid faktisk inneber i praksis. I tillegg legg vi til rette for strukturert matching og nettverksbygging, slik at […]
Det er ingen hemmelegheit at det kan vere utfordrande å få tak i dei rette folka. Konkurransen er hard, og her vi bur må bedriftene kanskje kjempe ekstra for å få tak i dei beste kandidatane. Samtidig aukar risikoen for feiltilsetjing, spesielt når geografien gjer rekruttering krevjande. På dette arrangementet forklarar Visere korleis du […]
Korleis samarbeider du best med andre? Kva skjer når ulike perspektiv, kulturar og arbeidsstilar møtast? Bli med på ein engasjerande workshop med Norec for å lære meir om nettopp dette. I workshopen vil du få ei kort innføring i kva Norec jobbar med, men først og fremst høve til å bli kjent med din eigen […]
Det er alltid kjekt å treffe folk som jobbar innan samme fagfelt som deg sjølv for å diskutere, inspirere og nerde litt på dei samme tinga. Dette er ein uformell møteplass der vi kan treffe kvarandre og prate om stort og smått, medan vi fyller magen med ein god lunsj. Her er det ikkje noko […]
Kvifor vi treng å bli sett som heile menneske på jobb. I dette føredraget snakkar Kari Eldal frå Høgskulen på Vestlandet om korleis prestasjonskultur, forventingar frå arbeidslivet, dei rundt oss og oss sjølve kan bli for mykje, og kva det gjer med psykisk helse og trivsel på jobb. Med utgangspunkt i forsking på psykisk helsevern […]
Bli med på Gatefest for alle med Sunnfjord U40!Vi tar turen til Erketunet ved Elvekanten i Førde for å avslutte Elevate 2026. Her blir det DJ & Pizza (NB: må kjøpe billettypen med Pizza inkludert) ID: 18 Vi gledar oss til ein kjekk kveld!